Polsk prest i fengsel etter at homoorgie fekk dramatisk ende

RT (Russia Today) skriv:

Ein katolsk prest i Polen har blitt dømt til 18 månaders fengsel for sex og narkotikabrotsverk etter ei hending der ein mannleg prostituert kollapsa under ein orgie heime hjå presten, ifølgje lokale mediereportasjar.

Den geistlege, som blir referert til som «Tomasz Z» på grunn av polske lover om privatvern, vart idømt fengselsstraffa tidlegare denne veka etter å ha blitt dømt for seksuelle brotsverk, framskaffing av narkotika og for ikkje å gje bistand til ein person i fare for å misse livet eller som er alvorleg fysisk skadd.

Presten, som jobba for ei kyrkje i Dabrowa Gornicza nær den tsjekkiske grensa, vart òg pålagt å betale offeret 15 000 zloty (3820 dollar) [40 846 kroner i dagens valuta] i erstatning, i tillegg til å måtte donere fleire hundre tusen zloty til eit fond som er danna for å hjelpe offer for brotsverk.

Skandalen vart kjent kort etter at lokale media rapporterte at den geistlege hadde halde ein sexfest i leilegheita si, som er eigd av prestegjeldet, i august 2023. Detaljar om denne samlinga vart seinare avslørt av medieformidlaren Fakt.

Ein mannleg prostituert skal visstnok ha svimt av under festen etter å ha teke for mange ereksjonspiller. Etter hendinga kasta presten ut ein gjest frå heimen sin etter at vedkomande prøvde å ringje politiet. Personen greidde å ringje til naudtenestene, sjølv om den geistlege visstnok nekta å sleppe inn ambulansepersonell då dei kom. Den bevisstlause mannen fekk medisinsk bistand fyrst etter at ambulanseteamet ringde politiet for å få tilgang til leilegheita.

Etter at hendinga skapte overskrifter vart «Tomasz Z» avskjediga frå prestestillinga, medan biskopen i bispedømmet gjekk av utan å gje ein grunn for avgjerda. Presten vart arrestert i januar, då Daily Mail namngav han som fader Tomasz Zmarzly.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget