Vitskapsfolk skaper ny koronavirus-vaksine mot virus som enno ikkje eksisterer

Niamh Harris på nettstaden The People’s Voice rapporterer:

Vitskapsfolk har skapt ei ny sprøyte for å hjelpe til å beskytte mot fleire koronavirus, til og med dei som enno ikkje har blitt oppdaga!

Ekspertar frå universiteta Oxford, Cambridge, og Caltech i California, har som mål å «proaktivt» byggje ein vaksine før den neste pandemien.

Rory Hills, ein forskar i farmakologi ved Universitetet i Cambridge sa: «Vårt fokus er å skape ein vaksine som vil beskytte oss mot den neste koronavirus-pandemien, og ha den klar før pandemien i det heile har byrja.»

Han la til: «Vi har skapt ein vaksine som gjev beskyttelse mot ei vid rekkje av ulike koronavirus… inkludert dei som vi enno ikkje veit om.»

Vitskapsfolka har publisert resultata sine i Nature Nanotechnology og håper å byrje kliniske forsøk med sin nye vaksine innan byrjinga på 2025.

The Mail Online rapporterer: Den eksperimentelle sprøyta, som so langt berre har blitt testa på mus, fungerer ved å lære immunforsvaret opp til å gjenkjenne delar av mange ulike koronavirus, ein virusfamilie som inkluderer covid, SARS og MERS.

Noverande vaksinar fungerer ved å lære immunforsvaret opp til å gå til målretta åtak mot ein spesifikk type virus, slik som meslingvaksinen. Men den nye sprøyta kan gå til målretta åtak på fleire.

Slik ei sprøyte vil late folk bli beskytta mot fleire typar koronavirus i éin enkelt dose, inkludert, iallfall i teorien, dei som no er ukjent for vitskapen.

Sprøyta fungerer ved å bruke ein ørliten ball av protein kalla «kvartett-nanobur».

Vitskapsfolk brukte deretter det dei kallar «protein-superlim» for å feste antigen, som er substansar som utløyser ein immunrespons i kroppen, noko som gjer den i stand til kjempe ned patogen.

Den resulterande vaksinen lèt immunforsvaret gjenkjenne delar av åtte koronavirus.

Dette inkluderer enkelte som på noverande tidspunkt berre finst hjå villflaggermus [i motsetnad til tamme flaggermus?? Oms.komm.], men som i teorien vil kunne smitte menneske i framtida.

Det å bruke fleire antigen på denne måten lèt immunforsvaret utføre målretta åtak på delar av koronavirus som er vanlege blant mange individuelle virus, inkludert enkelte som ikkje har blitt oppdaga enno.

Til dømes viser testar at sprøytene hjelpte mus med å bekjempe SARS-CoV-1, patogenet som forårsaka SARS-utbrotet i 2003.

Dette er trass det faktum at sprøyta ikkje inkluderer nokon prøver frå dette viruset spesifikt.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget