Korleis mRNA-covid-19-«vaksinar» faktisk øydelegg immunforsvaret til folk

Natural News skriv:

No når nokre år har gått sidan dei fyrste mRNA-covid-19-vaksinane vart administrerte, blir effektane dei har på immunforsvaret pinleg openberre – og enkelte medisinske ekspertar er bekymra for den potensielle effekten på menneskehelsa.

mRNA (eller messenger-RNA)-vaksinar er ein relativt ny spelar på vaksinefeltet. Målet deira er å invadere cellene i kroppen og lære dei korleis dei kan generere eit protein som vil framkalle ein immunrespons for å produsere antistoff som kan hindre infeksjon om eit ekte virus skulle kome seg inn i kroppen.

Dei skil seg ut frå tradisjonelle vaksinar  ved at dei ikkje bruker eit svekt eller levande virus for å forårsake den ønskte immunresponsen. I staden bruker dei genetisk materiale, eller mRNA, for å gje instruksjonar til å produsere det ønskte virusproteinet. mRNA-et ligg inni ein beskyttande lipid-nanopartikkel som vil hjelpe det genetiske materialet med å kome seg inn i cellene. Der vil det produsere virusproteinet slik at immunforsvaret kan gjenkjenne det og skape antistoff som vil nøytralisere det. Dette er grunnen til at mange samanliknar dei med genterapi-injeksjonar.

Medan dette kanskje høyrest yt som ei effektiv tilnærming i teorien, er der faktisk mange svakheiter i prosessen. Derimot er dei potensielle biverknadene noko mange burde bekymre seg for, der mange av dei er ukjende fordi teknologien er sopass ny, og der har ikkje vore nokon langtidsstudiar av effekten av mRNA-covid-19-vaksinar.

Vi veit derimot at mRNA-vaksinar kan få ein person sitt immunforsvar til å bli overstimulert, som er grunnen til at so mange menneske opplever betennelse og autoimmune reaksjonar på sprøytene. Og medan styresmakter hevda at mRNA-et i desse vaksinane bryt seg raskt ned og blir eliminert av kroppen då dei dreiv og pusha desse sprøytene p massane, har dette vist seg å ikkje vere tilfellet i det heile.

Faktisk fekk desse vaksinane naudgodkjenning då kliniske forsøk med dei berre var i fase 3, og ekte data allereie viste ein høgare dødelegheitsrate blant vaksinerte individ, samanlikna med dei som ikkje var vaksinerte. Dei viste òg ein høgare risiko for å bli infisert med viruset. Dette og annan evidens peikte på at covid-19-vaksinar øydelegg det naturlege immunforsvaret til folk.

Aktivering av latente virus

Ein annan stor risiko knytt til sprøytene vart alvorleg underdriven av styresmaktene: aktiveringa av latente virus. Mange vitskapsfolk byrja straks å bekymre seg for om desse sprøytene kunne aktivere sovande virus slik som HIV og herpes, og bad om meir forsking rundt desse risikoane før sprøytene vart rulla ut.

Latente virus kan liggje i kroppen i sovande tilstand i lange periodar utan å forårsake nokon openberre symptom. Derimot, når immunforsvaret blir aktivert av mRNA-sprøyter og produserer chemokin og cytokin som gjev molekyl signal om å rekruttere immunceller til infeksjonsstaden, kan cellene kjenne igjen og rette seg mot latente virus, noko som aktiverer og repliserer dei.

I tillegg veit vi no at mRNA frå desse vaksinane ikkje blir brote raskt ned og at dei ikkje blir raskt eliminert av kroppen. I staden formeirar dei seg millionar av gonger og kan kome seg gjennom blod-hjerne-barrieren. Dette er grunnen til at desse vaksinane utmerka er i stand til å aktivere latente virus.

Eit anna stort problem med desse vaksinane, er deira potensial til å endre immunforsvaret til å kjenne igjen og respondere på andre patogen. Dette kan kompromittere effektiviteten til immunforsvaret når det gjeld å kjempe ned alle typar infeksjonar, og auke ein person sin risiko for sjukdom. Dette kan òg hjelpe til med å forklare kvifor ein finn ein mykje høgare dødelegheitsrate blant vaksinerte samanlikna med uvaksinerte.

Virologar åtvarar mot sjukehuskollaps

Medan mRNA-vaksinar framleis er gjenstand for pågåande forsking, viser tidlege data at fordelane med desse sprøytene ikkje er i nærleiken av å gjere opp for dei potensielle risikoane, spesielt når ein ser på deira manglande evne til å hindre overføring av viruset frå person til person.

Den høgt respekterte virologen dr. Geert Vanden Bossche har åtvara at ei diger bølgje av sjukdommar og dødsfall blant den høgt vaksinerte befolkninga med sitt kompromitterte immunforsvar ventar rundt hjørnet, noko som vil få sjukehussystemet til å kollapse og skape sosialt, finansielt og økonomisk kaos.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Sjå òg «Toppvirolog åtvarar om massiv tsunami av mRNA-‘vaksine’-dødsfall», publisert 8.april 2024.

Kommenter innlegget