Japan held stor pressekonferanse om massesøksmål for å få erstatning til covid-«vaksine»-skadde

Ethan Huff i Natural News skriv:

Den største pressekonferansen som nokosinne har blitt halden av større medieformidlarar når det gjeld helseskaden forårsaka av Wuhan-koronavirus (covid-19)-«vaksinar» fann stad i Japan førre veke, og fekk mykje sårt behøvt merksemd rundt eit særs alvorleg tema.

No når milliardar av menneske rundt om i verda har teke injeksjonane, anten gjennom tvang eller fordi dei vart logne til og fortalt at det ville halde dei «trygge» mot eit fiktivt «virus»-biovåpen, kjem kyrne heim frå beite for mange av desse menneska, der immunforsvaret har byrja å svikte.

I Japan lagar vaksineskadde borgarar eit helvete, og krev kompensasjon for skadane sine. Tragisk nok har mange offer no gått bort, medan andre utviklar AIDS-liknande immunsvikt og andre problem som eit resultat av Operasjon Warp Speed og alt det førde med seg.

(Relatert: Sokalla «long covid» er berre ei dekkhistorie for den dødelege effekten av giftige covid-injeksjonar.)

Unge menneske har blitt lurt av det japanske kompensasjonsprogrammet for vaksineskadde

I nemnde video kan du sjå ein del av pressekonferansen der eit massesøksmål vart introdusert. Japan har eit kompensasjonsprogram oppe og går, der covid-sprøyteoffer potensielt kan motta oppreisning for det som skjedde med dei.

Som du kan lese i dei engelske undertekstane, kan unge menneske som er single og bur åleine berre få nokre hundre tusen yen i kompensasjon, som for dei fleste skadde og svekte aldri vil vere nok til å halde dei flytande resten av livet.

Motsett får eldre som har ingen til å støtte seg automatisk rett på erstatning under Japan sine urettferdige vaksine-kompensasjonslover, heile 44,2 millionar yen i kompensasjon, «noko som verkar fullstendig ute av proporsjon samanlikna» med yngre menneske.

Føremålet med massesøksmålet er altso å jamne ut bana for å sikre seg at unge og single òg får det som eldre får, når det gjeld kompensasjon for vaksineskadar som har gjort dei svekte eller lamma i stor eller liten grad.

Denne videoen inneheld eit anna vitnesbyrd som vart delt på pressekonferansen.

Hugs at nemnde video hovudsakleg inneheld familiemedlemmene til offer som i tårer snakkar om kva som skjedde med deira kjære, etter å ha lydd styresmaktene «og gjort sin del» for å «stoppe spreiinga».

«Vaksineskadane blir ikkje delte med folket, ikkje i det heile,» seier personen i videoen på japansk. «Verken informasjon eller media blir spreidd. Dei får skadane frå den nye koronavirus-vaksinen til å sjå mindre ut enn dei er, eller dei ignorerer dei kategorisk, som for å antyde at det går i omløp på ein slik måte.»

«Menneske døyr og realiteten av det som skjer blir skjult. Dei er vekke. Der finst folk no som lid frå biverknader og skadar, likevel blir dette knapt kringkasta av media, nesten ikkje i det heile.»

Vitnesbyrdet er kraftig, so sjå heile videoen. Det vil knuse hjartet ditt og håpefullt gjere deg forbanna, når du no ser den massive urettferda som Operasjon Warp Speed har sleppt laus på verda.

Der finst aldri ein god grunn til å ta ein covid-injeksjon.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

2 comments

Kommenter innlegget