Mystisk nevrologisk sjukdom får folk til å sjå DEMONFJES

Saksyndig presenterer her utdrag frå ein artikkel skriven av Michael Snyder på nettstaden End of the American Dream. Temaet er ein mystisk nevrologisk sjukdom som har fått merksemd nyleg, der vedkomande ser demonfjes overalt rundt seg, men elles ser normalt. Det er berre menneskeansikt som ser ut som dei tilhøyrer demonar eller monster.

Snyder skriv:

«Dersom du kom i kontakt med nokon med eit ansikt som såg ut som ein demon, og auge som var svarte som natta, kva ville du ha gjort? Møte slik som desse dukkar opp rundt om i media på nøyaktig same tid som hovudstraumsmedia prøver verkeleg hardt å overtyde oss alle om at alle som ser svartøygde demonansikt har ein ‘sjukdom’. Faktisk, dersom du skriv inn ‘demonansikt’ [engelsk demon face] på Google News, vil du få bokstavleg tala hundrevis av artiklar om ein sjukdom kjent som prosometamorphopsia [heldigvis forkorta PMO; oms.komm.]. Men dette er ein særs, særs sjeldan sjukdom. På noverande tidspunkt har mindre enn 100 tilfelle av PMO nokosinne blitt dokumentert.

So kvifor gjer dei slikt eit oppstyr ut av denne ‘sjukdommen’ no plutseleg?

Alle nyheitshistoriene om denne ‘sjukdommen’ fokuserer på ein 59 år gammal mann frå Clarksville, Tennessee, ved namn Victor Sharrah. Følgjande kjem frå NBC News:

‘Victor Sharrah har alltid hatt skarpt syn. Men ein livsendrande dag i november 2020, la han merke til at ansikta til menneska rundt seg såg demoniske ut.

Auga, nasane og munnane deira var strekte tilbake, og der var djupe fòrer i pannene, på kinna og på hakene.

‘Min fyrste tanke var at eg hadde vakna opp i ei demonverd,’ sa Sharrah (59) frå Clarksville, Tennessee. ‘De kan ikkje førestille dykk kor redd eg var.’’

Eg trur heilt og fullt på han.

Det som Victor Sharrah opplever høyrest definitivt ut som ein særs ekte sjukdom.

Etter han vart testa, vart han formelt diagnostisert med prosopometamorphopsia:

‘Nokon han kjende underviste personar med nedsett syn, og føreslo at han kunne ha prosometamorphopsia, eller PMO. Den ekstremt sjeldne nevrologiske persepsjonssjukdommen får ansikt til å sjå forvrengde ut i form, storleik, vev eller farge. Sharrah følte at symptoma passa, og han vart formelt diagnostisert i fjor.’

Eg har ingen tvil om at han har PMO.

Men dette skal liksom vere ein særs, særs sjeldan sjukdom. Ifølgje People Magazine har berre 81 tilfelle so langt blitt bekrefta […].

Du har langt større risiko for å bli treft av lynet enn å bli råka av eit tilfelle av PMO.

So kvifor lagar dei slikt eit oppstyr ut av dette?

Det er nesten som om enkelte formidlarar prøver å antyde at mange av lesarane deira òg kan ha denne tilstanden.

Til dømes kjem følgjande frå ein ScienceDaily-artikkel med tittelen «If faces look like demons, you could havet his extraordinary condition»:

‘‘Vi har høyrt frå fleire personar med PMO at dei av psykiatrar har fått diagnosen schizofreni og sett på antipsykotika, når tilstanden deira eigentleg er eit problem med det visuelle systemet,’ seier seniorforfattar Brad Duchaine, professor i psykologi og hjernevitskap og overordna etterforskar ved Social Perception Lab ved Dartmouth.

‘Og det er ikkje uvanleg for folk som har PMO å ikkje fortelje andre om problemet dei har med ansiktspersepsjon, fordi dei fryktar at andre vil tru at forvrengingane er eit teikn på ei psykiatrisk liding,’ seier Duchaine.

‘Det er eit problem at folk ofte ikkje forstår.’’

For dei som verkeleg har prosometamorphopsia, ser alle ansikt rundt dei forvrengde ut.

So dersom det store fleirtalet av ansikta du ser, ser fullstendig normale ut, og du so møter nokon med eit ‘demonfjes’, so er ikkje det prosometamorphopsia.

Nyleg har videoar frå folk som har hatt særs merkelege møte med individ som har heilt svarte auge fått mykje merksemd på sosiale media. […]

Det er vel unaudsynt å seie at eg ikkje kan bekrefte noko av dette. Eg var ikkje der, og der finst ingen videoopptak av det dei var vitne til. Men andre rapporterer om liknande opplevingar. […]

Kanskje dei som ser desse tinga berre er sprø. Eller kanskje dei berre har livleg fantasi. Eg veit ikkje. Men dette er ikkje berre noko som byrja å skje nyleg. I mange år har folk rapportert særs nifse møte med ‘svartøygde barn’. Faktisk er dette fenomenet so utbreitt at til og med Wikipedia har ein artikkel om det:

‘Svartøygde barn […] i amerikansk notidslegende er paranormale vesen som liknar på barn mellom 6 og 12 års alder, med bleik hud og svarte auge, som visstnok blir sett haike eller tigge, eller blir møtte på trappa til private bustader.’

Eg er sikker på at mange av dykk har høyrt om slike hendingar òg. No, plutseleg, driv påståtte møte med individ med ‘svartøygde demonfjes’ og dukkar opp overalt i sosiale media.

Kvifor?

Eg ønskjer eg hadde meir konkrete svar å gje dykk. I denne omgang vil eg iallfall vere på utkik etter fleire reportasjar om folk med ‘svartøygde demonfjes’.»

Omsett og kommentert av redaktøren i Saksyndig, som sjølv fekk besøk av to barn i alderen 6 til 12 år på trappa i går kveld. Barna hadde heldigvis verken svarte auge eller demonfjes, men var heilt vanlege barn som selde lodd for det lokale fotballaget.

3 comments

  1. Alt er frekvens, og vår evne til å oppfatte slike endrer seg jevnt gjennom livets gang. Fortsatt kan jeg høre gresshopper; dog hvor lenge?

    Samtidig vet vi at hjernen gjør sitt for å forenkle og fylle inn hull der den kan.

    Forleden dag, da vi jobbet i garasjen, hentet frua forfriskninger; to bokser «Aass Uten» til å leske oss med i en velfortjent pause. Boksene ble stående på ei hylle mens vi skrudde de siste skruer. Til tross for at jeg ikke studerte dem nøye, observerte jeg at de ble plassert, samt at jeg hadde jeg dem i sidesynet; 2 x 0,33 aluminiumsbokser i hovedsaklig hvit dekor, tilstrekkelig temperert etter ei natt i kjøleskap, som klart kauket etter å konsumeres.

    Så skjedde noe merkverdig: Det ble tid for pause og etterlengtet lesk; jeg gikk mot hylla for å hente de iskalde da brått den ene boksen (hadde) endret fasong. Det var ikke lenger en 0,33 øveøl, men en 0,5 «Energi»-drikk; riktignok også med hovedsaklig hvitt/lyst design, men likevel svært forskjellig utforming -og størrelse- sammenlignet med ølboksen.

    Uten for mye hokus pokus, paranormal pretensjon eller psykiatri, tror jeg ovennevnte er et adekvat eksempel på det som må kunne kalles ei dagligdags hjernefinte:

    Da min (laaaaangt) bedre halvdel gikk for å hente vår pausedrikk, spurte hun hva jeg ville ha: Vel vitende om at det fantes iskalde nesten-øl i kjøleskapet, ga jeg dermed forskriftsmessig uttrykk for takknemlighet til at hun medbragte en slik attende. Da hun returnerte med to, antok jeg sannsynligvis at hun hadde tilstrekkelig næringsvett til også å sørge for én til seg selv, og «observerte» dem derfor «mentalt» som to likeverdige drammenserne «due for drainage» på hylla der de beviselig sto.

    Jeg skal ikke påstå at brusboksen hennes metafysisk morfet framfor meg, men det var åpenbart at gråmassen hadde feiltolket og gjorde en korreksjon på hel volley. Det var en artig observasjon og ble en kilde til latter da jeg proklamerte det i pausepraten. Fruentimmeret har ingen vane for å nyte sådan nektar, men hadde falt offer for produkteksponeringens fiffige grep og impulshandlet fludiuet forestående.

    Så kan vi naturligvis trekke på smilebåndet av en sådan anekdotisk observasjonsbeskrivelse, men …

    … for de av oss som «legger merke til ting» -og som liker å supplere denne ’til-ting-merkeleggingen» med skjeggrufsing og spørsmål- vil det være naturlig å gruble litt rundt hvor mange slike «hjernefinter» og mentale snarveier toppetasjen utsetter oss for i det daglige? Hvor mye av vår virkelighet er forenklede forståelser? Vet vi omfanget av alt vi tar for gitt? Osv.

    Sist, men så definitivt ikke minst; hvilken makt tilfaller den som behersker å finte?

    Ser disse mennesker demoner fordi deres sanseapparat er forstyrret (fintet) til å observere fjes feilaktig? Er de for første gang frigjort til å se ting slik de /egentlig/ er?

    Likt av 1 person

    • Takk for at du delte denne historia, StormFrog. Det ein sjølv tenkjer og oppfattar, er ikkje alltid 100% i samsvar med den faktiske realiteten. Òg hukommelsen kan spele folk eit puss, noko «Mandela-effekten» er eit bevis på. Av ein eller annan grunn har mange fått det føre seg at Nelson Mandela døydde i fengsel på 80-talet, sjølv om han fyrst døydde i 2013, etter å ha vore fri sidan 1990.

      Likar

  2. Hehe, ja; da videoer om Mandelaeffekten begynte å dukke opp for en del år siden, var jeg selv én av de som måtte tenke meg (grundig) om. Svært interessant.

    For øvrig takk for svar, og atter en gang for innsatsen du/dere gjør med Saksyndig!

    Likar

Kommenter innlegget