Britisk lege tilrår operasjon som lèt pasientar ha BÅDE mannlege og kvinnelege kjønnsorgan

Hermafrodittar er visst ikkje lenger berre noko ein finn i skjønnlitteratur og mytologien. No vil ein lege ved ein transkjønnsklinikk underlagt den britiske offentlege helsetenesta, National Health Service (NHS), at ein skal utføre prosedyrar som gjer at pasientar kan ha både mannlege og kvinnelege kjønnsorgan – eller ha ingen av delane. Dette melder The People’s Voice. Dei skriv:

«Legen uttrykte støtta si for slike prosedyrar i usensurerte, lekne meldingar som den britiske avisa Daily Telegraph fekk tak i.

InfoWars rapporterer: Meldingane viser at legar, inkludert Jonathan Arcelus, professor i mental- og transkjønnshelse ved Universitetet i Nottingham, diskuterer og gjev støtta si til endå meir radikale kirurgiske forvandlingar som for tida ikkje er tillatne av NHS.

Dei usensurerte meldingane kjem frå ei større mappe av material som har leke frå World Professional Association for Transgender Health, som har retningslinjer som påverkar ståstaden til NHS når det gjeld tilnærming til transkjønnsbehandling. Etterforskingsjournalisten Michael Shellenberger lak meldingane førre månad.

Desse nye meldingane er tekne frå eit internt WPATH meldingsbord der profesjonelle medlemmer diskuterer behandlingar. Ein av trådane som skildrar The Telegraph opnar med at ein medlem skriv korleis dei har ‘funne fleire og fleire pasientar nyleg som ber om ‘ikkje-standard’-prosedyrar, slik som overkroppskirurgi utan brystvorter, nullifisering [fjerning av kjønnsorgana], og kirurgi for å lage vagina, men behalde penis.’

Professor Arcelus responderte at han trur desse prosedyrane kan bli standard i nær framtid, og dermed burde annleis terminologi bli brukt til å skildre dei.

Desse nye avsløringane kjem i ei tid av intens gransking av transkjønnsideologi, diagnosar og behandlingar av dei i Storbritannia. The Cass Review om NHS si tilnærming til transkjønnsideologi, der dr. Hillary Cass er leiar, vart offentleggjort denne veka. The Review vart bestilt av NHS England for nesten fire år sidan i respons på den pågåande auken av personar som fekk diagnose og behandling for transkjønnsideologi.

The Review konkluderer at barn ikkje blir ivaretekne av NHS, på grunn av mangel på meiningsfulle data om sjølve tilstanden og behandling. Cass kritiserer fokuset på medisinske inngrep – spesielt operasjon, men òg bruken av hormon-blokkerarar for å hindre pubertet hjå barn og tenåringar – og skildrar korleis klinikarar har blitt ‘redde’ på grunn av den djupt politiserte naturen til transkjønnsideologi.»

Omsett og kommentert av redaktøren i Saksyndig.

1 comments

Kommenter innlegget