Lam mann døyr ved hjelp av eutanasi etter å ha utvikla liggjesår på kanadisk sjukehus

Fleire og fleire menneske blir i våre dagar offer for det stadig meir liberale eutanasi-lovverket i Canada, som eigentleg er ein dårleg skjult agenda om å avlive det staten ser på som «ubrukelege etarar». Det har blitt urovekkjande enkelt for kronisk sjuke og andre sårbare grupper å få innvilga sokalla legeassistert død; opphavleg var det berre kronisk sjuke med store lidingar som fekk dette innvilga. I enkelte tilfelle skjer eutanasi der det på grunn av omfattande mangel på helsepersonell har oppstått komplikasjonar av allereie alvorlege tilstandar, som gjer at pasienten rett og slett gjev opp og ber om å få døy.

Clare Marie Merkowsky på nettstaden LifeSiteNews kjem med denne urovekkjande og hjarteskjerande historia:

«SAINT-JÉRÔME, Quebec – Ein lam mann i Quebec vart drepen via eutanasi etter at han utvikla alvorlege liggjesår medan han venta på eit sjukehus i eit lengre tidsrom.

29.mars fekk Normand Meunier, ein 66 år gammal lam mann i Quebec, eutanasi i heimen sin etter å ha utvikla liggjesår på grunn av mangel på spesialisert omsorg på sjukehuset i Saint-Jérôme, Quebec, ifølgje ein reportasje frå Radio-Canada.

‘Eg ønskjer ikkje å vere ei bør. I alle tilfelle seier den medisinske opinionen at eg ikkje kjem til å vere ei bør lenge; som gamlingane seier, er det betre å krepere,’ sa Meunier til Radio-Canada i eit intervju dagen før han vart drepen.

Meunier, som har vore lam i armane og beina sidan 2022 på grunn av ein skade på ryggmergen, vart sendt til intensivavdelinga på sjukehuset på grunn av eit luftvegsvirus. Ifølgje partneren sin Sylvie Brosseau, lét sjukehuset Meunier liggje på ei båre i 95 timar.

Brosseau avslørte at ho bad helsepersonellet om å gje ei spesialseng til Meunier, men fekk beskjed om at sjukehuset måtte bestille ei slik ei. Ifølgje sjukehuset etterforskar dei hendinga, og legg til at dei jo har tilgjengelege senger.

Etter å ha lege fire dagar på ei sjukehusbåre, utvikla Meunier liggjesår og eit stort trykksår på rumpeballane, som var so alvorleg at muskel- og beinvevet vart eksponert og synleg.

[Trykksår/liggjesår (decubitus) er eit velkjent og frykta problem hjå immobile pasientgrupper, og særs vanskeleg å behandle når dei fyrst har oppstått. Utfordringa ligg i å avlaste trykket over lengre tid, noko som er særs vanskeleg å gjennomføre til dømes hjå lamme personar. Trykksår skil seg frå vanlege sår ved at skaden byrjar nedanfrå/innanfrå og opp. Eit synleg trykksår er allereie langt utvikla. Eit trykksår er dermed ikkje noko ein helsefagarbeider ønskjer å oppdage under morgonstellet på ein sjukeheim; oms.komm.]

Medan Meunier tidlegare hadde utvikla liggjesår, bestemte han seg for å avslutte livet via Medical Assistance in Dying (MAiD), det eufemistiske namnet på Canada sitt eutanasi-regime, heller enn å halde fram med å motta behandling.

Uheldigvis er ikkje Meunier den fyrste kanadiaren som vel MAiD etter å ha fått utilstrekkjeleg medisinsk omsorg.

Som eit resultat av mangel på helsepersonell, har ventetida på å motta behandling i Canada auka til eit snitt på 27,7 veker, som har gjort enkelte kanadiarar fortvilte, og heller valt eutanasi i staden for å vente på hjelp.

Dette var tilfellet med 52-årige Dan Quayle, ein bestefar frå British Columbia. 24.november valde han å bli drepen med dødeleg injeksjon etter at han ikkje fekk kreftbehandling på grunn av den auka ventetida.

Under heile den smertefulle ventetida trygla familien han om at han ‘måtte ombestemme seg, eller frå beskjed i siste liten om at cellegiftbehandling hadde blitt planlagt’, men fekk i staden konsekvent beskjed frå sjukehuset at dei var ‘på etterskot’.

Sameleis skreiv ei kvinne i Winnipeg i 2022 i sin nekrolog, som vart publisert etter hennar død, at ho valde å døy ved hjelp av assistert sjølvmord etter å ha blitt nekta dei behandlingane ho trong: ‘Eg kunne ha fått meir tid om eg hadde fått meir hjelp.’

Derimot, i staden for å støtte helseomsorgssystemet for å hindre kanadiarar i å ta sine eigne liv, arbeider Trudeau-regjeringa for å utvide tilgang til MAiD ved å lempe på krava til det.

9.mars 2024 vart det bestemt at MAiD skulle utvidast til å inkludere berre dei som leid av psykisk sjukdom. Dette er eit resultat av 2021-vedtaket av Bill C-7 [«Lovforslag C-7»], som òg lèt kronisk sjuke – ikkje berre dødssjuke – å kvalifisere for sokalla legeassistert død.

Etter massiv motstand frå legar, pro-life-grupper og politikarar, vart programmet si utviding sett på mellombels pause fram til 2027.

Ifølgje Health Canada døydde 13 241 kanadiarar i 2022 av MAiD dødeleg injeksjon, som utgjer 4,1% av alle dødsfall i landet det året, og ein auke på 31,2% frå 2021.

Talet kanadiarar drepne av dødeleg injeksjon sidan 2016 ligg no på 44 958.»

Omsett og kommentert av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget