Ekskona til Trudeau diskuterer ny bok og sitt «ufullkomne» ekteskap med den kanadiske statsministeren

Nettstaden The Post Millennial rapporterer:

I eit nyleg intervju diskuterte ekskona til den kanadiske statsministeren Justin Trudeau, Sophie Grégoire Trudeau, si nye bok Closer Together: Knowing Ourselves, Loving Each Other og separasjonen frå statsministeren.

I ein samtale med The Times, sa Sophie Grégoire Trudeau at ho ikkje lika å kalle separasjonen eit «brot», fordi det ikkje var «éi plutseleg endring».

«Det har gått over fleire år,» sa ho.

Ifølgje Grégoire Trudeau var boka ferdig og klar til publisering før brotet vart kjent. Derimot skreiv ho i ein del av boka: «Sjølv om vi ikkje lenger er eit par, veit eg at vår felles sans for humor alltid vil hjelpe oss gjennom stormane.»

Ho sa at ho og statsministeren framleis bruker tid saman, og at dei framleis er nære.

«Vi heng framleis saman: vi elskar kvarandre, vi bruker tid saman. Det er organisk, veit du, alle ungane søv saman ei natt, det er fint,» sa ho.

«Fyrst av alt, ingen liv er perfekte,» sa Grégoire Trudeau. «Folk kan ha ei oppfatning av korleis livet deira er, og vi må vere særs varsame med korleis vi trur vi kjenner offentlege personar. Og eg ser ikkje på meg sjølv som ein offentleg person, berre at der er eit offentleg aspekt i livet mitt.»

Sophie og Justin Trudeau erklærte separasjon i august 2023. I eit innlegg på sosiale media sa statsministeren: «Sophie og eg vil gjerne dele det faktum at etter mange meiningsfulle og vanskelege samtalar, har vi teke den avgjerda å bli separert.»

«Vi forblir ein nær familie med djup kjærleik og respekt for kvarandre og for alt vi har bygt og framleis kjem til å byggje,» la han til.

I intervjuet sa Grégoire Trudeau at ho fokuserte på å leve eit normalt liv og var fokusert på å drive med yoga og terapi, og at ho ikkje hadde tenkt å oppdra ungane «i rampelyset».

«Vi går i parken og eg går i joggebukser, vi er på butikkar og vi rullar oss i graset. Og det er livet mitt. So har vi den andre vesle delen som er temmeleg unik,» sa ho.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget