Biden påstår Japan og India er xenofobiske – Japan og India sjølve er ueinige

Steve Watson på nettstaden Modernity.news skriv:

Japan og India har begge respondert på Joe Biden sine siste påstandar førre veke om at dei er «xenofobiske» fordi dei ikkje har omfamna masseinnvandring.

Som vi [Modernity.news] sette søkjelys på, slo Biden fast at Japan og India står overfor økonomiske vanskar medan den amerikanske økonomien gjer det godt «fordi vi ønskjer innvandrarar velkomne».

«Tenk på det,» sa Biden under ein innsamlingsaksjon. «Kvifor har Kina slik ein ille økonomisk stillstand, kvifor har Japan problem, kvifor har Russland det, kvifor har India det? Fordi dei er xenofobiske. Dei ønskjer ikkje innvandrarar. Innvandrarar er det som gjer oss sterke.»

Fox News rapporterer at den japanske ambassaden responderte på kommentarane, og slo fast: «Vi er klare over at den amerikanske regjeringa har gjort det tydeleg at Bidens kommentar vart gjort i kontekst av å forklare at USA er ein nasjon av innvandrarar, og at innvandrarar gjer USA sterkare, og at denne kommentaren hans ikkje vart gjort med intensjon om å underminere kor viktig og permanent forholdet mellom Japan og USA er.»

Derimot la japanske tenestepersonar til: «Det er uheldig at enkelte av kommentarane ikkje var baserte på ei nøyaktig forståing av politikken til Japan, og vi har sagt dette poenget til den amerikanske regjeringa, og forklart Japan sine ståstader og politikk nok ein gong.»

India sin minister for utanlandsaffærar, S. Jaishankar, beit seg òg merke i Bidens kommentarar, og peikte på BNP-veksten til landet, og understreka at India er eit ope samfunn.

«Eg har ikkje sett eit liknande ope, pluralistisk og mangfaldig samfunn nokon annan stad i verda,» sa ministeren under eit Economic Times-arrangement, og la til: «Vi er faktisk ikkje xenofobiske, vi er det mest opne, mest pluralistiske og på mange måtar det mest forståingsfulle samfunnet i verda.»

Sidan Biden kom med kommentarane, som var utanfor manus, har kampanjen hans erklært at dei har som mål å korte ned kommentarane hans på arrangement, dette i eit trekk for å sikre «kvalitet over kvantitet».

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget