Sjå òg «Politi går til brutalt åtak på pro-palestinske aktivistar på universitetsområde», publisert 1.mai 2024.
Martin Armstrong skriv på nettsida si Armstrong Economics:
Skodespelarar har blitt sendt ut til amerikanske unversitet for å fremje pro-palestinske, anti-amerikanske synspunkt. Profesjonelle agitatørar har blitt brukt tallause gonger gjennom periodar med sivil uro, og medan media gjentekne gonger har nekta at Soros og andre venstreekstreme forsynarar med midlar støttar desse protestane, ligg beviset der i fullt dagslys.
CNN rapporterte at mange av «studentane» som vart arresterte på Columbia and City College of New York ikkje hadde noka tilknyting til nokon av skulane. New York-politiet arresterte 282 menneske, og berre 148 (litt over halvparten) var faktisk studentar.
Ta ein titt på telta som dukkar opp rundt alle større universitet – dei er identiske. Media hevdar at studentane rett og slett skaffar seg dei billegaste telta, som ser ut til å vere topersonsteltet Ozark Trail som ein finn på Walmart til rundt 30 dollar [Walmart er ein av dei største kjøpesenterkjedene i USA; oms.an.]. Derimot verkar det mistenkjeleg at hundrevis av studentar tilfeldigvis kjøper nøyaktig same telttypen. Mange av desse priviligerte college-ungane på Ivy League-skular er ikkje kjent for å handle etter pris. Det er meir sannsynleg at ein organisasjon kjøpte desse telta engros, for so å distribuere dei rundt om på campusa.
Studentar får òg utdelt instruksjonspamflettar om korleis dei skal protestere. Kvifor går alle med covid-æra-munnbind? Dei har fått instruksar om å skjule identiteten sin for å halde seg anonyme, sidan «det kan hjelpe dersom heile folkemengda gjer det». Dei blir bedne om å ta med so klesskift og skjule alle logoar eller identifiserande gjenstandar.
Betjentar rapporterer om uniformerte forsyningar, og slår fast at dei trur at det som skjer ikkje er eit resultat av studentorganisasjonar åleine. Igjen, alle kallar dei konspirasjonsteoretikarar og avfeiar kvar ein påstand om at desse arrangementa har blitt produsert for å skape sivil uro og splitte USA. So vi såg eksterne agitatørar bli brukt talrike gonger i dei seinare år under Black Lives Matter-opptøyane, og til og med på 6.januar. Organisasjonar slik som Open Society Foundations donerte openlyst til «grasrot»-rørsler og vel seg spesifikt ut ungdom for å utføre bodskapen deira.
Som Fox rapporterer, gav Sami Al-Arian, ein kjent terrorist som ein gong i tida vart deportert, råd til meddemonstrantar og kona si om å telte ute saman med studentane. Denne mannen er etter eiga innrømming tilknytt Den palestinske islamjihad-gruppa. Han har gått ut på sosiale media for å fremje den sivile uroa rundt om på amerikanske universitet. Dette er ein tydeleg og reell trugsel mot nasjonaltryggleiken. Igjen, desse studentane er for naive til å forstå rotårsaka til desse problema, eller dei verkeleg farlege aktørane som heller bensin på bålet.
Sjølv Demokrat-ordføraren i New York by, Eric Adams, meiner at desse arrangementa er iscenesette. «Eg veit at der finst dei som prøver å seie ‘vel, fleirtalet av folket har vore studentar’. Du treng ikkje å utgjere fleirtalet for å påverke og setje i gang ein operasjon. Det er det dette handlar om,» sa New York-ordføraren. «Vi kjem til å beskytte byen vår mot dei som prøver å gjere det som skjer globalt. Der finst ei rørsle som radikaliserer ungdommen og eg har ikkje tenkt å vente til dei er ferdige, for so å plutseleg erkjenne eksistensen deira.»
Adams sa deretter at målet med desse protestane er å skape «usemje og splitting», og for éin gongs skuld er eg [Martin Armstrong] faktisk einig med fyren.
Kor er presidenten midt oppi denne pågåande krisa? Han mumla nokre ord frå ein teleprompter, men han burde ta seg eit møte med desse universitetspresidentane og politiet. Desse profesjonelle agitatørane driv og manipulerer den sårbare ungdommen til å ta avgjerder som vil hindre dei i å få seg jobb, og som vil bli ein skamplett på rullebladet deira.
Black Lives Matter-opptøyane heta seg opp i mai 2020 i forkant av presidentvalet, og no ser vi det same spele seg ut atter ein gong, der venstresida får lov til å skape kaos og øydelegging mot folket i den sosiale rettferda sitt namn.
Biden sa at han kom til å akseptere å ta imot palestinske flyktningar i USA, eit trekk som ingen land i den arabiske verda har sagt seg einige til å gjere. Det verdsomspennande media dekkjer desse hendingane, men presidenten i USA har mislykkast i å fordømme dei pågåande valden, og so har du har hans tidlegare oppassar Obama, som offentleg sender brev som oppmodar Biden om å samtykkje til våpenkvile. «Studentane» ber no om «humanitær bistand», noko som viser kor hinsides lite peiling dei har, og kor fortapte dei er. Spenningane aukar, protestar har blitt om til opptøyar, og valden vil eskalere dersom noko ikkje blir gjort for å fremje lov og orden.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
