Ava Grace i Natural News skriv:
Den plutselege auken av tilfelle av «medisinsk mord» i USA er del av globalistane sin agenda om å tynne ut verdas befolkning.
Stefan Stanford på nettstaden All News Pipeline gjekk i detalj om dette i sin artikkel frå 18.april. Han siterte ein 11.april-artikkel på nettstaden American Greatness skriven av Scott Schara, ein iherdig motstandar av sjukehusdrap. Ifølgje artikkelen til Schara er «medisinsk mord» den leiande dødsårsaka i USA.
Schara nemnde at lenge før Wuhan-koronaviruset (covid-19) entra scena, erkjende Centers for Disease Control and Prevention allereie «medisinsk feilbehandling» som den tredje mest vanlege dødsårsaka i USA årleg – der hjartesjukdom låg på fyrste plass og kreft på andre.
Men under covid-19-pandemien vart USA nummer éin på «sjukehusdødsfall» med meir enn 1,2 millionar «sjukehusmord» på berre 39 månader. Til samanlikning registrerte India – som har fire gonger so stor befolkning som UA – berre 530 000 dødsfall i den perioden. For Schara ligg der eit nifst føremål bak dette.
Ifølgje artikkelen hans går heile 135 millionar amerikanarar anten på trygd, Medicare eller Medicaid [helseforsikringssystem for eldre og uføre; oms.an.]. Desse utgiftene utgjer over halvparten av det amerikanske budsjettet og, når ein deler på det talet, vil det tilsvare årlege kostnader i snitt på over 35 000 dollar per person [383 124 kroner i dagens valuta].
«Tenk på den. Folk er for dyre; planeten har ikkje nok ressursar,» heldt Schara fram. «Dersom Satan lykkast i å selje desse løgnene, passar det vi ser utspele seg som hand i hanske.»
Stanford var einig med forkjemparen [Schara], og skreiv: «Vi har rapportert… at den amerikanske [regjeringa] og globalistane meiner at planeten er massivt overbefolka. Dei trur at dei må ‘gjere noko med det’, og ein kan argumentere at det er nøyaktig det ein ser spele seg ut framfor auga våre.» […]
Biovåpen forkledd som ein VAKSINE spelte ei stor rolle i dette massemordet
Schara nemnde òg at «det heile snører seg til» når ein ser på liberaliseringa av reglane for Medicare og Medicaid – noko som legg 38 millionar fleire amerikanarar til dette byråkratiet.
«For å følgje mønsteret sett av Rockefellarane – regjeringa som stod bak covid-19… ville at borgarane deira skulle få ‘gratis’ medisinsk omsorg for å gje inntrykk av å få hjelp. Realiteten byrjar å treffe oss no,» skreiv Schara.
«Mesteparten av desse personane fekk biovåpenet som var forkledd som vaksine. Der er for tida ein auke på 24% for død av alle årsaker blant dei vaksinerte, [og] kreftratane går i vêret. Kva trur du den ‘gratis’ medisinske dekninga vil gjere med desse folka i neste omgang?»
Bioetikar dr. Ezekiel Emanuel, hovudarkitekten bak Obamacare, skreiv tilbake i 1996 at når det gjeld helseomsorg, er tenester som blir tilbydd personar som permanent er hindra frå å bli deltakande borgarar, ikkje grunnleggjande og burde ikkje bli garanterte.
«Centers for Medicare and Medicaid Services avgjer ‘omsorgs’-standarden for heile landet. Legar og sjukepleiarar gøymer seg bak ‘omsorgsstandardar’ som påskot for å drepe oss medan dei får betalt for å gjere det. For å vere litt rettferdig, so har enkelte inga aning om at dei gjer grovarbeidet, der dei er blinda av medisinsk programmering,» skreiv Schara.
«Delstatsstatuttar skrivne lenge før covid-19 gjev juridisk immunitet for å følgje ‘omsorgsstandardar’. Eg ønskjer ikkje å pakke det inn. Omsorgsstandardar er laga for å få fortgang i døden, og det å få fortgang i døden er mord.»
I denne videoen forklarer Scott Schara korleis praksisen medisinsk mord er laga med vilje. Videoen er henta frå Celestial Report – Celeste Solum frå Brighteon.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig. Sjå òg «‘Useless eaters’ vil om få år vere uønskte i Den nye verdsordenen», publisert 16.mars 2022.
