Japansk studie: Tredje dosen med mRNA-covid-19-vaksine knytt til betydeleg auke i kreftrelaterte dødsfall

Natural News skriv:

Ein ny japansk studie har avdekt «statistisk betydeleg auke» i kreftdødsfall etter administrering av den tredje dosen av den mRNA-baserte vaksinen mot Wuhan-koronavirus (covid-19).

Studien, som vart publisert i det medisinske tidsskriftet Cureus 8.april, tok ein gjennomgang av aldersjusterte dødelegheitsratar for 20 ulike typar kreft i Japan ved hjelp av offisiell dødsstatistikk, SARS-CoV-2-infeksjonar og vaksinasjonsratar frå 2020 til 2022. Japan, som har nokre av dei høgste vaksinasjonsratane i verda, er no i ferd med å administrere sin sjuande vaksinedose.

Ifølgje atudien var der ingen overtalstilfelle av kreftdødsfall (-0,4%) under det fyrste året av pandemien i 2020. Derimot fann der stad ein betydeleg auke i kreftdødelegheit samstundes som massevaksinasjonskampanjen byrja i dei følgjande åra.

Studien avdekte enkelte overtalstilfelle av kreftdødelegheit på 1,1% etter massevaksinasjonskampanjen med den fyrste og andre dosen i 2021, og so høgare overtalstilfelle av kreftdødelegheit på 2,1% i 2022 etter utrullinga av den tredje vaksinedosen. I 2022 vart overtalsdødelegheit av alle krefttypar, spesifikt østrogen og østrogenreseptor-alfa (ER?)-sensitive krefttypar, inkludert eggstokkreft, leukemi, prostatakreft, leppe-/munn-/strupekreft, bukspyttkjertel- og brystkreft, betydelege. […]

Brystkreft, som demonstrerte ein betydeleg nedgang av dødelegheitsrate i 2020, gjekk over til overtalsdødelegheit i 2022 etter den tredje vaksinedosen, men visse krefttypar slik som bukspyttkjertelkreft viste ein stadig auke før pandemien. Men so gjekk alle seks krefttypane over forventa dødelegheitsverdiar i 2021 og 2022.

Forskarane argumenterte at sjølv med reduserte kreftundersøkingar og avgrensa tilgang til helsetenester på den tida, er auken i dødelegheitsrate av desse krefttypane framleis uforklarlege på grunn av oppheva restriksjonar på helsetenestetilgang for kreftundersøkingar og -behandlingar i 2022.

Bortsett frå dei ER?-sensitive krefttypane, set studien vidare fokus på ein bekymringsverdig trend hjå dødelegheitsratar for dei mest dødelege krefttypane – lunge-, tarm-/endetarm-, mage- og leverkreft – som var på veg nedover før pandemien. Likevel var det ikkje lenger nedgang etter utrullinga av covid-19-vaksinane.

Det høgste talet kreftrelaterte dødsfall fann stad blant personar i alderen 80 til 84, der over 90% av denne gruppa fekk ein tredje vaksinedose. Nesten 100% av vaksinane som vart administrerte, var mRNA-baserte, hovudsakleg Pfizer (78%), etterfølgt av Moderna (22%).

Vidare skreiv forskarane at medan redusert tal kreftundersøkingar og avgrensa tilgang til helsetenester under nedstengingane delvis kunne forklare kreftdødelegheita.

Fleire rapportar og studiar viser dei betydelege risikoane assosiert med covid-19-vaksinar

Funna i studien er berre nok eit tillegg til det veksande bevismaterialet som antydar betydelege risikoar assosiert med covid-19-vaksinar, som vart hasteutrulla under Operasjon Warp Speed-initiativet under Trump-administrasjonen.

Ifølgje data frå det føderale Vaccine Adverse Event Reporting System (VAERS), har der per 29.mars [2024] vore 37 382 rapporterte dødsfall, 215 734 sjukehusinnleggingar, 21 616 hjarteinfarkt og 28 299 tilfelle av myokarditt og perikarditt etter covid-19-vaksinasjon. Centers for Disease Control and Prevention (CDC)-forskarar har erkjent ei betydeleg underrapportering av uventa biverknader i VAERS, spesielt når det gjeld tilfelle av myokarditt.

Etterforskingsjournalistikk-organisasjonen Project Veritas har kasta lys på temaet underrapportering gjennom undercover-opptak frå innsida av Phoenix Indian Medical Center. I opptaka uttrykkjer helsepersonell bekymring om mangelen på rapportering av myokarditt-tilfelle, og tilskriv det byråkratiske hinder og eit ønske å tone ned biverknadene.

Ein omfattande analyse som vart publisert i tidsskriftet Vaccine, som omfattar 99 millionar personar i åtte land, avslørte betydeleg høgare risiko for myokarditt etter mRNA-baserte covid-19-vaksinar, so vel som potensielle assosiasjonar med andre alvorlege tilstandar slik som perikarditt, Guillain-Barré-syndrom og cerebral, venøs sinus-trombose.

Nyleg fekk CDC pålegg frå ein rettsordre om å offentleggjere 780 000 tidlegare hemmelegstempla rapportar om alvorlege biverknader.

I mellomtida driv ein storjury i Florida samla av den republikanske guvernøren Ron DeSantis og etterforskar produksjonen og distribusjonen av covid-19-vaksinar. I februar offentleggjorde storjuryen ein interimrapport som utfordra effektiviteten til nedstengingar, munnbindpåbod og alvorsgrada til covid-19 for visse folkegrupper.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget