California-mann arrestert for å ETE avkappa menneskebein frå togulykke!

Ethan Huff i Natural News skriv:

Ei hending som involverte kannibalisme fann stad i California nyleg etter at ein mann vart sett anten lukte på eller gnage på eit avkappa menneskebein som han bar med seg rundt om i gatene.

Eit tog kolliderte med ein person i Wasco, California, like før hendinga, drap personen momentant og etterlét seg eit spor av avkappa kroppsdelar. 27 år gamle Resendo Tellez vart deretter observert plukke opp beinet og bere det med seg rundt omkring.

Kern fylke-sheriffen la ut videoopptak av den bisarre hendinga på X, sjølv om dei seinare vart fjerna for «brot på X-retningslinjene».

Det heile byrja fredag 22.mars, då brannvesenet i Kern fylke vart sendt ut til ei strekning av togstasjonen i Wasco rundt 8:05 om morgonen. Ikkje lenge etter hendinga vart Tellez sett plukke opp eit bein og ta det med seg.

Ein forbipasserande som spelte inn alt dette på mobilen ropte til Tellez på spansk for å spørje kva han dreiv på med. Litt seinare snudde Tellez seg mot kamera og vinka på det, før han tørka ansiktet sitt på skjorteermet og gjekk derifrå.

Då politiet kom til åstaden, gav dei Tellez ordre om å stoppe å gnafse på det avkappa beinet, men han nekta å etterkome ordre og flykta deretter frå dei.

KGET rapporterte om hendinga og delte desse videoopptaka offentleg (vi åtvarar mot sterke scener). […]

Avkappa hand funnen i same område tidlegare i år

So bisarr og urovekkjande som ei slik hending er, er det visstnok ikkje fyrste gong i 2024 at avkappa menneskelege kroppsdelar blir funne i same område i Wasco.

Tidlegare i år rapporterte ein sivilperson at vedkomande fann ei avkappa hand, som vart levert til lokale styresmakter. Ingen vidare informasjon vart nokosinne offentleggjort av politidepartementet.

Tellez vart visstnok pågripen av politiet i denne nylegaste hendinga. Han vart arrestert og tiltala for å ta med seg menneske-kroppsdelar som «ikkje høyrer til på gravlund, og utan godkjenning frå politiet». Tellez hadde òg ein arrestordre på seg for andre brotsverk.

Tellez er so godt kjent i Wasco at lokalinnbyggjarane vart sjokkerte då dei høyrde at han hadde blitt arrestert og tiltala for å ha bore med seg og visstnok ete av eit avkappa menneskebein.

«Kva enn han hadde i handa, byrja han å bite på det, og det viste seg å vere beinet til ein person», sa ein lokal anleggsarbeidar som såg hendinga til lokale media.

«I videoen som vi har, viser det tydeleg at han byrja å tygge på beinet og alt.»

So vidt vi veit har offeret som vart treft og drepen av toget, og som eigde beinet som Tellez tok, ikkje blitt identifisert, og lokalinnbyggjarar i Wasco seier at heller ikkje dei kjenner identiteten til vedkomande.

«Korleis kan du snuble over eit avkappa bein og tenkje ‘jepp, dette skal eg ete’?» spør ein lesar om denne urovekkjande historia.

«Svolt vil få folk til å gjere ting dei elles ikkje ville ha gjort,» responderte ein annan, og peikte på inflasjonen og det stadig aukande gapet mellom fattige og rike.

Andre antyda at USA er i ferd med å bli so zombiefisert at hendingar som dette blir mindre sjokkerande.

«Dette er den mest bisarre historia eg nokosinne har sett,» skreiv ein annan. «Eg er glad han vart arrestert, for han må då vere ein zombie.»

«Dette handlar om meir enn mentalhelse,» skreiv ein annan. «Dette er kannibalisme. Demonar er ekte.»

«Velkomen til det nyaste u-landet,» sa nokon andre om kva USA raskt er i ferd med å bli i det økonomien imploderer.

Det amerikanske samfunnet går opp i saumane i halsbrekkande fart.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget