Russland seier at Storbritannia blokkerte Ukraina-fredsavtale

Niamh Harris på nettstaden The People’s Voice skriv:

Ukraina forkasta eit utkast til fredsavtale med Russland i 2022 på grunn av press frå britisk hald, har Kreml-talsmann Dmitry Peskov påstått.

Avtalen, som kunne ha gjort slutt på Ukraina-konflikten nokre veker etter at den fyrst byrja, vart godkjent av forhandlarar i Istanbul, men Ukraina trekte seg seinare frå samtalane.

RT rapporterer: Den tyske avisa Die Welt rapporterte fredag [26.april 2024] at Moskva hadde kome med tilleggskrav etter at ein avtale allereie hadde blitt framlagt, slik som å gjere russisk til det andre offisielle språket i Ukraina [det fyrste er ukrainsk, som er eit eige språk i slekt med russisk; oms.komm.], noko som impliserer at dette hadde gjort slutt på kvart eit håp om einigheit.

Peskov nekta for desse påstandane laurdag, og viste til kommentarar gjort av den ukrainske parlamentsmedlemmen David Arakhamia, som leia Kiev sin delegasjon under samtalane.

I eit intervju med innanlandsmedia i november i fjor, sa Arakhamia at dåverande statsminister i Storbritannia, Boris Johnson, hadde gripe inn i fredsprosessen, for so å oppmode ukrainarane om å «berre kjempe mot» Russland.

Kiev forkasta i praksis avtalen under «direkte press frå London», la Peskov vekt på. «Resten er spekulasjon. Eg føreslår at vi lærer frå kjelda.»

På spørsmål om avtaleutkastet kan tene som grunnlag for vidare fredssamtalar, sa Peskov at Kiev sin offentlege posisjon var å avvise samtalar med Russland. Ideen om å vekkje til live igjen den mislykka avtalen vart lufta av den kviterussiske presidenten Alexander Lukashenko då han møtte det russiske motstykket Vladimir Putin tidlegare denne månaden.

Johnson har nekta for å spore av fredssamtalane, men har òg skrytt ved fleire høve over hans politikk som handlar om å dytte Kiev til å halde fram fiendtlegheitene mot Russland, som den britiske politikaren påstår er ein kamp for globalt demokrati.

«Der kan vere ingen meir effektiv måte å investere i vestleg tryggleik enn å investere i Ukraina, fordi desse fyrane utan eit einaste par amerikanske støvlar på bakken kjempar for Vesten,» sa Johnson til studentar ved Georgetown universitet under eit besøk til USA denne månaden. Ukrainarane «kjempar i praksis vår eigen kamp, og kjempar for våre eigne interesser,» la han til.

Russiske tenestepersonar har skildra Ukraina-konflikten som ein vestleg stadfortredarkrig mot Moskva, som USA og deira allierte visstnok har tenkt å føre «til siste ukrainar». Målet deira, ifølgje Moskva, er å få kontroll over Russland og stoppe utviklinga til landet, heller enn å beskytte interessene til det ukrainske folket.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Sjå òg «Boris Johnson indignert etter å ha blitt avslørt som sabotør av Ukraina-fredsavtalen», publisert 18.februar 2024.

1 comments

Kommenter innlegget