Et mykje feitt – bli ei feittforbrenningsmaskin

I motsetnad til det «ekspertar» har påstått sidan 70/80-talet, blir ein ikkje feit av å ete feitt. Iallfall ikkje om ein samstundes kuttar ned på karbohydrata. Den sokalla ketogene dietten, med mykje feitt og lite eller ingen karbohydrat, vart opphavleg brukt for å behandle alvorleg epilepsi hjå barn på byrjinga av 1900-talet, i ei tid der fungerande medisinar mot epileptiske anfall enno ikkje hadde blitt utvikla. Kunstig insulin hadde forresten heller ikkje blitt utvikla på den tida, so barn med type 1-diabetes – som er ein autoimmun tilstand der kroppen manglar evna til å produsere insulin – levde på ein diett av spekk og agurk.

Lågkarbopionerar slik som William Banting og Vilhjálmur Stefánsson oppdaga at ein diett med lite eller ingen karbohydrat og desto større mengder feitt, ikkje berre førde til rask og svoltfri vektnedgang; folk fekk langt meir energi. Forklaringa har med insulin å gjere, som er eit feittlagrande hormon. Når ein et karbohydrat, går blodsukkeret opp, og kroppen skil ut insulin for å frakte sukkeret frå blodet og inn i cellene. Samstundes får kroppen «instruksar» om å lagre feitt. So lenge det er insulin i blodet vil ikkje kroppen bruke av feittlageret sitt. Det er langt meir energi lagra i feittlageret enn det er mogleg (og tilrådeleg!) å ete i seg av karbohydrat.

Om til dømes ein mann som er 30-40 kilo overvektig kuttar ut karbohydrat og meskar seg med smør, flesk, ribbe, røykjelaks, feite ostar og annan snaddermat, vil han etter kort tid (eit par dagar) gå over i ketose. Kroppen byrjar å forbrenne feitt, og tek frå det rikelege lageret på kroppen. Svolt vil vere eit framandord for den overvektige mannen i lang tid framover, fordi kroppen no «et» av feittet som er lagra rundt den digre «butikksjef-magen» og dei særs lite flatterande mannepuppane. Etter om lag ein månad må nok mannen investere i ny garderobe, for då er buksene for vide.

Dette er noko eg veit fungerer, for eg har prøvd det sjølv. Personleg gjekk eg ned 20 kilo på tre-fire månader. «Ingen» visste korleis eg greidde det, endå eg fortalde det. Kollegaer på min dåverande jobb trudde rett og slett ikkje at eg åt mykje feitt – for det såg jo ut som eg ikkje åt i det heile. Å sjå meg rase ned i vekt samstundes som eg var frisk og full i energi må nok ha ført til kognitiv dissonans hjå dei. Dei såg at eg gjekk ned i vekt, dei såg kva eg åt til lunsj, men… Nei. Offisielle statlege kosthaldsråd sa nemleg at det var usunt og beint fram farleg å ete lågkarbo. Det var «sunt» å ete lite feitt og mykje kornprodukt – helst knekkebrød.

Kor kjem so denne vranglæra frå? Kjetil Tveit skriv i eit nyleg innlegg på Facebook om nettopp feittrikt kosthald. Han skriv mellom anna:

«I 1980 skulle vi få nye helseråd. Rådene kom fra Amerika og var formet som en pyramide, med karbohydrater nederst, som illustrerte at vi skulle endre kostholdet til mindre fett. Fettet vi skulle spise mindre av, måtte vi erstatte med mer karbohydrater.

I denne NRK-sendingen fra 1981 hadde Norges matmor, Ingrid Espelid Hovig, fått med seg professor Kare Norum som reklameplakat for karbohydratene.

Etter 12 minutt og 35 sekund kan vi høre at Hovig spør Norum om vi ikke vil legge på oss av mer karbohydrater… hvorpå Norum parerer med noe i retning av at vi kan legge på oss av alt i store mengder, men at sammensetningen (fett/karbohydrater) ikke har så mye å si.

Nå kjenner vi resultatene av kostrådene Norum innførte på 80-tallet. 7 av 10 amerikanske ungdommer har ikke helse til å gjennomføre verneplikten, og det står ikke så godt til i Norge heller.

Hovig fikk rett, og Norum tok feil. Man skal være forsiktig med å eksperimentere på menneskeheten om noen amerikanere har fått noen griller i hodet.»

Passande nok skriv Tveit òg om sine eigne erfaringar med feittrikt kosthald, frå då han var i sjukepleiepraksis ved SUS i Stavanger:

«Der var det mange sykepleiere som var ‘finke’ og fulgte kostrådene med lite fett. Flere av disse måtte ha seg et mellommåltid mellom frukosten og lunch. De ‘holdt ikke’ så lenge, fordi de ikke var fettadapterte [tilpassa feittrikt kosthald].

Mange opplever at de blir utilpass og furtete når blodsukkeret spiller dem et puss, men dette kan man altså unngå ved å gi blaffen i helserådene.»

På 2000-talet kom det ei ny lågkarbobølgje i landet, flankert av mellom andre Fedon Lindberg, svensken Sten Sture Skaldeman og norske Thor Foseid, berre for å nemne nokon få. Spesielt dei to sistnemnde kom med kritikk av det norske kosthaldet, der nordmenn levde på brød og knekkebrød, og gjerne mykje ris, pasta og poteter til middag. Sjølv har eg gjennom mine mange år i helsesektoren god kjennskap til matvanane til mine kvinnelege kollegaer, som typisk hadde med seg knekkebrød til lunsj som dei sat og togg på. Var dei stabile i blodsukkeret? Tvilsamt, sidan dei jo var so ustabile i humøret. På engelsk har ein uttrykket hangry (hungry pluss angry, «svolten» og «sint»). Kvinnedominerte arbeidsplassar hadde nok unngått mykje intrigar, spetakkel og latterlege personalsaker om kjerringane hadde ete meir blodsukkervennleg kost.

Det er ein god del alvor i dette òg. Kosthaldsråda er ikkje laga for å gje nordmenn god helse. Dei er laga for å tene interessene til sukkerindustrien, som er ein av dei få industriane på planeten som er like mektige som Big Pharma – og naturlegvis interessene til Big Pharma, som tener uhorveleg mykje pengar på at folk er sjuke, feite og nesten døde. De vil ikkje ein gong vete kor mykje legemiddelselskap tener på å selje insulin og dei livsfarlege slankesprøytene.

Eg håper at de heller aldri nokosinne møter på alvorlege seinkomplikasjonar av diabetes, slik som til dømes føter med koldbrann. Slikt kan fort ta frå dykk matlysten, iallfall på søtmat. Akkurat som røykpakkar har bilete av lunger fulle i tjære, burde sjokoladeplater ha bilete av diabetisk gangren på omslaget. Kanskje folk hadde tenkt seg om eit par gonger før dei kjøpte og glefste i seg sjokoladen for å ta den verste brodden av «svolt-raseriet» sitt.

Dette er ein meiningsartikkel skrive av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget