Kreften til Kate Middleton er ein psy-op for å normalisere turbokreft som avfolkingsvåpen

Om vi skal tru Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice, so er Kate Middelton sin kreft ein psykologisk operasjon (psy-op) for å normalisere turbokreft, ein tilstand som visstnok har oppstått som direkte konsekvens av mRNA-injeksjonane. Massane skal manipulerast til å tru at turbokreft er noko som alltid har eksistert, som kven som helst kan få, og som har absolutt ingenting å gjere med «vaksinane». Det at kongelege står fram med kreft, er eit listig våpen brukt av globalist-eliten – for kan det skje med kongelege, kan det skje med alle.

Dmitry skriv:

«Medan hovudstraumsmedia har fått ordre frå eliten om å gå opp eit hakk i agendaen om å villeie folket og normalisere kreft i alle sine former i det dei katastrofale konsekvensane av covid-vaksinen utspeler seg, behandlar eliten Middelton-sagaen som eit Kabuki-teaterstykke, og gjer narr av oss ved å pøse ut stadig meir latterlege forfalska bilete og videoar.

Der er berre eitt problem for eliten og deira psy-op om å traumatisere og manipulere massane til lydigheit. Folket er i ferd med å vakne opp til spela deira og vi har alle bevisa vi treng for å bevise at når ein snakkar om den globale eliten, er ingenting som det ser ut og alt er ei løgn. […]

(Sjå òg «Har Kate Middleton blitt ofra og erstatta med ein dobbeltgjengar?», publisert 23.mars 2024.)

Korleis valde dei å følgje opp denne serien av skamlause løgner, blant truverdige påstandar om at Kate Middleton har lidd same lagnaden som den siste prinsessa av Wales… altso død via rituell ofring?

Kongefamilien har valt å dekkje over spora sine og bevise at Kate Middleton er i live ved å offentleggjere ein frykteleg KI-video som absolutt ingen ved sine fulle fem trur er ekte.

Der er tallause teikn som beviser at videoen er nok ein falsk medieproduksjon frå kongefamilien, som i desperasjon prøver å dekkje over sanninga om Middleton.

Følg med på bakgrunnen i videoen – ingenting bevegar på seg. Ikkje eit einaste blad, lauv eller grasstrå.

Etter morsdagsvideoen som framkalla ekstrem skepsis, og den openbert falske videoen av Kate som er på handletur med William, undersøkte ein videoen der ho seier ho har fått kreft gjennom to ulike programvarer som fangar opp om noko er laga med KI.

Absolutt ingen med eit nysgjerrig sinn vart overraska då videoen vart bekrefta å vere KI.

Det viser seg at fuglesongen i bakgrunnen er det same om og om igjen. Naturen rører ikkje på seg. Benken som ho sit på ser ut til å vere klarare enn ho sjølv er. Og den nydelege vårdagen ser ikkje ut som England i det heile, som framleis er ganske kaldt i mars i år.

Der er òg ein feil i stemma hennar mot slutten av videoen då ho seier ordet «privacy».

Feilen antydar at videoen òg kan vere ein deepfake, fordi noko ikkje stemmer med kvar einaste vesle detalj, inkludert det at ringen på venstrehanda på eit tidspunkt i videoen forsvinn. [Det kan diskuterast om ringen faktisk «forsvinn», eller om det berre er lyset som får det til å verke slik; oms.komm.]

Lista av avvik held berre fram, og er for lang for oss [The People’s Voice] å dekkje i denne videoen.

Ein sju år gammal video der Kate har på seg nøyaktig dei same kleda og har nøyaktig same hårfrisyre, har blitt funnen på nettet og det er tydeleg at denne vart brukt som grunnlag når KI-videoen om kreftdiagnosen skulle lagast.

Der tok vi dykk. […]

Dette framkallar to spørsmål: kva er det eigentleg som skjer her, og kva prøver eliten å oppnå?

Ifølgje prinsesse Diana si bestevenninne Christine Fitzgerald, er den sokalla bomba av ein kreftvideoen i realiteten ein KI-kreasjon som består av gamle videoar av Kate, laga for å lure massane til å akseptere den forskrudde forteljinga til eliten.

Eigentleg, ifølgje Fitzgerald, vart Kate Middleton myrda i ei Illuminati-blodofring for å tilfredsstille trongen eliten har til å ofre blod til Dyret. KI-videoar som kreft-videoen og dobbeltgjengarar til å vise fram i offentlegheita, vil bli brukt i framtida til å manipulere og gjere narr av folket endå meir. […]

Fitzgerald trur òg at ritualdrapet på Kate Middleton har vore ei open hemmelegheit i elitesirklar i årevis, sidan førebuingar var undervegs som del av besettelsen den globale eliten har med teikn og symbol. […]

So kva prøver eliten å oppnå med denne demoniske såpeoperaen?

Det er ikkje tilfeldig at KI-Kate Middleton fekk ei sjeldan form for kreft å presentere til verda. Eliten er desperate etter å normalisere fenomenet turbokreft, sidan konsekvensane av mRNA-utrullinga no tek igjen dei vaksinerte massane.

Turbokreft er venta å krevje fleire hundre millionar, om ikkje milliardar, menneskeliv dei neste åra, ifølgje nokon på innsida av Pfizer som åtvarar at alle som er vaksinerte med mRNA, er ei vandrande, snakkande, tidsinnstilt bombe som ventar på å eksplodere.

Kreftratar går i vêret rundt om i verda, og hovudstraumsmedia har blitt hyra til å overtyde folk om at dette er normalt, akkurat i tide for at Pfizer sin komande mRNA-kreftvaksine skal bli prakka på massane.

Dei sjuke og forskrudde skrømta som er ansvarlege for den massive auken av turbokreft, er no i gang med å hauste massive økonomiske gevinstar ved å tvinge verda til å bli vaksinert mot det problemet som dei forårsaka i fyrste omgang.»

Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Lesaren blir oppfordra til å gjere sine eigne undersøkingar om turbokreft, mRNA-«vaksinar» og Kate Middleton-videoane og -bileta.

Kommenter innlegget