Biden sin demens blir berre verre og verre: Hjelparane slit med å få han til å framstå som normal

S.D. Wells skriv følgjande for Natural News:

«Får eg lov til å stille spørsmål?» «Kva veg går eg?» «Kor er vi?» «Kva år er dette?» «Kven sit ved sida av meg i dette intervjuet igjen?» «Kva var namnet på visepresidenten igjen?» «Kor er Jill for å hjelpe meg med dette?» «Er det nokon der?» (seier han til sin eigen øyreplugg medan han ventar på at hjelparane hans skal gje han enkel rettleiing). Dette er spørsmåla som de ser og høyrer Resident Biden stille kvar gong han er i intervju med nokon eller gjer seg ferdig med å lese frå ein teleprompter ved podiet. [Resident tydar «bebuar», og er eit ordspel på President; oms.komm.]

Han som visstnok er leiar av den frie verda lid frå tidleg til mellomstadie-demens, men sidan han berre er ein marionett likevel, der Obama og globalistane trekkjer i trådane, bryr ikkje venstresida seg i det heile. «Kven som helst andre enn Trump», seier dei, men kor lenge? Det er det verkelege spørsmålet.

Aldri i historia til USA har ein president vore meir fortapt, dement, pervertert eller forvirra enn Dark Brandon

[«Dark Brandon» er eit kallenamn på Biden, etter episoden «Let’s Go Brandon» i 2021; oms.komm.]

Den som snublar konstant i ord, trapper og tankar, er Dark Brandon, fyren som visstnok fekk 80 millionar stemmer under presidentvalet for berre tre år sidan. Dette er den same senile gamlingen som fortel falske historier om innsatsen sin i Borgarrettsrørsla, at sonen hans døydde i ein krig, og hans lenge prominente historie om å vere professor ved fleire colleges (han var aldri professor ved eit einaste). Dette er mannen som ikkje får lov av hjelparane sine til å snakke utanfor manus, fordi han forkludrar det kvar gong, noko som berre legg til fleire ting i lista av patetiske tabbar.

Dark Brandon er so dement og pervertert at han gløymer at verda ser på når han eglar seg inn på alle førtenåringsjentene og babyane for å lukte på håret deira, kysse ansikta deira og ta på kroppane deira (medan dei alle trekkjer seg unna i skrekk).

Det blir kalla Operation Bubble Wrap [«Operasjon Bobleplast»], sidan kona hans Jill og tallause tilsette i Det kvite huset vernar han frå å snakke med media utanfor manus, og halde han i ei beskytta boble der dei kan avgrense feila, løgnene og dei flaue augneblinka hans. Den demens-råka, robot-liknande Biden går stivt, snur seg som eit maskineri, held armane og hendene som ei dokke og snakkar snøvlete og slørete setningar som ingen kan forstå. Hjelparane hans bruker forkorta trapper, lommelykter og verbale åtvaringar for å leie og spore han tilbake til å sjå ut, oppføre seg og snakke «normalt» so godt dei klarer. Det er ein enorm, orkestrert innsats heile dagen, kvar dag.

Fjerning, erstatning eller framhaldande audmjuking? Kva er neste steg for å adressere Bidens djupe demenstilstand?

Dark Brandon dukkar ned i djupe, mørke tilstandar av raserianfall, spesielt når ein journalist spør han om hans dophovud-son Hunter, eller om hans særs reduserte sinnstilstand. Det er vanskeleg å tru at Demokratane og globalistane ikkje kan finne nokon som er betre skikka til jobben, eller kanskje dei rett og slett ikkje vil ha nokon. Trass alt er det vanskeleg å gløyme George W. Bush, som heldt talar om Evil Do’ers etter 11.september. Han var òg ei brikke som rett og slett gjorde som han fekk beskjed om, las manus og naut showet.

Uheldigvis kan ingen gløyme eller «u-høyre» Biden sin forkludra versjon av Uavhengigheitserklæringa, der han sa under talen sin i Texas (Demokratar kallar det eit rally), og dette er eit direkte sitat: «We hold these truths to be slelf-levident» [Eigentleg: We hold these truths to be self-evident, «Vi reknar desse sanningane som sjølvinnlysande»]. «All men and women are created, by the, go, you know, you know, the thing

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

2 comments

Kommenter innlegget