Vestlandsbygd ventar rekordmange fisande veganarjenter – kritisk til store utslepp

Kommunen Volda i Møre og Romsdal er mest kjent for høgskulen, der alt frå journalistar til sjukepleiarar blir utdanna pragmatisk og effektivt på samleband. 95% av alle høgskuleutdanna har blitt utdanna i Volda. No er ordføraren, rådmannen og kommunestyret derimot djupt bekymra for ein heilt konkret trugsel som trugar med å kvele bygda:

I 2024 vil det kome rekordmange veganarjenter dit for å studere journalistikk og sjukepleie. Den politiske leiinga i Volda er med rette kritiske til dei store utsleppa desse jentene genererer.

«Dei gumlar grønsaker dagen lang, og fis like mykje som kyr på beite,» seier rådmannen med fortviling i røysta til Saksyndig. «Det verkar som om regjeringa ikkje har tenkt lenger enn sin eigen nasetipp når dei opnar opp for slik ein invasjon av flatulente, indoktrinerte nikkedokker.»

Ordføraren er like skeptisk til denne enorme tilstrøyminga:

«Når alle desse stinkbombene vandrar rundt i våre få gater og prompar og fjertar so vi får tårer i auga, kva kan det gjere med den lokale atmosfæren på staden? Vi kan risikere å måtte innføre portforbod for å beskytte helsa til innbyggjarane!»

Journalistikk og sjukepleie er to studieretningar som er noko inni helvete populære blant hjernevaska ungjenter, seier rektor ved Høgskulen i Volda, som her ønskjer å vere anonym (!). Personen seier på gråten med skjelvande stemme:  

«Før 2010-talet, då denne farsotta blant lettpåverkelege og lettlurte jenter byrja, so var det ikkje eit problem at ein populær høgskule var plassert temmeleg på måfå i ei lita vestlandsbygd omringa av bratte fjell. Då var ikkje utsleppa eit like stort problem som det er no. I 2024 kan ein knapt gå ti meter langs ei jentemyldrande gate utan å få ein lett, leiken ‘prompeti-promp’ slengt i trynet som ei skitbleie. Sist eg var nede i sentrum måtte eg faktisk halde pusten då eg skulle inn på den lokale kafeen og hente ei marsipankake som eg hadde bestilt til 90-årsdagen til bestemora mi. Der inne stod kafémedarbeidaren med gassmaske. Der sat studentjenter og skravla og feis rundt kvart eit bord. Tåka låg tjukk i lokalet, det gjekk nesten ikkje an å sjå frå eine enden til den andre.»

Rektor er særs tydeleg på kva vedkomande meiner er årsaka til denne invasjonen av fisejenter:

«Dette problemet er 101% politikarskapt. Her får jenter inn med morsmjølka (som dei ikkje vil ha fordi den er animalsk!) at det å ete vegansk stoppar global oppvarming og er bra for klimaet og miljøet. Det er berre tull! Det er å tilskrive eit fenomen ei årsak som manglar rot i det verkelege livet.»

Ei mogleg løysing kan vere å lokalisere veganarjentene utanfor bygda, til dømes i storkommunen Volda sitt vesle «anneks» Hornindal, som fram til 2020 var ein eigen kommune som låg i dåverande Sogn og Fjordane fylke. Å transportere jentene dei vel 35 kilometrane frå Hornindal til høgskulen vil derimot by på utfordringar sidan det ikkje går bussar der oppe.

«Vi har ikkje bybuss, for vi er jo ikkje ein by!» gneldrar ein talsperson for det lokale busselskapet. «Kanskje kan den politiske leiinga sponse jentene med bilar, slik at dei kjem seg frå A til Å for eiga maskin.»

Det er berre eitt problem med dette forslaget: Veganarjentene nektar å setje sine konstant fisande ræver i ein drivstoffbil, dei vil berre køyre «grønt». Å ha el-bil på ein stad som Volda blir rekna som logistisk umogleg, som ein uvanleg velkledd representant for Tesla seier til Saksyndig:

«Når næraste ladestasjon er i Ålesund [70 kilometer og ein ferjetur unna], og det er forbode å lade el-bilar i vanleg stikkontakt, og det kostar fleire titals tusen å installere ein ladestasjon til private bustader, seier det seg sjølv at el-bilar ikkje er levedyktige på ein stad som Volda. Den politiske leiinga får sponse dei med el-syklar. Å sykle er jo sunt, skal det seiast.»

Her møter vi på nok eit problem: Sykkeltjuvar. Dei finst på kvart eit nes i det tidlegare demokratiet Noreg, og dei stel sykkelen din på fem sekund medan du står med ryggen til og fis. Ein eigar av ein sykkelbutikk i Volda vurderer no å leggje inn årene etter 35 trufaste, hardtarbeidande år:

«Kva er vitsen med å selje syklar til kundar om dei blir stolne omtrent før dei er ute av butikken? Nei, her lyt den politiske leiinga tenkje utanfor boksen. Innfør restriksjonar på kor mykje kaninmat desse jentene får gafle i seg, so nøkkar vi problemet opp med rota!»

«Få heile pakket på fyrste buss ut herifrå!» kjem det brått frå ein tilårskomen kunde. «Dei høyrer ikkje heime her! Vi var her fyrst!»

Saksyndig har valt å ikkje følgje tråden vidare herifrå. Dette rører ved menneskerettar og mellom anna retten til å trykkje i trynet kva faen ein vil. Det handlar her om kroppsleg autonomi, som vi her i redaksjonen er flammande forsvararar av. Innbyggjarane i Volda må rett og slett svelgje ein del grønnsakskamelar i dette tilfellet. Og jentene forsvinn jo som dogg for sola so fort dei er ferdig utdanna, gjerne til næraste by (med unntak av Førde, naturlegvis!). Dessutan finst det dyre, patentbeskytta legemiddel frå allmektige Big Pharma som effektivt førebyggjer danninga av tarmgass.

Det finst verre ting enn fisande jenter. Vi veit berre ikkje heilt kva.

Kommenter innlegget