Splitt og hersk: Statleg propaganda av frykt og falske nyheiter

John & Nisha Whitehead frå The Rutherford Institute skriv (utdrag):

«Ingenting er ekte», observerte John Lennon, og det er spesielt sant når det gjeld politikk.

Mykje slik som det fabrikkerte universet i Peter Weir sin 1998-film The Truman Show, der livet til ein mann er basisen for eit omfattande iscenesett TV-program som har mål å selje produkt og forbetre sjåartala, har den politiske scena i USA opp gjennom åra utvikla seg til ei nøye kalibrert øving i korleis manipulere, polarisere, propagandere og kontrollere ei befolkning.

Ta til dømes mediesirkuset rundt Donald Trump si hysjpenge-rettssak, som tekkjest folket sin umettelege appetitt på pirrande såpeopera-drama, noko som held borgarskapen distrahert, avleia og splitta.

Dette er magien bak reality-TV-programmeringa som passerer for politikk i dag.

Alt blir underhaldningsfôr.

So lenge vi er distraherte, underhaldne, stundom forbanna, alltid polariserte, men i stor grad ikkje-involvert og fornøgde med å forbli i passasjersetet, vil vi aldri greie å presentere ein sameint front mot tyranni (eller statleg korrupsjon og udugelegheit) i noka form.

Studiar antydar at dess meir reality-TV folk ser – og eg vil påstå at alt er reality-TV, inkludert underhaldningsnyheiter – dess vanskelegare vil det bli å skilje mellom kva som er ekte og kva som er nøye tillaga farse.

«Vi, folket» ser mykje TV.

I snitt bruker amerikanarar fem timar om dagen på å sjå TV. Innan vi når 65, ser vi på meir enn 50 timar TV i veka, og det talet aukar etter kvart som vi blir eldre. Og reality-TV-programmering fangar konsekvent den største prosentdelen av TV-sjåarar kvar sesong i eit forhold på nesten 2-1.

Dette lover ikkje godt for eit borgarskap som er i stand til å sile seg gjennom meisterleg produsert propaganda for å kunne tenkje kritisk om dagens tema.

[…]

Vi har blitt forsøkskaninar i eit nådelaust kalkulert, sirleg orkestrert, nifst kaldblodig eksperiment om korleis kontrollere ei befolkning og køyre gjennom ein politisk agenda utan særleg mykje opposisjon frå borgarskapet.

Dette er korleis du overtalar ei befolkning til å friviljug marsjere i takt med ein politistat og sjølve politiet (og kvarandre): ved å skru opp fryktfaktoren, servere éi nøye kalibrert krise i slengen, og lære dei å ikkje stole på nokon som avvik frå norma gjennom omfattande propaganda-kampanjar.

Ikkje overraskande er ein av dei største propagandistane i dag den amerikanske regjeringa.

Legg til staten si tilbøyelegheit til å overvake Internett-aktivitet og styre sokalla «desinformasjon», og du har ei omstrukturering av røyndommen henta rett ut av Orwell sin 1984, der Sanningsministeriet styrer tale og sikrar seg at fakta tilpassar seg kva enn slags versjon av røyndommen som statspropagandistane omfamnar.

Denne «styringa av sinnet» er nøyaktig den faren som forfattar Jim Keith åtvara mot då han føresåg at «informasjons- og kommunikasjonskjelder gradvis blir knytte saman til eitt datastyrt nettverk, noko som gjev høve til uavgrensa kontroll over kva som skal kringkastast, kva som skal bli sagt og til slutt kva som skal bli tenkt.»

Du høyrer sikkert ikkje so mykje om staten si rolle i å produsere, plante og sende ut propaganda-drivne falske nyheiter – ofte med hjelp av konsern-nyheitsmedia – fordi den rådande makta ikkje vil at vi skal bli skeptiske til den statlege bodskapen eller deira konsern-medskuldige i hovudstraumsmedia.

Derimot, når du har sosialmedie-gigantar som konspirerer med staten for å sensurere sokalla desinformasjon, har hovudstraumsmedia, som er meint å fungere som eit vern mot statleg propaganda, i staden blitt talerøyret vil verdas største konsern (den amerikanske staten), då har djupstaten vekst farleg ut av kontroll.

Dette har det blitt arbeidd med i lange tider.

Veteran-journalist Carl Bernstein, i sin omfattande Rolling Stone-artikkel frå 1977 ved namn «The CIA and the Media», rapporterte om Operasjon Mockingbird, ein CIA-kampanje som starta på 1950-talet for å plante etterretningsrapportar blant journalistar i meir enn 25 større nyheiter og nyheitsbyrå, som i sin tur gulpa dei opp til eit publikum som var uvetande om det faktum at dei vart fôra med statleg propaganda.

I somme tilfelle, som Bernstein viste, tente medlemmer av media òg som forlengingar av overvakingsstaten, der journalistar faktisk utførde oppdrag for CIA. Sjefar i CBS, New York Times og tidsskriftet Time arbeidde òg nært med CIA for å sende ut nyheitene.

Dersom det skjedde då, kan du vedde på at det framleis skjer i dag, berre at dette samarbeidet har blitt klausulert, fått nytt namn og blitt gøymt bak fleire lag med statleg hemmeleghald, tilsløring og vinkling.

[…]

Dette er tankekontroll i si nifsaste form.

Sluttmålet med desse tankekontroll-kampanjane – pakka inn under påskot av å vere til alle sitt beste – er å sjå kor langt det amerikanske folket vil late staten gå i å omdanne landet i biletet til ein totalitær politistat.

Staten sin skremselspropaganda er eit nøkkelelement i tankekontroll-programmeringa deira.

Formelen er enkel nok. Nasjonale kriser, globale pandemiar, rapporterte terroriståtak, og sporadiske skyteepisodar held oss i ein konstant frykttilstand. Den emosjonelle panikken som følgjer frykt, stengjer faktisk ned den prefrontale cortex eller den rasjonelt tenkjande delen av hjernen vår. Med andre ord, når vi blir oppslukt av frykt, sluttar vi å tenkje.


Ei befolkning som sluttar å tenkje sjølve er ei befolkning som enkelt kan leiast, enkelt kan manipulerast og enkelt kan kontrollerast, det vere seg gjennom propaganda, hjernevask, tankekontroll eller berre rein skremselspropaganda.

Frykt aukar ikkje berre makta til staten, den splittar òg folket opp i faksjonar, overtalar dei til å sjå kvarandre som fiendar og gjer at dei står der og skrik til kvarandre slik at dei druknar alle andre lydar. På denne måten vil dei aldri kunne nå konsensus om noko som helst, og vil vere for distraherte til å leggje merke til at politistaten lukkar seg rundt dei får det siste, knusande teppet fell.

Dette machiavelliske opplegget har fanga nasjonen til ei slik grad at få amerikanarar i det heile innser at dei blir hjernevaska – manipulert – til å ta til seg eit «oss» mot «dei»-tankesett. I mellomtida sit dei med makta – kjøpt og betalt av lobbyistar og konsern – og avanserer sin dyre agenda.

[…]

For denne usynlege staten av herskarar som opererer bak scenene – arkitektane til djupstaten – er vi berre marionettar som heng frå trådar, som blir hjernevaska, manipulerte og kontrollerte.

Alle dei distraherande, vonbrytande, desorienterande nyheitene som du blir bombardert med dagleg, blir drivne av propaganda kverna ut av éi konsernmaskin (den konsern-styrte staten) og fôra til det amerikanske folket av nok ei konsernmaskin (det konsern-kontrollerte media).

[…]

Amerikanarar burde vere forsiktige med å late andre – om dei so er programleiarar for TV-nyheitene, politiske kommentatorar eller mediekonsern – gjere tenkinga for dei.

Ei befolkning som ikkje kan tenkje sjølv er ei befolkning med ryggen mot veggen: stumme overfor valde tenestepersonar som nektar å representere oss, hjelpelause overfor politibrutalitet, makteslause overfor militariserte taktikkar og teknologi som behandlar oss som fiendesoldatar på ei slagmark, og nakne overfor statleg overvaking som ser og høyrer alt.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget