Det går diverre føre seg ei ekstrem, grovkorna mobbing på nettet av oss som har synspunkt på covid-19 og «pandemien» som ikkje er i samsvar med den statleg godkjende forteljinga. Fleire mobbegrupper heng oss ut og hånar oss, vi blir kalla «konspirasjonsteoretikarar», «koko-folk» og framstilt som regelrett sinnslidande. Samstundes nektar dei å ta ein sakleg debatt med oss. Dei ringjer i staden politi og helsetenester fordi dei er «bekymra» for mentalhelsa vår. Nokre grupper legg ut privat informasjon om oss, slik at personar med vondsinna føremål veit kor vi bur. Enkelte tek òg kontakt med arbeidsgjevarar med det føremål å ta frå oss jobb og levebrød. Dei mest nedrige kontaktar Barnevernet.
Vi i Saksyndig må av den grunnen ærleg tala innrømme at det er vanskeleg å ikkje tru på karma og universell rettferd når dei som mobbar og skaper problem for uvaksinerte, sjølv blir alvorleg skadde av covid-«vaksinane». Samstundes skal vi passe på å ikkje godte oss over andre si elende. Iallfall ikkje altfor mykje.
Denne artikkelen henta frå Alex Jones sin nettstad Infowars illustrerer ikkje berre denne karmiske rettferda, men òg storsinnet til oss uvaksinerte. I dette tilfellet handlar det om ei dotter som vart håna av sin eigen far fordi ho ikkje ville ta Pfizer sin mRNA-injeksjon. Faren tok den, og vart alvorleg sjuk. No tek ho seg av faren, som er pleietrengande.
«Bodskapen til ei kanadisk kvinne går viralt på nettet etter at ho la ut ein video av sin vaksineskadde far, saman med ei nifs åtvaring til andre.
‘Vil de vete kva som skjer når folk vil fortelje deg at du går med tinnfolie-hatt og alt det der? Dette skjer,’ seier ho og vender kameraet mot sin rullestolbundne far.
‘Denne mannen sa til meg at eg gjekk med tinnfolie-hatt. Og veit det kva? Eg passar på han no. Eg er takksam for at han lever, kvar dag. Han slo Pfizer. Og no skal eg sikre meg at andre òg overlever på grunn av Pfizer, og eg har tenkt å halde den kanadiske regjeringa ansvarleg…’
Ho la til: ‘Dei forbanna foreldra kjem, dei forbanna menneska kjem, og det skjer berre ikkje at WHO skal få grep om Canada. Sann mine ord, folket skal reise seg. Eg er ferdig med denne faenskapen, er du?’
‘Dei dødelege injeksjonane vart testa på lab-rotter i all hemmelegheit. Big Pharma visste at sprøytene ville forårsake massiv sjukdom og død. I oktober 2020 offentleggjorde FDA ei liste med sannsynlege biverknader som spådde alt det helvetet som følgde,’ skreiv Alex Jones som respons på videoen.»
Omsett av og kommentert av redaktøren i Saksyndig.
