Kvinne trilla lik inn i bank for å få lån

At enkelte bokstavleg tala går over lik for å få pengar, er denne historia frå Brasil eit godt døme på. Russia Today (RT) skriv:

Ei kvinne i Brasil har blitt teken inn i varetekt etter at ho trilla liket til ein eldre mann inn i ein bank, hevda at han var onkelen hennar og at han kunne stå som medunderskrivar på eit lån, ifølgje lokale mediereportasjar, som igjen har det frå lokalt politi.

Erika de Souza Vieira Nunes, som påstod at ho var niesa og omsorgspersonen til 68 år gamle Paulo Roberto Braga, trilla kadaveret inn i banken i ein Rio-forstad tysdag [16.april 2024] og sa til den banktilsette at mannen ville ha eit lån på 17 000 reais (3250 dollar) [35 688 kroner i dagens valuta].

Ho heldt ein penn og flytta handa hans framover, men utan nokon respons, viser opptak frå overvakingskameraet i banken.

«Onkel, høyrer du etter? Du må skrive under,» sa ho visstnok, og føreslo at ho signerte for han. «Signer, so du ikkje gjev meg meir hovudverk, eg held ikkje ut lenger,» la kvinna til, for so å gripe halsen til mannen med handa si bakfrå.

«Eg trur ikkje han føler seg bra. Han ser ikkje bra ut i det heile,» kommenterte ein skeptisk tilsett. Då svarte Nunes: «Han seier ikkje noko, det er berre slik han er.»

Ho vendte seg deretter til den avlidne mannen: «Dersom du ikkje føler deg bra, skal eg ta deg til sjukehuset.»

Personalet i banken vart mistenksame sidan hovudet til mannen stadig fall bakover, so dei ringde politiet – som arresterte kvinna på staden. Nunes har blitt sikta for bedrageri. Liket vart frakta til likhuset.

«Ho visste at han var død… han hadde vore død i minst to timar,» sa etterforskar Fabio Luiz Souza til nyheitsprogrammet Bom Dia Rio onsdag.

«Eg har aldri sett slik ei historie i mine 22 år [som politi],» la Souza til, som sa at synlege teikn på livor mortis gjorde det utvilsamt kva tilstand Braga var i.

Det vart seinare avgjort at Braga hadde vore død i fleire timar før turen sin til banken. Politiet sa at dei vil sjå nærare på omstenda rundt dødsfallet til mannen, og prøve å avgjere om Nunes faktisk er niesa, og om andre var involverte i det påståtte forsøket på å gjennomføre bankbedrageri.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget