Elitane sin våte draum og menneskeheita sin største trugsel: Uvetande matvrak som «kånkar ut» og ligg og fis

Rolf Galgerud leverte ei knakande god skildring av det norske helsevesenet i ein artikkel publisert på Derimot 20.april 2024. Det kan med rette kallast helse-uvesenet, og tendensar som var til stade der før covid, slo ut i full blomst under denne djupstrukturelle hendinga som den overnasjonale djupstaten stod bak. Denne meiningsartikkelen handlar diverre (?) ikkje om korleis helsepersonell gjorde seg til drapspersonar då dei fort og gale injiserte uvetande menneske med eksperimentell mRNA-teknologi. Ein arena der det var mykje kontrovers lenge før Koronaprosjektet, er kosthald. Kva er sunt å ete?

For å parafrasere Galgerud, er enklaste måten å finne ut kva som er eit sunt kosthald, å ta den berømte kosthaldspyramiden og snu den på hovudet. Karbohydrat bør ein ete minst mogleg av, for det er det einaste makronæringsstoffet som kroppen fint klarer seg utan. Mange urfolk et bokstavleg tala ingenting anna enn kjøt (og enkelte stundom kvarandre), og dei ikkje berre overlever, men er langt friskare og sunnare enn vestlege. Faktisk har ingen nokosinne møtt på urfolk som berre et karbohydrat. Eit slikt kosthald er synonymt med den sikre død på grunn av kritisk næringsmangel.

Eit vestleg kosthald består av mykje karbohydrat og lite feitt. Dette er eit genialt kosthald å gå på om du lengtar desperat etter å få følgjande sjukdommar:

  1. Overvekt og diabetes type 2, slik at du må stikke deg i fingeren eller vomma kvar dag, og til slutt må amputere føtene
  2. Øydelagde tenner fulle i hol, slik at du til slutt må gå med ein ubehageleg tannprotese
  3. Masse herleg kreft, slik at du må pine deg gjennom dødbringande rundar med cellegift
  4. Hjarteinfarkt i bøtter og spann, slik at du blir fast «gjest» på hjarteavdelinga på sentralsjukehuset
  5. Kanskje òg Alzheimer, slik at du hamnar på sjukeheim og blir avliva av «Morfin-Mona» (om du ikkje ønskjer å flytte på sjukeheim, kjem ho med glede heim til deg og drep deg i staden!)

Slike feite, sjuke og nesten døde menneske er den våte draumen til fienden vår. Når nokon fyrst blir ein ubrukeleg etar, vil vedkomande bli eliminert innan kort tid. For å denne gong direkte sitere Galgerud: «En befolkning med livslange plager og lidelser er jo idealbefolkningen for farmaindustrien og også for legestanden. Våre kostholdsråd er lagt opp slik at du spiser på deg plager som det er vanskelig eller umulig å bli kvitt. Man medisinerer mot plagene, symptomene, og ikke mot årsaken.»

Ingenting gler elitane betre enn ei befolkning som ligg på sofaen dorske og dovne og lèt seg indoktrinere og programmere gjennom intens, nådelaus overstimulering. I ein slik tilstand vil jo ingen gjere opprør. Ingen set dette på spissen slik som «E» i kommentarfeltet til artikkelen:

«Arkeologer finner jegere/samlere, høye, gode tenner, kornspisende jordbrukere små og tannlause.

2024. Burger av gmo hvit bolle, kjøtt med steroider, antibiotica og rmna for alt vi vet. En SVÆRT overvektig i nabolaget fikk tarmen kirurgisk forminsket, hjalp ikke det minste, like feit som før. Matvrak er å regne som andre avhengige, som rus for å ikke føle. Jeg kjente en som beskrev å glefse i seg ett-to-tre-fire brett med alt, cola, chips burger ketchup og sennep. For så å kånke ut og ligge og fise.»

Her har vi det norske folket i eit nøtteskal. Dei gaflar i seg burgerar, pizza, taco og snop framfor det som med rette kan kallast idiotboksen. Sjølve sjåargrunnlaget for programma som blir vist på TV i staden for meir matnyttige (!) tema. Reality-TV er vel det einaste dei sender på TV no for tida, og dersom «kundane» er matvrak som «kånkar ut» og ligg på sofaen og vis og vrir dei bælfeite kroppane sine, so forklarer det faktisk ein heil del.

Med dette kan ein innføre ein ny definisjon på «norsk standard». Menn og damer som ligg og fis og vrir på seg, so stappmette at dei må spy for å få plass til meir. Ingen gidd å ha sex, fordi det er for slitsamt, og fordi dei er so feite at samleie er fysisk umogleg. Hjernane deira er òg «kånka ut», og slik kan dei motta dei rette instruksane om kva dei skal breke om i morgon.

Kor mykje vit dei ein gong hadde, er uvisst. Ein ting som er sikkert, er at dei ikkje har nemneverdig mykje vit igjen no. Dei er uvetande, dei veit ikkje at dei ingenting veit. Sakte, men sikkert, blir deira verd mindre og mindre, og til slutt ligg dei der og fis i eit fengsel – utan moglegheit for å opne vindauget og lufte. Ønskjer vi ei slik lita, illeluktande verd blotta for kunnskap og sunt bondevit?

Eliten roper eit høgt, rungande «JA». Dei dorske, dovne, utkånka matvraka gidd ikkje mumle «nei». Dei vil berre liggje der og fise.

Denne humorartikkelen er skriven av redaktøren i Saksyndig.

Kommenter innlegget