Millionar av japanarar reiser seg mot den tyranniske WHO-«Pandemi-traktaten»

Baxter Dmitry på nettstaden The People’s Voice skriv:

Massive demonstrasjonar skakar dei største byane i Japan i det folket reiser seg mot regjeringa deira sine planar om å skrive under på Verdas helseorganisasjon sin Pandemi-traktat.

Millionar av japanarar er djupt misfornøgde med regjeringa sine planar om å ratifisere traktaten ifølgje spørjeundersøkingar, likevel har Tokyo indikert at dei vil gå vidare og selje folket til den globale liten trass opposisjon.

Ifølgje det japanske folket vil WHO sin Pandemi-traktat underminere japansk suverenitet, noko som lèt den globale eliten bruke helsekriser til å diktere vilkår og lover til demokratisk valde regjeringar.

Klaus Schwab seier at demokratiet er eit utdatert konsept, og at val snart vil bli fasa ut – og det verkar som om han meiner alvor.

Derimot aktar ikkje det japanske folket å godta regjeringa sitt svik og bedrageri.

13.april vil bli meisla inn i annalane til moderne japansk historie då fleire hundre tusen patriotiske borgarar i heile landet samla seg for å protestere mot regjeringa deira sine planar om å levere suvereniteten til landet over til den globale eliten.

Demonstrasjonane dreia seg om den utbreidde opposisjonen til WHO sin Pandemi-traktat, der eskalerande bekymringar for «smittsam sjukdom» og «folkehelse» blir potente verktøy for eit hittil usett dytt mot det som blir oppfatta av mange som eit totalitært overvakingssamfunn.

Pharma Files rapporterer: Frå dei travle gatene i Ikebukuro til samlingane ved Higashi-Ikebukuro sentralpark, seier sjølve skalaen av deltaking mykje om kor forbanna japanarane er fordi regjeringa førebur seg på å selje folket til den globale eliten.

Organisatorane rekna med at 100 000 demonstrantar skulle dukke opp for å krevje svar på kritiske tema, slik som den sterke auken av overtalsdødsfall og mangelen på gjennomsiktigheit når det gjeld biverknader etter vaksinane.

Demonstrasjonen er ikkje berre imot påboden vaksinasjon, men òg det som blir oppfatta som overstyring frå helsestyresmaktene og deira band med global pharma, noko som gjev uttrykk for ei fortvilt kjensle av fråkopling blant folk.

Demonstrantane kritiserte mangelen på forklaringar på ein sterk auke i overtalsdødsfall, og kravde ansvarleggjering og tydelegheit rundt vaksinerelaterte dødsfall.

Eminente talarar, inkludert professor Masayasu Inoue og forskar på moderne historie Chikatsu Hayashi, leverte glimrande talar før demonstrasjonen som blottla den bekymringsverdige dynamikken mellom globalhelse-styresmakter og farmasøytiske agendaer.

Professor Inoue sette søkjelys på den bekymringsfulle trenden i at helsa vår blir brukt som våpen, i det han kalla «ein tredje verdskrig kjempa med informasjon».

Han oppmoda folket til å motstå å få genetiske vaksinar i kroppane sine, og antyda at ein betydeleg del av WHO sine midlar kjem frå farmasøytiske kjemper og private interesser slik som Bill Gates Foundation.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

2 comments

Kommenter innlegget