Lat oss hylle djupstaten

Jeffrey Tucker på nettstaden Daily Reckoning skriv:

Dei trøyttar oss ut med sjokkerande overskrifter og meiningar. Dei kjem dagleg i desse dagar, med stadig mindre plausible påstandar som gjev deg hakeslepp.

Resten av teksten er berre til pynt. Det er overskrifta som fangar merksemd.

For nokre veker sidan fortalde New York Times oss at «Som det viser seg, er djupstaten temmeleg fantastisk».

Desse er dei same folka som påstår at Trump prøver å avskaffe demokratiet. Djupstaten er det motsette av demokrati, ikkje-valt og ikkje-ansvarleggjort på alle måtar, uslåeleg mot val og folkeviljen. No feirar altso New York Times dette.

Og det siste tek notis av det òg: «Statleg overvaking held oss trygge». Forfattarane er klassiske djupstatsaktørar assosiert med Hillary Clinton og George W. Bush. Dei sikrar oss at det å ha ein orwelliansk stat er godt for oss. Du kan stole på dei, æresord.

Resten av innhaldet i artikkelen speler ikkje noka nemneverdig rolle. Bodskapen ligg i overskrifta.

Fabelaktig, ikkje sant? Du må sjekke minnet ditt og forstanden din. Desse er folka som med rette har åtvara om statlege overgrep mot privatliv og ytringsfridom i fleire tiår.

Og no har vi aggressiv og openlys fremjing av nøyaktig det, hovudsakleg fordi Biden-administrasjonen er den som styrer, og berre har nokre månader på å leggje siste hand på revolusjonen innan lov og fridom som har kome til USA. Dei ønskjer å gjere alt dette permanent og jobbar frenetisk for å få det til.

Det sjeldne er no norma

Saman med rutimemessig overvaking utan rettsordre, ikkje berre av kriminelle, men av alle, kjem naturlegvis sensur. For nokre år sidan såg dette ut til å vere mellombels, slik som dei partiske og vilkårlege handlingane til ubereknelege leiarar. Vi protesterte og fordømte det, men antok generelt at det var eit unntak og at det ville forsvinne med tida.

Tilbake på den tida hadde vi inga aning om omfanget og ambisjonen til dei som sensurerte. Dess meir informasjon som kjem ut, desto meir kjem det fulle målet til syne. Makteliten vil at internett skal operere slik som dei kontrollerte media på 1970-talet.

Kvar ei meining som er i strid med det regimet prioriterer, vil bli blokkert. Nettsider som distribuerer alternative perspektiv vil vere heldige om dei overlever i det heile.

For å forstå kva som skjer, sjå Kvite hus-dokumentet som heiter Declaration for the Future of the Internet. Fridom er knapt nok ei fotnote, og ytringsfridom er ikkje ein del av det.

I staden skal det bli ein «regelbasert digital-økonomi» styrt «gjennom multiaksjonær-tilnærminga, der statar og relevante autoritetar inngår partnarskap med akademikarar, det sivile samfunnet, privatsektoren, det tekniske samfunnet og andre».

Heile dette dokumentet er ei orwelliansk erstatning av Declaration of Internet Freedom frå 2012, som vart underskriven av Amnesty International, ACLU og store konsern og bankar.

Det fyrste prinsippet i denne erklæringa var ytringsfridom: Ikkje sensurer internett. Det var 12 år sidan og prinsippet er for lengst gløymt. Sjølv den originale nettsida har vore daud sidan 2018. Den er no erstatta av eitt ord: «Forbidden» [«forbode»].

Ja, det er nifst, men òg ei perfekt skildring. Innan alle hovud-internettarenaer, frå søk til shopping til sosialt, er ikkje fridom lenger rådande praksis. Sensur har blitt normalisert. Og det finn stad med direkte involvering frå den føderale regjeringa og tredjepartsorganisasjonar og forskingssenter som blir betalt av skattepengar.

Dette er særs tydeleg eit brot på First Amentment, men den nye ortodoksien i elitesirklane er at First Amendment rett og slett ikkje gjeld internett. [First Amendment er det fyrste tillegget til den amerikanske grunnlova som regulerer mellom anna ytringsfridom; oms.an.]

Trur Høgsteretten på ytringsfridom?

Dette temaet er på veg inn i lovverket. Der fanst ei tid då det ikkje var spørsmål om avgjerda. Ikkje no lenger. Fleire høgsterettsdommarar ser ikkje eingong ut til å forstå tydinga til ytringsfridom.

Statsministeren i Australia gjorde dette nye synet klart i si ytring der han forsvarte å bøteleggje Elon Musk. Han sa at sosiale media har eit «sosialt ansvar». I dagens sjargong tydar dette at dei må lyde staten, som er den einaste skikkelege tolkaren av offentlege interesser.

Under dette synet kan du rett og slett ikkje late folk publisere og seie ting som går i mot det regimet prioriterer.

Dersom regimet ikkje kan handtere offentleg kultur, og manipulere det offentlege sinnet, kva gjer det eigentleg der då? Dersom det ikkje kan kontrollere internett, trur dei som styrer at det vil misse kontrollen over heile samfunnet.

[…]

Elon Musk står i brotet

Det er faktisk forbløffande å skildre ei hypotetisk historie der Elon ikkje kjøpte Twitter. Regimemonopolet på sosiale media i dag ville ha vore på 99,5%. So kunne det vesle knippet med alternative arenaer ha blitt stengt ned éin etter éin, akkurat som med Parler for nokre år sidan.

Under dette scenarioet vil det å stengje av den sosiale enden av internett ikkje vere so vanskeleg. Domena er ei anna sak, men dei kunne bli gradvis forbodne over tid.

Men no når X stig som ein rakett sidan Elon tok over, er det langt vanskelegare. Han har gjort det til sitt oppdrag å minne verda på kjerneprinsipp. Dette er grunnen til at han bad annonsørar som dreiv med boikott om å hoppe i ein sjø, og grunnen til at han nekta å lyde kvart diktat frå den despotiske leiaren av den brasilianske Høgsteretten. Dagleg viser han oss kva det tydar å forsvare prinsipp i ekstremt tunge tider.

Glenn Beck seier det fint: «Det Elon Musk gjer i både Brasil og Australia er dette: Han står rett og slett der den frie verda brukte å stå. Dei har flytta, ikkje han. Dei er dei radikale, ikkje han. HA MOT til å forbli ståande, ubevegeleg i sanninga som aldri kan endre seg, og du vil bli gjort til skyteskive og til slutt endre verda.»

Sensur er ikkje eit mål i seg sjølv. Føremålet er kontroll av folket. Det er òg føremålet med overvaking. Det er ikkje, temmeleg openbert, for å beskytte folket. Det er for å beskytte staten og deira industrielle partnarar mot folket. Naturlegvis, som i kvar ein dystopisk film, læst dei alltid som det motsette er tilfellet.

På eit eller anna vis – kall meg naiv – forventa eg rett og slett ikkje at New York Times skulle vere fullstendig med på den brå etableringa av overvakingsstaten og universell sensur av den «fantastiske» djupstaten.

Men tenk på dette. Dersom New York Times fullstendig kan fangast av denne ideologien, og truleg fanga av pengane som kjem med den, so kan alle andre institusjonar det òg. Du har truleg lagt merke til ei liknande redaksjonell linje på Wired, Mother Jones, Rolling Stone, Salon, Slate og andre arenaer, inkludert heile porteføljen av publikasjonar eigd av Conde Nast, inkludert Vogue og bladet GQ.

«Ikkje plag meg med dine sprø konspirasjonsteoriar, Tucker.»

Eg tek poenget. Kva er di forklaring?

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget