WEF presenterer teknologi som kan lese tankar og rapportere tankebrotsverk til politiet

Sean Adl-Tabatabai på nettstaden The People’s Voice skriv:

World Economic Forum har avdekt ny tankelesingsteknologi som dei seier vil late regjeringar rapportere «tankebrotsverk» frå ulydige borgarar til politiet.

Ifølgje ein urovekkjande reportasje av SFGate, «kan vi måtte tenkje om igjen rundt tankefridom» på grunn av tankelesande nanonteknologi, medan The Information rapporterte måndag [8.april 2024] at KI no blir brukt til å lese tankar, noko som fører til «konsekvensar frå data-gullrushet».

Infowars.com rapporterer: Under ein kongressdiskusjon i 2006 om Electronic Surveillance Modernization Act [«lov om modernisering av elektronisk overvaking»], som hadde som mål å betydeleg utvide overvakingsfullmaktene til den amerikanske regjeringa, snakka kongressmann Peter Hoekstra, republikansk medlem av House Intelligence Committee, om konseptet om å bruke nye teknologiformer i feltet «intensjonsforståing» for å saumfare folket etter potensielle terroristtankar.

«Landet vårt treng å raskt og effektivt nytte kvart eit etterretningsverktøy for å finne fiendane våre, fange opp og forstå intensjonane deira, og stoppe deira fiendtlege og terroristiske handlingar mot landet vårt og folket vårt,» sa Hoekstra.

Målet til kongressmannen om å bruke «kvart» etterretningsverktøy til å «fange opp og forstå» intensjonane til måla, antydar å vete kva som blir tenkt inne i hjernane på alle som regjeringa vurderer som «interessante».

Medan tenestepersonar i regjeringa diskuterer hjerneovervaking, viser konsernverdsregjeringa i World Economic Forum interesse for tankekontroll og tankeovervaking i tillegg.

Feltet magnetisk resonanstomografi (MR) og elektroencefalogram (EEG) måler for tida berre hjerneaktivitet, men kan ikkje tolke tankar. Det endrar seg no med framsteg i funksjonsmagnetisk tomografi (fMRI)-maskiner som betre kan overvake hjernen og transkraniell magnetisk stimulering (TMS)-maskiner som kan endre hjernetilstandar.

Statleg finansiering av studiar, slik som den publisert i Human Brain Mapping og finansiert av Intelligence Advanced Research Project Activity (IARPA) har som mål å betre forstå korleis sinnet fungerer og korleis det tenkjer.

«Studien tilbyr ny evidens om at dei nerverelaterte dimensjonane til konsept-representasjon er universelle for alle menneske og språk,» skreiv Carnegie Mellon.

Å forstå aktiviteten til hjernen i relasjon til språk, og dermed tale, er ein nøkkel til å forstå kva den tenkjer, og blir for tida testa utan å bruke implantat slik som Elin Musk sin Neuralink.

Mykje av forskinga blir utført under det humanitære påskotet om å hjelpe skadde menneske til å oppnå ein meir verdig levestandard, og medan det visseleg blir gjort, er den underliggjande teknologien òg i stand til å bli brukt for større overvakingsmakt av staten.

Defense Advanced Research Projects Agency (DARPA) og Forsvarsdepartementet (DoD) (tidlegare Krigsdepartementet) har allereie formidla planar om å ikkje berre lese, men òg kontrollere tankane i samfunnet med nanoteknologisk «smartstøv».

Framsteget som er å bruke mikroskopisk nanoteknologi for nevrologiske brukargrensesnitt er inga overrasking, sidan kartlegging av menneskehjernen vart utvikla for fleire tiår sidan med DARPA-finansiering, slik denne artikkelen frå 2007 skriv.

Akkurat som fleire år før mRNA-covidvaksine-genterapi-injeksjonane vart sleppte laus, og nyheitsformidlarar då rapporterte at «æraen for menneskegen-redigering er komen – og kva som skjer vidare er kritisk», er æraen for tankelesing òg her, og kva som skjer vidare er i aller høgste grad kritisk.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget