Brev til «Morfin-Mona» frå tidlegare tilsette

Denne teksten er ei novelle og meint som underhaldning. Alle personar og hendingar er fiktive.

Til «sjukepleiar» Mona [x] [etternamn og adresse utelaten]

Hallaisen, Mona! Du vil sikkert ikkje tru det, men vi er ei gruppe tidlegare tilsette ved [x] sjukeheim som sender dette brevet til deg i all faenskap. Eit liknande brev er sendt til Merete, di tidlegare «sleikjepus».

Jepp, det stemmer. Vi veit kor du bur. Heilt ned til gateadressa. Kan hende står ein av oss nede i vegkanten og ser på deg med kikkert medan du les dette brevet med dine små griseauge.

Vi veit at du er ei mordarkvinne, faktisk den verste i heile historia til den norske helsesektoren. Vi prøvde å seie ifrå til leiaren på korttidsavdelinga, men ho trudde oss diverre ikkje. Vi hadde jo ikkje so lang ansiennitet eller renommé som du hadde. Du har i over 30 år sleppt unna med overlagt drap på det som må vere den vakraste sjukeheimen i Bergen. De har iallfall den vakraste utsikta. Det har nok gått mange solbada kveldar der du og pulekompisen din Merete har gått rundt og avliva pasientar på dykkar «mordrundar».

No er spelet snart over. Vi veit kva som skjedde med Merete, og din ustabile, engstelege sjef er i ferd med å ta innover seg kva som har skjedd på sjukeheimen i alle år. Skjeletta er i ferd med å ramle ut av skapet, og det er litt av ein haug – for å seie det mildt. Det kjem til å bli overskrifter i alt av media. Sjølv hovudstraumsmedia kan ikkje unngå å skrive om slik ei sensasjonell sak. Dette overgår Landås-saka med fleire tusen prosent – bortsett frå det faktum at du, i motsetnad til den stakkars hjelpepleiaren – er 100% skuldig.

Vi snakkar 21 år om du er heldig. Helst burde du ha fått livsvarig forvaring. Du er ein fare for pasientane, og slike som deg burde aldri ha fått lov til å jobbe som sjukepleiar. Sjølv pleieassistent hadde vore å gamble med livet og helsa til våre sårbare i samfunnet.

Jungeltelegrafen har fortalt oss at mannen din Arve no sit inne og sonar 45 dagar for å ha køyrt i nesten 140 kilometer i timen i buss. Han sette liva til sine medpassasjerar i fare, og dommen var etter vårt syn altfor mild. Du kjem derimot til å sitje langt meir enn 45 dagar i fengsel. Rettssaka kjem til å bli offentleg kringkasta, og du vil bli dregen gjennom driten til du ikkje orkar meir. Dette kjem til å bli ditt livs prøvelse, og vi unner deg djupt kvart eit sekund liding og pinsle. Det stygge trynet ditt kjem til å liggje som fast innslag på avisframsider, akkurat som Breiviken i si tid. Alle kjem til å vete kven du er. Du vil aldri meir få fred.

Når det gjeld dottera di Cecilie i Norheimsund, sonen din Asgeir i Haugesund, og eldstedottera di Henriette i Førde (stakkars kvinne som bur der!), vil dei få sitt livs sjokk. Å få høyre at di eiga mor har myrda fleire tusen pasientar, langt fleire enn sjølvaste Arnfinn Nesset, kjem til å sende dei i kjellaren. Dei kan aldri meir gå med heva hovud. Barnevernet, med «Kristin og Silje» i spissen, kjem nok til å dukke opp med væpna politi og ta ifrå dei ungane so heile nabolaget ser det. Det kjem til å bli stygt, men dette kjem vi til å stå og gapskratte av.

No er du heilt åleine i verda etter at Merete fekk sparken. Kanskje vil du bli offer for ei særs stygg bilulykke. Vi veit at de har to bilar; ein elektrisk bil med reg.nr. [x] av merke og modell [x], i tillegg til ein dieselbil med reg.nr. [x] av merke og modell [x]. Vi har fått tilgang til turnusen din på [x] sjukeheim, so vi veit nøyaktig når du jobbar. Vi veit òg når bussen går forbi i gata di dersom du vel å ta bussen.

Kanskje får du eit skot i beinet på veg til eller frå arbeid. Vi ønskjer ikkje å drepe deg. Kanskje berre gjere deg til rullestolbrukar. Du burde nok skifte batteri i røykvarslarane i leilegheita di òg. Berre sånn i tilfelle det på mystisk vis skulle byrje å brenne midt på svarte natta, når du har jobba seinvakt og skal på tidlegvakt.

Og dersom du tenkjer å gå til politiet og melde oss for trugslar, hugs at vi har ei ganske stor mappe på deg, som vi med glede sender til Vest politidistrikt.

Vêret er fint og sola skin. Vi har mistanke om at du ikkje nyt sola særleg. Slike som deg toler ikkje for mykje dagslys.

Alt ein gjer i livet får konsekvensar på eitt eller anna tidspunkt. Karma er ikkje berre ein teori frå alternative krinsar, det er eit universelt faktum. Det ein deler ut til verda, får ein tilbake tre gonger. Dette gjeld både gode og vonde handlingar. Du har litt av kvart i vente framover, i denne din mest interessante periode i livet.

Ei helsing frå alle «dine»:

Høgst mogleg UFRED over ditt minne!

Kommenter innlegget