Ukrainske menn betaler handikappa kvinner for å gifte seg med dei for å unngå å bli sendt i krigen

Steve Watson på nettstaden Modernity.news skriv:

Ukrainske menn betaler visstnok handikappa kvinner i landet for å gifte seg med dei, for på den måten å unngå å bli verva til å kjempe i krigen mot Russland.

Ei etterforsking av den ukrainske medieformidlaren NGL Media avdekte at menn i stridsdyktig alder utnyttar eit smotthòl i krigslovene i landet som fritek dei frå militærteneste.

Dersom dei har ein handikappa som er avhengige av dei, kan dei søkje om fritak frå militærplikta, so vel som å få lov til å krysse grensa – og mange menn flyktar dermed frå landet for godt.

Etterforskinga fann haugevis av Facebook- og Telegram-grupper der menn legg ut frieri, og handikappa kvinner tilbyr ekteskap til den som byr høgast.

Der finst til og med folk som tener på praksisen ved å vere mellompersonar.

Etterforskinga skriv at ei betaling på rundt 3000 euro [34 896 kroner i dagens valuta] vanlegvis er nok til å få til eit narreekteskap med ei handikappa kvinne.

Yevhen Filipets, ein advokat i Ukraina, sa til formidlaren: «Eg har sjølv erfart at av 100 tilfelle der tenestedyktige søkjer om fritak av familierelaterte grunnar, so bruker 95 av desse tilfella det emnet, altso at kona, foreldra eller foreldra til kona er handikappa.»

«For å kunne få fritak er det nok med eit slikt ekteskap,» la advokaten til.

Filipets sa i tillegg at «det er nesten umogleg å bevise at ekteskapet er falskt; det kan berre slåast fast ved hjelp av ei rettskraftig avgjerd. Og ein av ektemakane har rett til å gå til domstolen for å få erklært slikt eit ekteskap som falskt. Vil han eller ho søkje under desse omstenda? Det trur eg ikkje (…). Ukrainarar er særs ressurssterke.»

Som vi [Modernity.news] sette søkjelys på tidlegare denne veka, har den ukrainske presidenten Volodymyr Zelensky skrive under på ei lov som lågnar aldersgrensa for militærteneste med to år for å kompensere for mangel på soldatar.

Det nye lovverket lågnar mobiliseringsalderen frå 27 til 25 år, noko som tydar at fleire unge menn vil bli fjerna frå den utfordrande ukrainske økonomien og sendt til slakteriet i påvente av nok ein russisk sommaroffensiv.

Videoar har tidlegare dukkar opp som hevdar å vise ukrainarar som prøvde å unngå å bli verva, som vart kasta av ein buss og banka opp av SBU, Ukraina si utgåve av FBI.

Gjennomsnittsalderen på ein ukrainsk soldat er no over 40 år, det same som i Russland, noko som understrekar korleis heile konflikten har vore eit øydeleggjande blodbad for begge sider.

Godt over 100 000 ukrainske soldatar har allereie blitt drepne, noko som tvingar Ukraina til å skaffe eldre personell.

Som vi tidlegare sette søkjelys på, har der dukka opp sjokkerande videoar som viser mentalt handikappa menneske på frontlinjene av krigen som blir gjort narr av av andre soldatar.

Sist månad sa general Rajmund Andrzejczak, tidlegare sjef i den polske generalstaben, at Ukraina taper krigen.

«Meir enn ti millionar menneske er sakna. Ifølgje mine estimat kan tapa utgjere millionar, ikkje nokre hundretals tusen. Landet har ingen ressursar, ingen igjen til å kjempe. Ukrainarar taper denne krigen,» sa generalen.

Denne veka [veke 14] sa Edward Luttwak, rådgjevar i det amerikanske utanriksdepartementet, at NATO-land vil måtte sende soldatar til Ukraina eller «akseptere katastrofalt nederlag», og at Storbritannia og Frankrike allereie førebur seg på å gjere dette.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget