Ein overstimulert ungdomsgenerasjon føretrekkjer no «dumtelefonar»

Mary Manley på nettstaden Sputnik Globe skriv:

Telefonane frå fortida vår kan bli telefonane for framtida vår.

«Dumtelefonar» [engelsk dumbphones] er 1990-talsinspirerte telefonar som har blitt populære som eit alternativ til smarttelefonar. Og nyleg har ølmerket Heineken og motekjeda Bodega samarbeidd om sin eigen dumtelefon: «Boring Phone» [«den keisame telefonen»] er ein gjennomsiktig flipp-telefon som vart introdusert under Milan Design Week 2024, som gjekk av stabelen frå 15. til 21.april.

The Boring Phone er designa med gjennomsiktig ytre programvare, ein flipp-skjerm og grøn tone. Andrey Tyukavkin, adm.dir. i merkebyrået som står bak kampanjen, sa at telefonen vart designa for å «levere det grunnleggjande for ein kveld på byen», slik som tekstmeldingar og oppringingar – utan dei typiske distraksjonen til ein smarttelefon.

Telefonen har til og med ein e-post-app, men ingen minne til å ta imot faktiske e-postar som gjev «rom» for det sosiale livet tol brukaren, seier Tyukavkin. Telefonen inkluderer andre appar som oppmuntrar brukaren til å faktisk stoppe med å bruke telefonen, inkludert ein app som oppmuntrar brukaren til å snakke til ein bartender.

Telefonen kan derimot bli vanskeleg å få tak i, sidan Heineken og Bodega berre har produsert 5000 eksemplar, og planlegg å distribuere telefonen via konkurransar, heller enn å selje dei.

«Andre eigenskapar inkluderer ei lommelykt, kalender, FM-radio og alarm. For berre nokre år sidan var dette alt vi trong til ein kveld på byen, ikkje sant?» seier Tyukavkin.

Dumtelefon-trenden blir driven av éin generasjon, spesifikt. Teknologi-analytikaren Portulans Institute fann ut at Generasjon Z er bekymra for personvernet sitt når dei er på nettet, og føler at deira personlege data er i fare.

«Generasjon Z ser ikkje teknologien på same måte som andre generasjonar gjer,» seier Tyukavkin. «Verda generelt blir forleda til å tru at alt er i konstant forbetring, og alle må oppgradere/følgje med, men Generasjon Z har ei betre oversikt over teknologi – både gammal og ny – slik at dei ser kva teknologi faktisk gjer med livet deira.»

Generasjon Z sin skepsis overfor data – den merksemdshaustande teknologien som dei har vakse opp med – har oppmuntra til ei bølgje av produkt som fokuserer på nostalgi, sjølv om Generasjon Z ikkje hugsar ei verd utan Internett (ettersom dei vart fødde mellom 1997 og 2012).

«Eg har alltid hata å vere tilgjengeleg for alle,» seier ein 29 år gammal tidlegare finansarbeidar, som no er musikkprodusent og rappar. «Ideen er at dersom du sender ein WhatsApp til nokon og dei ikkje straks svarer deg, då er det noko gale. Eg har hatt periodar med smarttelefon, men eg har alltid gått tilbake til ein kontantkort-telefon [engelsk burner phone].»

Ønsket om å kople seg av teknologien og greie seg utan er meir openberr blant den yngre generasjonen òg. Generasjon Z er den einaste generasjonen der tidsbruk på sosiale media har gått ned sidan 2021, ifølgje eit forskingsselskap. Derimot, sidan 9 av 10 telefonar er smarttelefonar, er dei fleste dumtelefonar framleis eit nisjeprodukt.

«Der er evidens for at denne generasjonen modifiserer smarttelefon-åtferda si, der bekymringar om den negative påverknaden av å vere konstant digitalt påkopla, er ein pådrivar for dette,» sa Joe Birch, ein teknologi-analytikar ved forskingsfirmaet Mintel. «Tre av fem generasjon Z-medlemmer sa at dei føler for å vere mindre kopla på den digitale verda, til dømes.»

I følgje ein rapport frå 2023, fann forskarar ut av den gjennomsnittlege tenåringen får rundt 237 meldingar av alle slag per dag, og bruker rundt 4,5 timar på smarttelefonen. Dei som bruker telefonane sine rapporterte til og med om eit slit med å handtere smarttelefonbruken sin, trass den negative effekten på helsa og merksemda.

Men Hannah Welan, ein koordinator ved Data Poverty Lab [«datafattigdomslaboratoriet»] ved Good Things Foundation-veldedigheita, peiker på vanskane med å gå motsett veg når det gjeld framsteg innan teknologi, ved å antyde «dei fleste essensielle tenester er no på nettet – utdanning, helseomsorg, universell kreditt».

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget