Japan erklærer offisielt KI ein eksistensiell trugsel mot menneskeheita

At kunstig intelligens (KI) har sine skuggesider, blir ofte ignorert av dei som lovpriser denne nye teknologien. Lærarar på skular og sensorar på eksamen har nok delte meiningar om det at kven som helst kan generere «gode» tekstar berre ved nokre tastetrykk, og musikarar og kunstnarar har stundom uttrykt frustrasjon over at «alle» plutseleg kan lage «kunst» og «musikk» ved hjelp av KI. Å lage ekte kunst og musikk tek ofte lang tid og mykje hardt arbeid, og ikkje minst tek det årevis å bli god nok til det for å imponere folk.

Nokon andre som er skeptiske til KI, er øynasjonen Japan, som denne korte artikkelen frå The People’s Voice skildrar. Journalist Sean Adl-Tabatabai skriv:

«Japan har kome med ei hasteåtvaring til menneskeheita om den ‘eksistensielle trugselen’ som kunstig intelligens utgjer mot framtida til menneskerasen.

Nippon Telegraph and Telephone (NTT) og Yomiuri Shimbun Group Holdings, høvesvis det største telekommunikasjonsselskapet og den største avisa i landet, publiserte eit KI-manifest som la ut om korleis samfunnet kan kollapse fullstendig om der ikkje kjem føringar på bruk av KI.

Modernity.news rapporterer: Dei åtvara at dersom ikkje lover blir vedtekne raskt i større land rundt om i verda, so vil kunstig intelligens truge med å utslette demokratiet og provosere fram utbreidd sosial uro.

Manifestet, som peiker å KI-program som blir utvikla av amerikanske tech-kjemper, åtvarar: ‘I verst tenkjelege scenario kan demokratiet og den sosiale ordenen kollapse, og resultere i krigar.’

Rapporten skreiv at slik teknologi er designa for å fange merksemda til brukarar med liten respekt for moral og nøyaktigheit.

Selskapa, som er rettleia av forskarar ved Keio universitet, krev at den japanske regjeringa vedtek nye lover for å beskytte val og nasjonal tryggleik mot KI.

Som vi [The People’s Voice] tidlegare sette søkjelys på, skapte program slik som Google sitt Gemini AI-system kontrovers etter at dei openlyst diskriminerte mot kvite, og i enkelte tilfelle sletta dei kategorisk frå historia.

Open AI sin ChatGPT produserte like latterleg innhald, og i eitt tilfelle sa den at den ville nekte å seie eit rasistisk ord som ingen menneske kunne høyre, dersom dette kunne redde ein milliard kvite frå ein ‘smertefull død’.»

KI i seg sjølv er ikkje problemet, det er misbruk av teknologien som er det. Dersom folk godtek at KI blir likestilt med innhald generert av ekte menneske, vil ekte menneske før eller seinare spørje seg sjølve om det verdt bryet å lage eige innhald. Då gjer menneskeheita seg sjølv overflødig, som er nøyaktig det globalist-eliten ønskjer. Vil vi ha ei slik framtid?

Kommenter innlegget