Det at unge, friske kvinner gjennomgår eutanasi i Nederland burde vere eit raudt flagg for Canada

Jonathon Van Maren på nettstaden LifeSiteNews skriv:

Når eg [Van Maren] ser tilbake på kommentaren min om eutanasi i Canada like etter at Høgsteretten si Carter-avgjerd påbaud vedtak om lovverk som legaliserte eutanasi, innser eg no at eg var naivt optimistisk.

På den tida la eg merke til at bana til Canada ville bli den same som den til Belgia og Nederland. Faktisk har Canada sin tur ned den glatte bakken vore endå raskare. Det tok Låglanda [Nederland og Belgia] to tiår før eutanasi-regima deira kom til dette punktet; Canada brukte knapt fem år.

Likevel finst der nokre lekser Canada kan lære frå det som utfaldar seg i Nederland – spesielt no når Trudeau-regjeringa nektar å avlyse sine planar for å utvide kven som kan få statssanksjonert sjølvmord, mellom andre dei som berre er psykisk sjuke – offentleg motstand førde berre til ein pause i den planlagde politikken. Sjå denne nylege historia som vart fortalt på Spiked av dr. Kevin Hull:

«Jolanda Fun skal etter planen døy neste veke på sin 34-årsdag. Difor har ho vore i stand til å førebu gravferdsinvitasjonane på førehand. ‘Fødd av kjærleik, frigjort i kjærleik’, står det å lese på korta. ‘Etter eit tungt liv, valde ho freden ho har lengta sånn etter.’

Fun, som bur i Nord-Brabant i Nederland, forklarte kvifor ho ønskjer å døy i eit intervju med The Sunday Times førre veke. Sjølv om ho er fysisk frisk, føler ho seg konstant ‘trist, nedfor, dyster’. I ein alder av 22 vart ho diagnostisert med eit vell av mentalhelse-problem, og har sidan gjennomgått tallause terapiformer. Som ein konsekvens har ho aldri greidd å halde på ein jobb. Då ein rådgjevar fortalde ho for ho år sidan at ho kunne velje eutanasi, bestemte ho at dette var det einaste valet som stod att for ho. ‘Eg ønskjer å trekkje meg ut av livet,’ forklarer ho.

Fun har utan tvil hatt eit vanskeleg liv. Ho lid frå ei eteforstyrring, tilbakevendande depresjonar, autisme og milde lærevanskar. Men å føreslå sjølvmord som ein kur for desse problema, er det same som å i praksis gje ho opp.»

Vi alle kjenner nokon som lid og slit slik som Jolanda. Vi kjenner alle nokon – truleg mange som er svært nær oss – som vil vere kvalifiserte for ein dødeleg injeksjon dersom Justin Trudeau skulle sitje lenge nok som statsminister til å innføre regjeringa hans si planlagde utviding av det kanadiske eutanasi-regimet. Å stoppe eutanasi på grunn av psykisk sjukdom er slikt eit livsviktig tema at, når enn det neste føderale valet skal finne stad, vil eg gå og stemme berre for å stoppe det. Dersom Canada innfører sjølvmord på bestilling for suicidale, vil vi oppleve slikt eit blodbad – og det er ikkje eingong å overdrive. Eutanasi-dødsfall utgjer allereie meir enn fire prosent av alle registrerte dødsfall kvart år.

Dersom du treng nok eit ansikt til denne politikken, tenk på 28 år gamle Zoraya ter Beek frå Twente i Nederland. Ifølgje ein profil i The Sun 5.april, har den fysisk friske unge kvinna – som lid av depresjon og autisme – bestemt seg for å døy ved hjelp av eutanasi. Trass at ho har ein kjærast som ho elskar høgt, i tillegg til fleire kjæledyr, tok ho avgjerda etter at ho hevda at ein psykiater sa til ho at «det aldri kom til å bli betre». Ho har valt å motta eutanasi heime, med kjærasten ved si side. «Eg ser ikkje på det som at sjela mi forlèt livet, men meir som at eg sjølv blir frigjort frå livet,» sa ho. «Eg er litt redd for å døy, fordi det er det ultimate ukjende. Vi veit verkeleg ikkje kva som kjem etterpå – eller er det ingenting? Det er den skremmande delen.»

For å kome med ein viktig digresjon: Nesten ingen kommenterer det faktum at lovleg eutanasi er basert på den fundamentale trua på at kristendommen ikkje er sann.

Vi alle kjenner nokon som Zoraya, som slit med depresjon og stundom føler for å gje opp. I Canada er det utruleg vanskeleg å få hjelp for psykiske lidingar – og for mange blir assistert sjølvmord dermed hovudvalet. Eutanasi vil bli den einaste tingen dei faktisk er kvalifisert for. Sjølvmord vil bli den einaste «tenesta» som staten faktisk er i stand til å gje tilgang til. I teorien kan du lage ein avtale med ein psykiater; i praksis er berre «MAiD-tilbydaren» tilgjengeleg for deg. [MAiD = Medical Assistance in Dying, det offisielle namnet på Canada sitt sjølvmordsprogram; oms.an.]. Vi ser dette allereie i alle slags helsetenester, frå palliativ-senger til sjukehussenger til kreftomsorg – grunnleggjande svikt i systemet resulterer i desperate, lidande menneske som i staden vel dødeleg injeksjon.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget