TikTok ønskjer å slå ned på «konspirasjonsteoriar»

Didi Rankovic på nettstaden Reclaim the Net skriv:

Frå og med 17.mai vil TikTok byrje med å innføre nye reglar som påverkar innhald som dukkar opp på appen sin For You-nyheitsstraum (FYF [For You feed], og endringane blir utført på grunn av bekymring om sokalla «hatefull tale» og «feilinformasjon».

FYF er vesentleg for synlegheita til innhald, sidan det opnar opp og speler av videoar automatisk når appen blir opna, noko TikTok refererer til som sitt «personaliserte tilrådingssystem» [engelsk personalized recommendation system].

Eit innlegg på nettsida til selskapet med tittelen «For You feed Eligibility Standards» [«kvalifiseringsstandardar for For You-nyheitsstraumen»] avslører at innhald som blir sett på som helse- eller nyheits-«feilinformasjon» vil bli sensurert frå sida meir strengare framover.

På helsesida har TikTok som mål å slå ned på alt frå videoar som fremjar «uprova behandlingsmetodar», diett og vekttap, plastisk kirurgi (med mindre relaterte risikoar òg blir inkludert i innhaldet), videoar som visstnok feilrepresenterer vitskaplege funn, til det særs vidt definerte innhaldet som blir vurdert som villeiande, og «har potensiale til å» forårsake skade på folkehelsa.

Tydelegheit er ikkje den sterke sida i formidlinga, og dei nye reglane vil til og med takle ting slik som «overgeneralisert mentalhelse-informasjon». Noko som òg hamnar i FYF sin «skammekrok» vil vere innhald som blir vurdert å vere for fokusert på «tristheit» (inkludert «deling av triste sitat»).

So har vi innlegget si «forklaring» om at enkelte typar innhald «kan vere greitt dersom ein ser det ein gong iblant, men problematisk om ein ser mykje av det».

Det dette faktisk tydar er kontroll av kva brukarane blir eksponert for på sitt mest finspissa: «Vi vil avbryte gjentakande innhaldsmønster for å sikre oss at det ikkje blir sett for ofte,» sa TikTok.

Når det gjeld hattale, blir «ein viss type innhald» no til og med «forbode», dersom det blir vurdert at det kjem med antydingar eller indirekte ytringar om beskytta grupper – slikt som «kan implisitt fornedre» dei.

Farlege aktivitetar og utfordringar blir òg forbodne frå FYF – visstnok berre dersom dei fører til «moderat fysisk skade». Og dersom du likar at videoane dine av folk «som berre dekkjer til brystvortene sine, eller går med undertøy som ikkje dekkjer mesteparten av rumpeballane» skal dukke opp i straumen, so kjem du òg til å bli skuffa.

I tillegg til å forsvinne frå FYF, vil brukarar som gjentekne gonger legg ut tale som krenkjer TikTok sine nye innhaldsreglar, bli dytta nedover i søkjelista til appen.

Ein har seksuelt suggestivt og eksplisitt innhald (inkludert fiktiv, grafisk vald), som òg blir definert på stundom interessante, til tider i overkant vage, andre gonger merkeleg spesifikke måtar.

Og naturlegvis vil dei nye reglane òg handtere «feilinformasjon» og «valintegritet».

I den fyrste kategorien av slikt som «ikkje [er] kvalifiserbart for FYF», finn vi «konspirasjonsteoriar som manglar belegg, og som hevdar at visse hendingar eller situasjonar blir utført av skjulte eller mektige grupper, slik som ‘staten’ eller eit ‘hemmeleg samfunn’.»

Den andre har som mål å fjerne «uverifiserte påstandar om eit val, slik som ein prematur påstand om at alle røystesetlar har blitt talde eller registrert; påstandar som vesentleg feilrepresenterer autoritativ offentleg informasjon, slik som ein falsk påstand om teksten i eit parlamentslovforslag.»

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget