«Ekspert» på desinformasjon ber folk om å berre bruke pålitelege kjelder og IKKJE gjere eigne undersøkingar

Nettstaden Reclaim the Net skriv:

Brianna Lyman, valkorrespondent i The Federalist, rapporterte nyleg om ein paneldebatt med Al Schmidt, Pennsylvania-sekretær for Commonwealth, og Beth Schwanke, executive director for Pitt Disinformation Lab. Schmidt og Schwanke, som tala på eit forum organisert av Spotlight PA, gav uttrykk for sin ståstad rundt «feilinformasjon» og «desinformasjon» under val. Slåande nok tilrådde Schwanke at i staden for å utføre eigne undersøkingar, burde folk i Pennsylvania stole på sokalla «pålitelege» kjelder. Desse inkluderer visse institusjonar og medieformidlarar som uheldigvis i fortida har blitt knytt til ymse former for sensur.

«Éin ting alle kan gjere for å sikre seg at dei ser sannferdig og nøyaktig informasjon, er å bruke pålitelege kjelder. So under val tydar det å bruke Utanriksdepartementet, altso dykkar lokale fylkesvalkontor, det tydar å bruke medieorganisasjonar som følgjer, som rettar seg etter, profesjonelle journalistikk-standardar slik som… dykkar lokale NPR [nasjonale offentlege radio],» sa Schwanke. «Og det tydar ikkje, veit de, ‘å gjere dykkar eigne undersøkingar’ og berre stille spørsmål og dele, de veit, innlegg frå – eg veit ikkje, i mitt tilfelle er det onkel Joe, eller kva? Det tydar å tenkje dykk godt om kor kjeldene dykkar kjem frå.»

Rådet til Schwanke ser interessant nok ut til å fråråde individuell undersøking, spørsmålsstilling og deling av idear. I staden tilrådde ho bruk av kjelder slik som Utanriksdepartementet, fylkesvalkontor, og, slåande nok, medieorganisasjonar slik som NPR-avleggjarar, som ho antyda har overlegne journalistiske standardar.

Trass det Schwanke seier, kan ein ikkje leggje nok vekt på kor viktig det er å vere nøye med kva slags kjelder for informasjon ein nyttar seg av. Dette vart slåande demonstrert like før 2020-valet då ei betydeleg historie om laptopen til Hunter Biden av The New York Post feilaktig vart merkt som «desinformasjon», og deretter undertrykt på mange tech-plattformer.

Som The Federalist rapporterte: det som gjorde det desto verre, var ei hending som hinta om partiskheit, som NPR rett ut netka å rapporterte om, der ansvarleg redaktør Terence Samuels erklærte det uverdig for mediedekning.

Pennsylvania sitt delstatsdepartement presenterte ein liknande alarmårsak. Dei erklærte sitt samarbeid med Cybersecurity and Infrastructure Agency (CISA) om å overvake og kontrollere samtalar på nettet som vart vurderte som ein «trugsel» mot valprosessen. Trass deira påståtte intensjon om å tilby veljarar nøyaktige, pålitelege valrelaterte data og å motverke trugslar slik som sokalla «feilinformasjon», er der god grunn til å stille spørsmål ved kor faktamessig balanserte aktivitetane deira eigentleg er. For å nemne eit døme hadde CISA tidlegare gjort det enklare å stilne amerikanarar som uttrykte legitime bekymringar på sosiale media, som om dei spreidde «desinformasjon», og til og med eit innlegg frå president Donald Trump vart flagga under dette påskotet.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget