Det burde vere barnelærdom for dei aller fleste at avføring høyrer heime i toalettet, ikkje i kjeften. Sjølv om det òg er ei kjent sak at mange politikarar pratar skit, so et dei det i det minste ikkje. Dette gjeld diverre ikkje den homofile spanske venstre-politikaren Daniel Gómez del Barrio, som no har gått av etter at det dukka opp bilete som viser han ete si eiga avføring. Denne møkkasaka er det nettstaden The Publica som rapporterer. Dei skriv:
«Ein homofil spansk kommunal byrådsmedlem har trekt seg frå stillinga si etter at foto vart offentleggjorde av han der han et sitt eige ekskrement som del av ein scat-fetisj.
Daniel Gómez del Barrio var medlem av byrådet i Illescas, ein småby på rundt 30 000 menneske like sør for hovudstaden i landet. Han representerte PSOE, det store venstreside-partiet i Spania, der leiaren er den noverande statsministeren.
I midten av februar vart det delt bilete og videoar av Gómez som han hadde lagt ut på sosialmedie-kontoar og pornografiske nettstader. I ein av videoane er rådgjevaren, som er i slutten av 20-åra, tilsynelatande naken på golvet og et si eiga avføring.
Ein reportasje frå den franske nyheitskjelda FDS hevda at politikaren tilbaud seg til seksuelt bruk, og skildra seg sjølv som ein som ønskte å bli ‘eksponert, audmjuka, nedverdiga’. Han skildra òg sitt ønske om å ‘ete kukar, vere ei hore, og bli brukt som eit pissoar’, der El Diairo òg hevda at han refererte til seg sjølv som ein ‘seksuell slave’.
Ifølgje ABC Spain, rapporterte Gómez lekkasjen av bileta og videoane til politiet, som byrja å etterforske saka. Han var til stade på byrådsmøtet i februar ‘fullstendig normal’, der lekkasjane berre var eit ‘småproblem’, sa ei kjelde til ABC Spain. Derimot byrja det 22.mars å spreie seg fleire bilete av byrådsmedlemmen rundt om i byen under den tradisjonelle Palmesundag-feiringa, og ‘ingenting anna vart snakka om’ av innbyggjarane i det vesle lokalsamfunnet.
Ei anna kjelde antyda at fleire bilete av Gómez var tilgjengelege på nettet, der han var naken og hans offisielle byråds-ID visstnok var synleg.
27.mars vart Gómez tvinga til å gå av, og vart avskjediga frå stillinga si som byrådsleiar for ungdom, barn og familiar av ordførar José Manuel Tofiño.
Etter at han gjekk av har den unge byrådsmedlemmen flytta ut av familieheimen i småbyen der han budde saman med foreldra. Faren hans, ein tidlegare politibetjent, pensjonerte seg same veka i februar som då bileta og videoane fyrst lak ut.»
Liknande skitskandalar har so langt ikkje blitt offentleggjort om «våre» norske politikarar. Diverre, kan ein nesten seie. Dette får visse plagiatsaker til å framstå som høgverdige i forhold.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
