Den ungarske utanriksministeren åtvarar: Macron prøver å starte Tredje verdskrig

Sean Adl-Tabatabai på nettstaden The People’s Voice skriv:

Den ungarske utanriksministeren Peter Szijjarto har åtvara at den franske presidenten Emmanuel Macron med vilje prøver å utløyse Tredje verdskrig ved å truge med å sende NATO-troppar til Ukraina.

I eit intervju med The Economist førre veke, sa Macron om at spørsmålet om å sende vestlege troppar til Ukraina «legitimt» burde oppstå dersom Russland braut seg gjennom dei ukrainske frontlinjene og Kiev kom med slik ein førespurnad.

Modernity.news rapporterer: Kreml-talsmann Dmitry Peskov reagerte med å skildre det Macron sa som «svært farleg».

No går den ungarske diplomaten Peter Szijjarto ut og åtvarar at den franske leiaren sine kommentarar representerer ei hårreisande eskalering.

«Dersom ein NATO-medlem leverer bakkestyrkar, vil det vere ein direkte NATO-Russland-konfrontasjon og so vil vi få Tredje verdskrig,» sa Szijjarto.

Han trekte òg merksemd til det faktum at slik ein konflikt sannsynlegvis vil esklare til atomkonfrontasjon.

«Lat oss vere tydelege: dersom der finn stad ein atomkrig, vil alt og alle gå tapt. Dersom der finn stad ein atomkrig, vil alle døy og alt vil bli øydelagt, noko ingen med vit og forstand ønskjer seg,» sa Szijjarto.

I mellomtida har italienske senior-regjeringstenestepersonar slutta seg til den veksande rekkja av prominente stemmer som fordømmer Macron på grunn av kommentarane hans.

«Sende italienske soldatar for å kjempe utanfor grensene til EU? Følgje besettelsen til ein farleg og desperat leiar som Macron? Nei takk, aldri i Ligaens namn,» kommenterte vise-statsminister Matteo Salvini.

Den italienske forsvarsministeren Guido Crosetto sa òg til avisa Corriere della Sera: «Eg dømmer ikkje ein president i eit vennleg land som Frankrike, men eg forstår ikkje føremålet og intensjonane med desse erklæringane, som objektivt aukar spenninga.»

Som vi [Modernity.news] tidlegare sette søkjelys på, sa den tidlegare kommandøren i Storbritannia sin Joint Forces Command, sir Richard Barrons, at Ukraina er i «alvorleg risiko» for å måtte innrømme nederlag overfor Russland i år.

Barrons sa at pessimismen byrjar å setje seg i befolkninga, noko som genererer ei generelt dårleg kjensle og ei kjensle av at Ukraina «ikkje kan vinne».

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget