Amerikansk kongressmann vil visstnok ha «Hiroshima- og Nagasaki-løysing» i Gaza og Ukraina

Russia Today (RT) rapporterer:

Michigan-kongressmann Tim Walberg trur Washington ikkje burde kaste vekk pengar på humanitær bistand for sivile i Gaza eller Ukraina, og i staden fokusere på å støtte Israel og Kiev sin krigsinnsats, for å oppnå «raske» sigrar.

Walberg kom med kommentarane sine under eit møte med medlemmer av folket i Dundee, Michigan, førre veke [veke 12]. I ein video lagt ut på sosiale media 25.mars, kritiserte den republikanske kongressmannen politikken til president Joe Biden, og sa til eit lite publikum at USA heller burde bruke Gaza-bistandspengar på å støtte Israel, som han kalla Washington sin «udiskutabelt største allierte, kor som helst i verda».

«Vi burde ikkje bruke eit raudt øre på humanitær bistand. Det burde vere slik som Nagasaki og Hiroshima. Få det overstått raskt,» kunne ein høyre Walberg seie.

«Det same burde skje i Ukraina. Slå Putin raskt. I staden for at 80% i Ukraina blir brukt på humanitære føremål, burde det bli brukt 80-100% på å utslette russiske styrkar,» la han til.

Etter at ytringane hans gjekk viralt, hevda Walberg at orda hans vart feilrapporterte og feiltolka, og argumenterte at han berre snakka metaforisk og at han ikkje er forkjempar for den faktiske bruken av atomvåpen.

«I eit forkorta klipp brukte eg ein metafor for å avdekkje trongen for at både Israel og Ukraina vinn krigane sine so raskt som mogleg, utan å setje amerikanske soldatar i fare,» sa Walberg i ei melding lagt ut på X (tidlegare Twitter) på sundag [31.mars 2024].

«Bruken av denne metaforen, saman med fjerning av konteksten, forvrengde bodskapen min, men eg står heilt for desse synspunkta og står saman med våre allierte,» la han til, og argumenterte at dess raskare desse konfliktane tek slutt, dess «færre uskuldige liv vil hamne i krysselden».

Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Her er ei omsetjing av det Walberg skreiv i nemnde X-innlegg:

«Som eit barn som voks opp i Den kalde krigen-æraen, er bruken av atomvåpen det aller siste eg ville ha vore forkjempar for. I eit forkorta klipp brukte eg ein metafor for å avdekkje trongen for at både Israel og Ukraina vinn krigane sine so raskt som mogleg, utan å setje amerikanske soldatar i fare. Resonnementet mitt var det nøyaktig motsette av det som blir rapportert: dess raskare desse krigane tek slutt, dess færre uskuldige liv vil hamne i krysselden. Dess snarare Hamas og Russland overgjev seg, dess lettare vil det vere å gå vidare. Bruken av denne metaforen, saman med fjerning av konteksten, forvrengde bodskapen, men eg står heilt for desse synspunkta og står saman med våre allierte.»

Kommenter innlegget