Støre vil avgrense import og produksjon av poteter: «Nordmenn er for feite!»

Den på ingen måte folkevalde maktklikken som kallar seg Støre-regjeringa har for éin gongs skuld drege tryna ut av kvarandre sine skritt og teke ein titt på situasjonen i Noreg. Mange nordmenn er so feite at dei trillar, og diabetes er blitt so vanleg at ein kan snakke om ein epidemi. Berre spør Big Pharma-produsentar som lagar insulin og «slankesprøyter».

Etter å ha konferert med kjøpte og betalte ekspertar, dei fleste av dei uerfarne ungjenter med ein halv bachelor på CV-en, har Støre og hans medsamansvorne kome fram til kvifor nordmenn flest har vom som ei høggravid dame: Folk et for mykje poteter!

Det er eit gammalt ordtak som seier at poteta kan brukast til alt. No er det på høg tid å roe ned denne veldige bruken, for dersom norske menn og kvinner blir tyngre no, so lyt alle parkeringshus i landet forsterkast. Det har vi ikkje råd til, for det er langt viktigare å overbetale unyttige byråkratar og andre menneskeliknande skapningar som sit i tullejobbar og lagar faenskap.

Eit lovforslag har i all hast blitt sendt ut til høyring – naturlegvis midt i påskeferien – og svarfristen var på ganske nøyaktig 32 minutt. Dette fann stad natt til 1.påskedag, då folk flest drakk seg dritings, kom i klammeri med politiet og fylde opp fyllearrestar frå Nordkapp i nord til Lindesnes i sør. I Førde var det so mykje fyll at politiet i samband med Heimevernet rekvirerte låven til ein bonde på Ulltang for å huse dei kranglevorne drukkenboltane.

Frå og med 2.april 2024 blir norske poteter ilagt ein sokalla potetskatt. Dette fører til at prisen på poteter frå og med 9.april vil gå opp med cirka 335%. Samstundes vart eit anna lovforslag sendt ut til høyring natt til påskeaftan, igjen ein formidabel fylledag der folk bælma i seg øl, vin og sprit og gaula og brølte so det ljoma i fjellheimen. Lovforslaget, som vart vedteke so fort at ein av stortingsrepresentantane snubla og datt på ræv, inneber at tollen på importerte poteter skal aukast med 1800% frå og med 9.april. Frå og med same dato blir altso poteter langt dyrare i Noreg.

Som fyrsteamanuensis Ivar Gaasland ved Institutt for samfunnsøkonomi på BI seier: «Når importkostnadene [mangedobler] seg, gir det også stort rom for å øke prisen på norske poteter.» Dette rapporterer Document. Det er for Saksyndig-redaksjonen uvisst om den gjengen et eller likar poteter, men det burde vere like dårlege nyheiter for dei som for alle andre potetelskande nissar, dvergar og brunbeisa konspirasjonsteoretikarar.

Butikksjefar med store magar over heile landet, som gjerne likar å gafle i seg råsteikte poteter med fiskepinnar og mykje hamburgardressing når dei omsider kjem heim frå arbeid midt på svarte natta, er djupt bekymra over dette lovforslaget. Hadde det ikkje vore for oss i alternative media sin utrøyttelege kamp for å eksponere den ubehagelege sanninga, hadde nyheita gått dei alle hus forbi. Ein av dei ser føre seg at potetsituasjonen fort kan eskalere.

«Du tek ikkje frå menneske den kjæraste matvara dei har, nest etter kvarandre,» seier ein butikksjef som opphavleg vart fødd på Haiti. Saksyndig vel å ikkje overtolke det han seier.

90% av poteter som blir selt av butikksjefar (og deira digre magar) er norskproduserte. Medan kiloprisen no ligg på rundt 30-40 kroner alt etter kva land potetene kjem frå, ser enkelte føre seg at prisen kan stige til so mykje som 500-600 kroner. Då vil berre dei aller, aller rikaste blant oss kunne nyte råsteikte poteter med fiskepinnar og mykje hamburgardressing ein sein nattetime etter 15 timar arbeid på butikken.

Slik kan vi naturlegvis ikkje ha det, og bønder over heile landet førebur i skrivande stund demonstrasjonar. Som ein bonde uttalar til Saksyndig:

«Før var den største skrekken til ein bonde potet-pest. Den trugselen vi no står overfor er mykje verre, og difor arrangerer vi alle ein potet-protest

Han åtvarar at det kan finne stad dumping av potetskrell på offentlege bygningar, og oppmodar alle maktpersonar om å gå i ein billegare dress i tida framover. Det kan fort bli dumpa verre og meir illeluktande ting.

Kommenter innlegget