Politiet i Skottland vart som venta oversumt av nesten 4000 anmeldingar berre på den fyrste dagen etter at ein ny, absurd hatkriminalitetslov vart vedteken, noko som beviser av lovverket blir brukt som våpen av aktivistar. Dette skriv Paul Joseph Watson på nettstaden Modernity.news. Han skriv vidare:
«Under det nye lovverket kan alle som blir vurdert å ha vore verbalt ‘krenkjande’ i person eller på nettet til ein transperson, inkludert å ‘fornærme’ dei, risikere ein fengselsdom på opp til sju år.
Transkjønnsaktivistar har vore opptekne med å lage lister over folk som dei ventar på at skal kome med slike kommentarar, inkludert Harry Potter-forfattar J.K. Rowling.
Sjølv om det vart formidla i går [2.april 2024] av politiet at Rowling ikkje kom til å bli etterforska, er berre det faktum at ho har blitt meldt, nok til å skape ei ‘hathendingsmappe’ på ho som vil liggje der for alltid.
‘Calum Steele, den tidlegare generalsekretæren i Den skotske politiføderasjonen, sa at hgan forstår at rundt 3800 saker har blitt registrert dei siste 24 timane,’ rapporterer The Telegraph.
Det talet kjem no sannsynlegvis til å nesten doble seg, sidan forskrudde møkkaliberale febrilsk politimelder alt dei ser på som krenkjande via eit nettskjema og eit 101-nummer som ikkje er naudnummer.
Styresmaktene står no i ei hengjemyr av irriterande klagar, nøyaktig slik kritikarane av lovverket spådde, og bruker ressursar på dette i staden for på ekte brotsverk.
Sanneleg, som vi [Modernity.news] tidlegare sette søkjelys på, innrømte politiet i Skottland at den nye lova kan skape ‘ekstrabehov’ og skape ein ‘ressursimplikasjon’ for politiet.
Dette følgde eit forsøk med eit separat program som etter planen skulle innførast i heile landet der ein skulle stoppe å etterforske brotsverk slik som tjuveri og kriminelt skadeverk, som styresmakter erkjenner vil hjelpe kriminelle.
Då Rowling fekk beskjed at ho ikkje var i fare på grunn av profilen sin, svarte ho at ho kom til å forsvare alle som vart råka.
‘Dersom dei går etter kvar einaste kvinne som rett og slett kallar ein mann for ein mann, gjentek eg orda til den kvinna og dei kan sikte oss begge samstundes,’ sa forfattaren.
Som vi sette søkjelys på tidlegare: den forhatte skotske fyrsteministeren Humza Yousaf, som ser ut til å ha eit problem med at der er mange kvite menneske i Skottland, slo latterleg fast at det var behov for lova fordi noko støytande graffiti vart oppdaga nær heimen hans.»
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
