Dei fem grunnane til at øydelegginga av Baltimore-bru var ein innsidejobb

S.D. Wells skreiv 31.mars 2024 i ein artikkel for Natural News:

Den nest mest travle infrastruktur-korridoren i USA, Francis Scott Key Bridge, vart akkurat totaløydelagt og vil vere ubrukeleg i opp til fem-seks år, og det er kanskje ikkje den fryktelege «ulykka» (det farmasi- og statseigde) hovudstraumsmedia med éin gong rapporterte at det var. Dette kan enkelt vere ei finansiell og økonomisk krigshandling, men fienden er kanskje ikkje eingong utanfor grensene til republikken. Det er ikkje ein konvensjonell krig med stridsvogner, bomber og missil. Det er del av ein større krig som blir ført av Big Pharma og globalistane, der dei bruker skiten medisin og listig kaos i forsyningskjeda.

Sjå videoen av skipet under dei siste par minutta, ettersom det på eit eller anna vis raskt snur seg rundt 30% direkte mot ein av berre to vektberande søyler nær enden på kvar side av brua, og får heile brua til å falle med vilje. Heile hovudstraumsmedia rapporterte straks dei same manusfesta nyheitene, og sa at det tydeleg var ei ulykke og ikkje ei form for terroriståtak. Korleis kunne dei alle vete dette allereie?

Her trengst det inga etterforsking – massemedia (falske nyheiter) løyste allereie saka på mindre enn 10 timar der containerskipet øydela Baltimore-brua: «ulykke»

Der hadde ikkje funne stad noka etterforsking i det heile, sidan skipet krasja i brua ikkje lenge etter midnatt, og alle dei falske nyheitene byrja si dekning i tide for at morgonavisene gjekk i trykken, klar til å fortærast av morgonpendlarane. So komfortabelt det er at vårt massemedie-industrielle kompleks løyser desse sakene for FBI, CIA, DHS [Department of Homeland Security], ATF [Direktorat for alkohol, tobakk, skytevåpen og sprengstoff], Kystvakta, Marinen og kvart einaste andre statsstyrte organ.

Ingenting meir å sjå her, folkens. Berre eit par fyrar som feilstyrer eit skip rett på ei bru (som høgst passande vart fjerna for trafikk av politiet dei siste tre minutta, der politiet fekk radiomelding om at skipet var på veg mot brua, sjølv om skipet fyrst svinga i løpet av dei siste par minutta. (Hint, hint.)

Den topp fem grunnane til at øydelegginga av Baltimore-brua sannsynlegvis var ein innsidejobb, i staden for «eit ulykkeskrasj» eller «cyberåtak»

  1. Hovudstraumsmedia arbeidde straks i tandem for å kalle det ei ulykke over heile falske nyheiter-media, inkludert internett-, avis-, radio- og TV-nyheiter.
  2. Denne bru-øydelegginga hemmar forsyninga av bensindrivne køyretøy i årevis framover, noko som blir pådrivar for den kommunistiske installeringa av statskontrollerte elektriske køyretøy for den falske «klimaendringsagendaen».
  3. Hamna var ei viktig gjennomfartsåre for drivstoff som held den amerikanske økonomien oppe og går, som Biden-regimet ønskjer å hemme for å få meir kontroll over befolkninga.
  4. Dette er eit stort slag mot amerikansk infrastruktur, akkurat som å brenne ned fasilitetar som produserer matvarer, dei som produserer gjødsel og andre ressursstrukturar som trengst for å gje befolkninga mat.
  5. Dette er berre nok ein murstein i veggen for å sementere den kommunistiske styrtinga av Republikken, so forvent at mange fleire bruer og tunnelar «ved eit uhell» blir øydelagde av Biden-regimet i nær framtid.

Innsjå at dette er større enn at eit containerskip berre krasjar mot ei bru. Dette øydelegg ei diger hamn som har med forsyningskjeda av farlege materiale å gjere. Dette hemmar forsyninga av raffinerte drivstofftypar. Dette legg ned for teljing ei diger forsyningslinje for propangass. Dette stengjer av ein større arterie for levering av diesel, nitrogen, brennbare forsyningar og kjemikaliar. Ver òg merksame på at altfor store containerar ikkje kan passere gjennom tunnelane.

Den amerikanske matforsyningskjeda vil òg bli råka sterkt, noko som inneber at inflasjonen på mat bør forventast å gå til himmels innan nokre månader. Dette er eit større slag mot den livsnødvendige basismatvare-dietten dei neste fire til fem åra. Klart, eit cyberåtak mot navigasjonssystemet til eit skip er mogleg, og dersom det er tilfellet, fekk media mest sannsynleg ordre om å dekkje over det for å beskytte valet til Biden. Dette er berre «toppen av isfjellet», folkens. Gjer dykk klare for at mange fleire hamner, bruer, tunnelar og annan nøkkel-infrastruktur i USA blir ramma av sprø, ikkje-planlagde, intrikat umoglege «ulykker» slik som denne.

På dette punktet må du vel omtrent vere ein konspirasjonsteoretikar for å sjå nyheiter på seine nattetimar på TV og tru alt dei seier.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget