CDC: mRNA-sprøyter har forårsaka ein auke på 14 000 prosent av TURBOKREFT!

Sean Adl-Tabatabai på nettstaden The People’s Voice skriv:

CDC har åtvara at covid-19-vaksinar har forårsaka ein auke på minst 14 000% av tilfelle av turbokreft i USA.

Ifølgje nyleg offentleggjorde data, har der vore ein auke på minst 6113% av krefttilfelle blant barn og unge vaksne.

Expose-news.com rapporterer: Tala har blitt antekne ved å samanlikne krefttilfelle forårsaka av covid-19-vaksinar med influensavaksinar på grunn av mangelen på data publisert av CDC som lèt oss anta talet krefttilfelle via andre metodar.

Ifølgje CDC sitt Vaccine Adverse Event Reporting System (VAERS), vart berre 8 tilfelle av kreft knytt til dei mange influenvaksinane som vart tilbydde mellom 1.januar 2021 og 29.mars 2024. Medan 497 krefttilfelle vart knytte til dei få covid-19-vaksinane som vart tilbydde i same tidsrom. Dette utgjer ein auke på 6113% av krefttilfelle på grunn av covid-19-vaksinasjon.

Når ein bryt ned tala, viser dei at barn i alderen 6 til 17 vart råka av berre eitt tilfelle av kreft på grunn av influensavaksinar mellom 1.januar 2021 og 29.mars 2024, samanlikna med 12 krefttilfelle knytt til covid-19-vaksinar. Dette utgjer ein auke på 1100% av kreft.

Tenåringar og personar i alderen 18 til 29 vart òg berre råka av eitt krefttilfelle på grunn av influensavaksinasjon, samanlikna med 61 tilfelle knytt til covid-19-vaksinasjon. Dette utgjer ein auke på 6000%.

Personar i 30-åra rapporterte berre eitt tilfelle av influensavaksinasjon mellom 1.januar 2021 og 29.mars 2024, medan 141 krefttilfelle vart rapportert blant personar i 30-åra på grunn av covid-19-vaksinasjon. Dette utgjer ein auke på sjokkerande 14 000% av krefttilfelle på grunn av covid-19-vaksinasjon.

Til slutt rapporterte personar i 40-åra 5 krefttilfelle på grunn av influensavaksinasjon, samanlikna med 283 krefttilfelle på grunn av covid-19-vaksinasjon. Dette utgjer ein auke på 5560%.

Ein liknande auke i krefttilfelle på grunn av covid-19-vaksinasjon vart òg registrert blant mellomaldrande og eldre.

Personar i alderen 50 til 59 rapporterte 7 krefttilfelle på grunn av influensavaksinasjon mellom 1.januar 2021 og 29.mars 2024. Derimot rapporterte dei 466 krefttilfelle på grunn av covid-19-vaksinasjon i same tidsrom. Dette utgjer ein auke på 6557%.

Personar i alderen 60 til 64 rapporterte 7 krefttilfelle på grunn av influensavaksinasjon, men rapporterte hakket færre krefttilfelle på grunn av covid-19-vaksinasjon, enn personar i 50-åra, med 326 krefttilfelle registrert i CDC sitt VAERS-system. Dette utgjer ein auke på 4557%.

21 krefttilfelle vart rapportert på grunn av influensavaksinasjon blant personar i alderen 65-79, samanlikna med sjokkerande 950 tilfelle på grunn av covid-19-vaksinasjon. Dette utgjer ein auke på 4424%.

5 krefttilfelle vart rapportert på grunn av influensavaksinasjon blant personar 80 år og eldre, samanlikna med 331 krefttilfelle på grunn av covid-19-vaksinasjon. Dette utgjer ein auke på 6520%.

Til slutt, personar i USA med ukjent alder rapporterte 22 krefttilfelle på grunn av influensavaksinasjon, samanlikna med sjokkerande 1969 krefttilfelle på grunn av covid-19-vaksinasjon. Dette utgjer ein auke på 8850%.

Samla vart der berre rapportert 70 krefttilfelle på grunn av influensavaksinasjon mellom 1.januar 2021 og 29.mars 2024, samanlikna med sjokkerande 4539 krefttilfelle rapportert på grunn av covid-19-vaksinasjon i same perioden, noko som utgjer ein auke på 6384%.

Det er ekstremt urovekkjande å sjå so mange krefttilfelle bli rapportert hjå barn, tenåringar og unge vaksne relatert til covid-19-vaksinasjon. Spesielt når vi tek med i reknestykket at berre 1 til 10% av biverknader av vaksinar blir rapportert til CDC sitt VAERS-system.

Og medan desse dataa ikkje viser oss det eksakte talet krefttilfelle, viser dei oss nok til å gjere oss sikre på at covid-19-vaksinasjon forårsakar kreft.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget