Politi går til brutalt åtak på pro-palestinske aktivistar på universitetsområde

Belle Carter i Natural News skriv:

Ein fredeleg anti-Israel-protest av universitetsstudentar, saman med nokre lærarar, vart møtt med vald då politiet i delstaten Georgia brukte tåregass og sjokkpistolar for å spreie demonstrantane ved Emory universitet i Atlanta.

«Vi krev total institusjonell avskaffing av israelsk apartheit og Cop City ved alle Atlanta-colleges og universitet,» sa ein organisator av demonstrasjonen. «Vi okkuperer Emory, ikkje berre fordi det er den einaste institusjonen som er medskuldig i folkemord og militarisering av politiet, men fordi banda deira er nokre av dei sterkaste.»

Denne leiren inkluderte òg studentar frå fleire nabo-universitet. Dei protesterte mot det dei kalla «folkemord på palestinarar» av Israel og mot Cop City [«politi-byen»] – eit politi-treningssenter til 109 millionr dollar, eit lokalt politi- og branntreningssenter som for tida er under konstruksjon.

Ifølgje universitetet hadde fleire dusin menneske «teke seg inn» på campus, og åtvara at dei «ikkje kom til å tolerere vandalisme eller anna kriminell aktivitet». Clifton Crais, ein historieprofessor, var på veg til time då fleire elevar sprang mot han. «Ver so snill, ver so snill å kontakte president Fenves,» trygla dei, dei refererte til universitetspresidenten Gregory Fenves. «Be han om å ikkje ringje politiet.» Professoren leverte ein e-post på éi linje på mobilen sin til Fenves; Enku Gelaye, dekan for campusliv; og Ravi Bellamkonda, universitetsadministratoren. «Eg håper de ikkje vil tilkalle Atlanta-politiet,» skreiv han.

Det var for seint. Medlemmer av Emory-politiet, Atlanta Police Department (APD) og delstatspatruljen i Georgia [Georgia State Patrol] vart tilkalla til åstaden. Då dei kom dit, vart demonstrantane angripne med peparkuler, tåregass og sjokkpistolar rett og slett fordi dei hadde slege leir på ein skuleplen ifølgje organisatorane. Innan nokre få minutt hadde politiet arrestert 28 stykke, der 20 av dei var «medlemmer av Emory-samfunnet», ifølgje ei melding frå skulen. Tre fakultetsmedlemmer og eit uspesifisert tal studentar frå Emory og andre Atlanta-skular vart òg arresterte.

I mellomtida viste ein video frå hendinga fleire betjentar halde nede ein mann i handjarn, i det ein av dei ser ut til å skyte med ein sjokkpistol mot beinet hans. «Ekstremt urovekkjande opptak. Atlanta-politi som skyt ein studendemonstrant i jarn ved Emory universitet for nokre minutt sidan,» la @JoshuaPHill ut på X, tidlegare Twitter. Sosialmedie-brukarar vart naturlegvis indignerte av korleis politiet behandla demonstrantane. Betjentar bekrefta at dei brukte «kjemiske irriterande stoff», men la vekt på at dei ikkje «brukte gummikuler», i strid med kva enkelte reportasjar på nettet hevdar.

Pro-palestinske campus-demonstrasjonar utløyste ein nyleg protest ved Columbia universitet i New York, som deretter spreidde seg til 40 universitet og colleges i USA og Canada, ifølgje NBC News. Torsdag 25.april rykte politiet visstnok ut mot teltleirar ved Indiana University Bloomington og Ohio State University […].

Den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu har ønskt velkommen åtaket frå det amerikanske politiet, og kallar demonstrantane ein «antisemittisk mobb», og samanliknar dei med nazi-sympatisørar frå 1930-talet.

[…]

Dei landsdekkjande protestane kritiserer Israel for deira valdelege folkemordåtak i Gaza, og det at USA er involvert i dette har berre gjort studentane og professorane meir bestemte i si sak: dei kjem ikkje til å gje seg før dei får gjennomført krava sine – at den amerikanske regjeringa stoppar å finansiere og støtte Netanyahu sin stadige krig i Gaza.

No ventar mange studentar på konsekvensane av å ta del i desse demonstrasjonane. For mange vil eksamen, stipend og til og med avgangspapir stå i fare, og den problematiske situasjonen deira har blitt ein sentral del av protestane. Både studentar og professorar har kravd amnesti, men spørsmålet er om universiteta og politiet vil fjerne tiltalane og andre konsekvensar, eller om utvisningane og rullebladet vil følgje studentane inn i vaksenlivet.

Ifølgje Fox News varierer utvisningsvilkåra frå campus til campus. Det som starta ved Columbia-universitetet har blitt om til ein landsomspennande kamp mellom studentar og administratorar over protestar og grensene til ytringsfridommen. Dei siste ti dagane har hundrevis av studentar blitt arresterte, utviste, fått prøvetid og, i sjeldne tilfelle, blitt utestengt frå institusjonane, inkludert Yale universitet, University of Southern California, Vanderbilt universitet og University of Minnesota.

I mellomtida er det ingenting som stoppar meir enn 200 anti-Israel-demonstrantar som har slege opp rundt 45 telt på plenen på Yale campus, ifølgje Yale Daily News. Rundt 10 til 12 betjentar var allereie på staden so fort aktiviteten byrhja. Demonstrantar stengde tilgang til plenen med to menneskekjeder, ifølgje avisa.

Yale-politisjef Anthony Campbell har ikkje bekrefta om politiet vil føreta arrestasjonar, og seier at dette var opp til administratorane på universitetet. «Planane våre for no er å berre følgje nøye med,» sa Campbell jamfør sitat. Han sa at han kom til å vere i kontakt med administratorane, som vil bestemme korleis Yale-politiet skal gå fram.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget