Covid-«vaksinane»: Patentert nanoteknologi slepper ut gift og haustar energi frå kroppen

Her følgjer ei omsetjing av ein transkripsjon av ein nyleg episode av Greg Reese sin Reese Report. Transkripsjonen er henta frå The Exposé:

Det 248 sider lange patentet for Moderna-teknologien som vart administrert til folket gjennom covid-sprøytene vart levert i 2020. Patentet listar opp fleire utgåver, eller variasjonar, av denne teknologien. Og medan vi ikkje veit kven som fekk kva slags utgåve, veit vi at fleire ulike parti [eller batch]-nummer vart brukte. Og enkelte var langt meir dødelege enn andre.

Ifølgje Moderna-patentet inneheld denne teknologien sjølvkonstruerande nanopartiklar. Og i visse variasjonar kan desse nanopartiklane bli brukte til å kontrollert sleppe ut komponentar so fort dei er inne i menneskekroppen. Desse lipid-nanopartiklane er kapsla inn i ein polymer-hydrogelé, eit lag som inneheld polyvinylar, og som mogleggjer kontrollerte utslepp. Dette har blitt bekrefta av Ana Mihalcea (sjå vår rapport her), og Clifford Carnocom si forsking.

I eit 2013 TEDMED-føredrag, seier dr. Ido Bachelet at desse nano-robotane allereie har blitt vellykka utvikla i Israel. Og at dei kan bli injisert i kroppen med ei vanleg sprøyte. Han viser eit bilete av korleis dei ser ut, og dei ser ut til å vere dei same strukturane som Fifth Column [La Quinta Columna] fann i si eiga forsking, og som dei hevda fekk energi frå 5G – noko som dr. Bachelet bekrefta.

«Teamet mitt utvikla nano-robotar som ber antenner. Desse antennene er laga av metall-nanopartiklar. No gjer antenna at nanobotane kan respondere på eksternt appliserte elektromagnetiske felt. So desse versjonane av nanobotar kan faktisk bli aktiverte ved å trykkje på ein knapp på ein kontroll.» – Dr. Ido Bachelet.

I denne videoen blir den diskutert av utviklarar i 2015.

«Nano-roboten som vi designa og laga er ei maskin som kan bli programmert til å sjølvstendig kjenne igjen målceller og levere stoff til desse cellene (dr. Ido Bachelet). So den grunnleggjande ideen er å lage eit bur eller korg som beskyttar eit skjørt, eller giftig, eller verdifullt stoff, og berre sleppe det ut på eit bestemt tidspunkt (George Church). Nano-roboten som vi designa, ser faktisk ut som ei tønne utan lok, eller eit muslingskjel, som er knytt saman av fleksible DNA-hengslar, og heile strukturen blir halden gjenlukka ved hjelp av hasper eller låsar som faktisk er doble DNA-helixar. Måten det fungerer på, er at i fråvær av nøkkelen, som er eit molekyl eller protein, dupleksa blir haldne sterke nok til å halde heile strukturen lykka. Men når nøkkelen er til stade, den delen av DNA-et som vi designa til å kjenne igjen den nøkkelen, går over til å binde seg til den nøkkelen, og dupleks-glidelåsen opnar seg (dr. Ido Bachelet).»

Arbeidet til Todd Callender sitt team på vaxxchoice.com har konkludert at desse sprøytene inneheld ein variant av syntetiske patogen som kan bli sleppt ut ved hjelp av eksterne 5G-frekvensar. Moderna-patentet skildrar desse nanopartikkel-imitatorane, som hermar etter leveransen av ei rekkje patogen, og listar opp over hundre av dei i sjølve patentet.

Og ifølgje arbeidet til vaxxchoice.com, har kvar av desse syntetiske patogena ei IP-adresse, dei er katalogisert under Energidepartementet, og dei bruker Cæsium-137, som vi har blitt kontaminert av gjennom miljøet, som ein byggjestein for konstruksjonen deira i kroppane våre ved bruk av eksterne frekvensar. Og forskinga deira viser at Microsoft-patentet som vart levert i 2020, 060606 cryptocurrency system using body activity data [«kryptovaluta-system ved bruk av aktivitetsdata frå kroppen»], no er sett i verk, og at denne teknologien gjer menneskekroppen om til ei antenne som kan generere energi. Dette inneber at menneske bli gjort om til batteri for å drive det digitale KI-fengselet som blir bygt rundt oss. Og dersom du vel å ikkje lyde, inkluderer teknologien ein dødmannsknapp.

Takka vere mange uavhengige forskarar og vitskapsfolk, er vi no i ferd med å finne ut av agendaen deira. Men dei held fram med å vandre fritt blant oss, på ingen måte hindra av nokon juridiske konsekvensar.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget