Paul Craig Roberts åtvarar: Ein massiv, total-øydeleggjande finanskollaps er på veg

Ethan Huff i Natural News skriv:

Ein har enno til gode å lette på sløret om det, men USA har blitt rundstolne av den rådande makta, som har avskrive dei finansielle midlane til amerikanarar som tap for den komande sprekkinga av derivat- og finansbobla.

Dei som har kontrollen har i det stille, og utanfor syne frå offentlegheita, gjort ein serie regulerande endringar i påvente av den komande kollapsen som kort fortalt vil frårøve det amerikanske folket all eigedom. Dei fleste amerikanarar har ingen idé om at dette skjedde, men når alt kjem til alt vil dei lære på ein augneblink at livet og framtida deira har blitt stole frå dei.

Paul Craig Roberts la ut om emnet i ein serie på tre delar med tittelen «The Great Dispossession» [«den store frårøvinga»], om at bobla faktisk kjem til å sprekke. Det er ikkje snakk om viss, men heller når den vil nå si unngåelege grense.

«The Fed [den føderale sentralbanken] gjekk brått og raskt frå null til fem prosent rente, ei reversering av politikken som pressa opp prisane på aksjar og obligasjonar,» forklarer Roberts, og siterer arbeidet til David Rogers Webb.

(Sjå òg «‘The Great Taking’ legg ut om den planlagde konfiskeringa av alt folk eig i den neste styrte finanskollapsen», publisert 5.januar 2024.)

«The Fed hevdar renta ved å redusere pengeforsynings-veksten, og fjernar altso faktoren som støttar høge aksjeprisar, og kollapsar verdien av obligasjonar. Dette resulterer i ei lågning av verdien på aksjoar og obligasjonar som tener som pant for lån, som, naturlegvis, tydar at låna og den finansielle insitusjonen bak dei er i vanskar. Obligasjonar har allereie blitt råka. Aksjemarknaden held seg oppe fordi deltakarane trur at The Fed er i ferd med å reversere sin rentesats-politikk og at dei skal setje ned renta.» […]

Den største boblesprekkinga nokosinne

Før det store aksjemarknadskrakket i 1929, tok farten på omløp eit farleg fall. Dette tydar at talet gonger ein dollar blir brukt i løpet av eit visst tidsrom minka dramatisk, noko som gjorde marknadene ustabile.

Det private Federal Reserve [igjen, den føderale sentralbanken] prøver å handtere denne prosessen for å hindre slike krakk, men realiteten til denne typen bankverksemd er at der alltid vil vere oppturar og nedturar på grunn av den korrupte naturen til fiat-pengar, som ikkje er ekte pengar.

Det som skjedde i forkant av 1929 er nok ein gong i ferd med å skje i dag. Det 21.hundreåret sett under eitt er markert av eit langvarig fall i farten på omløp, som for tida er på det lågaste nivået som nokosinne er registrert.

I mellomtida har aksjar og eigedom blitt pressa opp til skyhøge prisar langt over det dei faktisk er verdt. Når bobla sprekk, kjem det til å bli den største boblesprekkinga nokosinne, som vil generere eit hittil usett omfang av tvangssal og økonomisk kollaps.

«Når the Fed, etter meir enn eit tiår med renter på nesten null, hevar renta, vil dette kollapse verdien til finans-porteføljer og eigedom og produsere ei finanskrise,» seier Roberts.

«Sidan styresmaktene har sett i verk eit system som gjev økonomiske støttepakkar til sikra kreditorar ved hjelp av våre bankkontoar, aksjar og obligasjonar, vil vi ikkje ha nokon pengar og ingen finans-aktiva å selje for å få pengar. Folk med bustadlån og føretak vil misse dei, akkurat slik dei gjorde i 1930-åra, då dei miste pengane på grunn av at bankar gjekk nedanom og heim. Folk med billån vil misse transportmiddelet sitt. Måten systemet fungerer på, er at du misser pengane dine, men ikkje gjelda.»

Du kan forvente fleire bankkollapsar, som inneber tapet av det du har på konto. Det føderale forsikringsprogrammet vil ikkje kompensere deg for det du taper fordi, som tidlegre nemnt, alle innskot har blitt gjort om til pant for kreditorane.

«Alt dette har skjedd før, men ikkje i den skalaen som vi no har i vente,» åtvarar Roberts.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget