Niamh Harris på nettstaden The People’s Voice skriv:
Tidlegare president i Russland, Dmitry Medvedev, har åtvara at USA, Storbritannia, Frankrike og andre vestlege land burde ta Russland si komande øving som ein påminnar om kor eskaleringa i Ukraina-konflikten kan ta dei.
På måndag [6.mai 2024] informerte det russiske forsvarsministeriet ei snart førekomande øving for å teste evna til å sende ut ikkje-strategiske atomvåpen.
Det var president Putin som gav ordre om øvingane etter «provoserande ytringar og trugslar» frå vestlege tenestepersonar.
RT rapporterer: Medvedev, som tener som viseleiar i det russiske tryggleiksrådet, viste til debattar i Vesten om mogleg utsending av NATO-troppar til Ukraina, so vel som «aktiv oppmuntring [av Kiev] om å bruke [vestlege] missilvåpen mot heile det russiske territoriet» som bakgrunn for øvinga.
Russland «vil måtte respondere» på den føreslegne utsendinga av vestlege soldatar, «og denne responsen til ikkje skje i» Ukraina, åtvara den russiske tenestepersonen. I det tilfellet «vil ein ikkje kunne gøyme seg på Capitol Hill, Elysée-palasset eller i 10 Downing Street.»
Situasjonen kan samanliknast med den kubanske missilkrisa av 1962, ifølgje Medvedev. Han sa at noverande vestlege elitar var «barnslege idiotar» som nekta å innsjå risikoen, ulikt den amerikanske presidenten John F. Kennedy og Sovjet-leiaren Nikita Khrusjtsjov, som greidde å roe ned eskaleringa for seks tiår sidan.
Den franske presidenten Emmanuel Macron har vore forkjempar for «strategisk fleirtydigheit» når det gjeld Ukraina, og held fast at han ikkje kunne utelukke utsending av troppar til landet under visse forhold. Fleire vestlege leiarar sa at dei hadde ingen intensjon om å sende soldatane sine for å kjempe i Russland på vegner av Ukraina, etter at han kom med ideen sin i februar.
Retorikken til Macron kan forklarast med hans ambisjon om å gjere Frankrike til leiaren blant EU-medlemmer, har den russiske utanriksministeren Sergej Lavrov føreslege.
Den britiske utanriksministeren David Cameron sa til Reuters sist veke at Kiev «har retten» til å bruke britisk-framskaffa missil til å råke mål djupt inni Russland.
I årevis sette større vestlege våpenprodusentar visstnok krav til at for at dei skulle sende våpenbistand til Kiev, so måtte Kiev love å ikkje bruke våpena utanfor territoriet som dei hevdar rett til. Den amerikanske ambassadøren i Ukraina, Bridget Brink, sa at amerikansk politikk forblei uendra etter Cameron sin kommentar.
På sundag [5.mai 2024] påstod minoritetsleiaren i Det demokratiske huset, Hakeem Jeffries, at «der er stort sannsyn for at USA vil måtte bli med i konflikten – ikkje berre med pengane våre, men òg meed våre tenestekvinner og tenestemenn,» i tilfelle ukrainsk nederlag.
Eit sigrande Russland vil utgjere ein trugsel overfor NATO, resonnerte han under eit intervju med CBS News, og gjentok saka si for stadig bistand som Biden-administrasjonen har bede om i fleire månader. Moskva har sagt at dei har ingen intensjon om å starte ein direkte konflikt med den USA-leia militærblokka.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
