Innvandrar dømt for valdtekt av barn blir ikkje deportert fordi det vil «skade hans mentale helse»

Steve Watson på nettstaden Modernity.news skriv:

Ein innvandrar frå Eritrea som er dømt for valdtekt av barn, vann ein anke om å ikkje bli deportert frå Storbritannia etter å ha argumentert at det vil skade hans mentale helse.

Ja, verkeleg.

Innvandraren har vore i fengsel i ti år etter at han gjekk til åtak på ei tenåringsjente i 2014.

GB News rapporterer at ein anke som hevda at innvandraren ikkje ville få tilgang til behandling for PTSD [post-traumatisk stressliding] eller depresjon i det aust-afrikanske landet, har lykkast.

Advokatane til mannen greidde å få ein lege til å vitne om at innvandraren sannsynlegvis ville ta sitt eige liv dersom han vart deportert.

Dei hevda òg at han kom til å bli straffa i heimlandet fordi han hadde unndrege seg verneplikta.

Som eit resultat skal innvandraren bli verande i Storbritannia, trass at ein tryggleiksrapport har konkludert at mannen utgjer ein betydeleg risiko for den offentlege tryggleiken.

Den konservative parlamentsmedlemmen Nigel Mills kommenterte: «Denne mannen utførde eit alvorleg brotsverk og burde ikkje vere i nærleiken av dette landet.»

Han la til: «Dersom han var uroa for å misse tilgang på helsebehandling, eller bli arrestert for å stikke av frå verneplikta, burde han tenkt på det før han utførde brotsverket.»

«Denne avgjerda er nok eit teikn på at rettssystemet ikkje har kontakt med resten av Storbritannia,» sa Mills vidare.

Dette er langt ifrå ei eineståande sak.

I fjor fekk ein innvandrar-valdtektsmann som vart konstatert å utgjere ein alvorleg fare overfor kvinner, lov til å bli verande i Storbritannia etter at han argumenterte at medisinane han fekk for å behandle mentalhelsa si ikkje var tilgjengelege i Gambia.

Som vi [Modernity.news] tidlegare sette søkjelys på, fekk ein afghansk ulovleg innvandrar og seksualforbrytar nyleg flyktningstatus i Storbritannia fordi han argumenterte at det å eksponere seg sjølv i offentlegheita ikkje ville bli tolerert dersom han vart sendt tilbake til Afghanistan.

Andre herda kriminelle innvandrarar har greidd å unngå heimsending ved å argumentere at det ville vere i strid med menneskerettane deira.

Ein bekymrar seg òg for at eit statleg forsøk på å innføre ein ny definisjon på ekstremisme, og anvende den på kriminelle ulovlege innvandrarar, kan gje dei ei orsaking for å unngå heimsending ved å argumentere at det kan føre til at dei blir dårleg behandla dersom dei blir sendt tilbake til heimlandet.

I tillegg fann ein rapport frå 2022 ut at meir enn 80% av ulovlege innvandrarar som vart pågripne i Storbritannia, heller rett og slett vart sleppte fri enn å bli sendt tilbake til heimlandet.

Dei som har fått ordre om heimsending blir ofte valdelege og aggressive med vilje, sidan dei veit at det vil hindre at flyet lettar med dei om bord.

Regjeringa held fram med å nøle med å vedta eit lovverk som skal sende asylsøkjarar som kjem med båt ulovleg til Storbritannia til Rwanda for å bli vurdert.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget