NHO- og LO-advokatar deltok i satanisk sexorgie etter rettssak!

Ein kvartett av advokatar, der to kom frå NHO og to frå LO, valde etter ei rettssak i Bergen å feire på ein temmeleg so obskøn måte: Dei fire mennene valde like so godt å delta i ein satanisk sexorgie på utestaden Bar Barista i sentrum. Utestaden er kjent for å vere møtestad for det lokale BDSM-miljøet i byen, men denne gongen fann det ifølgje augevitne stad noko langt meir moralsk forderva.

«Keisar Caligula kunne ikkje ha gjort det betre,» seier ei av dei kvinnelege servitørane om treffet. «Det er noko av det kvalmaste og sjukaste eg har sett i mitt liv.»

Dagleg leiar ved utestaden seier at dette på ingen måte er representativt for utestaden:

«Det som skjedde var rett og slett ein administrativ glepp. Vi trudde det berre skulle bli litt pisking, binding og klapsing på nakne rumper. Vi visste ikkje kven vi lét halde dette arrangementet, som naturlegvis var privat og stengt for uvedkomande. Eg kjem ikkje til å gløyme det som fann stad den kvelden om eg so blir 100 år gammal. Dette viser dei mørkaste, mest forskrudde sidene av menneskesinnet.»

Det var tilsette ved utestaden som valde å gå til dagleg leiar og fortelje om arrangementet. Dagleg leiar forlét utestaden i 23-tida, medan tre tilsette var igjen der heilt til arrangementet slutta klokka 02:30.

«Vi måtte bruke resten av natta til å vaske blod, oppkast og store mengder sæd og avføring frå golv, vegger og tak,» seier ein annan tilsett. «Og då vi skulle gjere opp kassen, oppdaga vi til vår store skrekk at eit geite-auge hadde hamna innunder bardisken. Tenk om det auget berre hadde fått liggje der og rotne. Det hadde stinka noko inni helvete!»

I tillegg til dei fire advokatane deltok fleire prominente toppsjefar frå ymse store konsern på orgien. Det var minst 200 menneske til stade – so vel som 50 dyr. Alle kvinnene var so godt som nakne, men alle hadde masker på fjesa for å skjule identiteten sin. Likevel visste dei tilsette godt kven som var til stade. Då dagleg leiar fekk vete identiteten til dei fire advokatane, valde ho å kontakte media.

«Det finst etter mitt syn to typar advokatar,» seier dagleg leiar. «Dei som jobbar for profitt, og dei som jobbar for å ivareta medlemmer av fagforeiningar. Eg trudde LO, med Fagforbundet under seg, hadde reint mjøl i posen. No burde faktisk medlemmer av Fagforbundet revurdere medlemskapet sitt, meiner no eg.»

Det gjekk ikkje lange tida før informasjonssjefen i LO kom med eit tilsvar.

«Det medfører riktigheit at to av advokatane våre valde å delta i eit arrangement på ein utestad i Bergen sentrum saman med to andre advokatar. Då dette vart kjent for avdelingsleiaren deira, vart dei innkalla til samtale. Der vart det gjeve klart uttrykk for at dette var uakseptabelt og ikkje i tråd med verdistandpunktet til LO. Eg er faktisk skjemd som ei bikkje over dette, og vil på vegner av LO beklage djupt til det norske folket.»

Områdedirektør for kommunikasjon i NHO legg seg like langflat:

«Dette er etter vår vurdering ikkje greitt, og i strid med NHO sitt verdisyn. Det har blitt teke opp med dei involverte hjå oss, og dei har fått tydeleg tilbakemelding.»

På spørsmål om det hadde vore kommunikasjon mellom NHO og LO om den sataniske sexorgien, svarte områdedirektøren:

«Ja, vi har hatt kontakt. Utover dette ser vi på dette som ei personalsak, og har ingen fleire kommentarar.»

Deretter måtte områdedirektøren avbryte intervjuet, sidan vedkomande berre ved å tenkje på kva som hadde skjedd under orgien måtte ut på dass og spy.

Ein av advokatane skriv i ein SMS til media:

«Eg kan bekrefte at eg deltok i eit ofringsritual—eg meiner ‘arrangement’ på ein utestad i Bergen sentrum. Dette fann stad etter jobb, ved midnatt, og det gjekk med andre ord føre seg i privat regi i fritida mi. Eg var på ingen måte representant for arbeidsgjevar (og takk fanden for det!). Utover dette har eg ingen kommentarar.»

Informasjonssjefen i LO har kjennskap til kva som skjedde under orgien, men seier til media at dette ikkje er vesentleg for korleis dei handterte denne saka. Deretter måtte han òg avbryte intervjuet for å søkje tilflukt på naborommet og gråte i fosterstilling.

Saksyndig meiner det er djupt urovekkjande at fagforeiningsadvokatar deltek i sataniske sexorgiar, men vel å late tvilen kome dei tiltala til gode. Det skjedde jo i det minste ikkje i arbeidstida.

Denne humorartikkelen er basert på iNyheter si sak om fire advokatar frå nettopp NHO og LO som fór på strippeklubb etter ei rettssak.

Kommenter innlegget