Innvandrarkriminalitet når nye rekordnivå i Tyskland

Raw Egg Nationalist skriv via Infowars:

Ny statistikk viser at nivåa av innvandrarkriminalitet har nådd nye rekordhøgder i Tyskland. Tala, samla av Det tyske innanriksministeriet, viser ein 18% auke i innvandrarbrotsverk det siste året, der det totale talet utanlandske mistenkte når 923 000. Tyskland held fram med å ønskje velkomne enorme tal innvandrarar til landet kvart år.

Trass at dei berre utgjer 15% av befolkninga, utgjer utlendingar no 41% av alle mistenkte for brotsverk i landet. Tala for «innfødde» tyskarar inkluderer integrerte [«naturalized» på engelsk], so dei faktiske tala for brotsverk utført av menneske med «innvandrarbakgrunn» kan vere endå høgare.

Statistikken har enno ikkje blitt offentleggjort av Innanriksministeriet, men journalistar i den tyske avisa Die Welt greidde å få tak i dei.

For berre nokre veker sidan vart det avslørt at utlendingar var ansvarlege for 100% av alle alvorlege seksualbrotsverk i den tyske byen Frankfurt, og 54,7% av alle brotsverk i byen.

Aukande kriminalitet og vald påverkar alle nivå i det tyske samfunnet, inkludert skular. I 2023 fann det i snitt stad fem politi-intervensjonar om dagen på skular i den tyske hovudstaden. Der var utbreitt raseri nyleg då det dukka opp ein video av ein tyrkisk tenåring som torturerte eit 12 år gammalt tysk barn på film.

Leiaren for Den tyske politiforeininga, Rainer Wendt, hadde nokre alvorsord til den føderale innanriksministeren Nancy Feaser etter at den nye statistikken vart rapportert, der han hevda at berre nokon som «fullstendig hadde mist kontakten med befolkninga», kunne uttrykkje overrasking over desse tala.

Faeser har vore open i å uttrykkje, slik som andre europeiske politikarar både på venstre- og høgresida, at ho trur at «ytre høgre» er ein mykje større trugsel mot innanlandstryggleiken enn innvandrarar.

Den tyske regjeringa er spesielt redde for det stadig veksande anti-immigrasjonspartiet Alternative für Deutschland (AfD), som har blitt eit av dei mest populære partia i landet. Medlemmer av den herskande koalisjonen har truga med å forby partiet og fengsle medlemmene, og trugslar om vald og represaliar er vanlege, inkludert frå «liberale» TV-personlegdommar.

Faktisk vald mot AfD-medlemmer, spesielt politiske kandidatar, er òg i ferd med å auke.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget