NewsTarget, systersida til Natural News, rapporterer:
BRICS-gruppa av land driv og førebur seg openlyst på ein potensiell kollaps av dollaren, og snakkar om å lansere ein alternativ valuta som kan tene som ein erstattar.
Dette er ifølgje erklæringar frå den russiske direktøren for Det internasjonale pengefondet, Alexej Mozhin. Han sa at undergangen til det noverande finanssystemet blir stadig meir openbert, og peikte på korleis BRICS kan rykkje inn i tilfelle dette skjer og tilby eit levedyktig alternativ.
Ifølgje Mozhin kan BRICS-medlemsland utvikle ein valuta basert på den til medlemmene, inkludert den indiske rupi, den kinesiske yuan, den brasilianske real, den sørafrikanske rand og den russisken rubelen.
Han sa til media: «Slikt eit føreslag blir for tida diskutert. I tilfelle kollaps av dollaren og det internasjonale pengesystemet, vil det bli naudsynt å gjere nemnde BRICS-eining om til ekte valuta, støtta av utvekslingsvarer.»
Der har vore utbreidd støtte blant BRICS-nasjonar og andre land om å bevege seg vekk frå dollaren i favør av nasjonale valutaer. Blokka ser visstnok òg på digitale valutaer som ein måte å tilføre fleire handelsmekanismar.
Ideen er å redusere deira sårbarheit til variasjonar i dollarvekslingsratar og redusere påverknaden av finansielle sanksjonar frå Vesten. Dette vart sett for fullt då det vestlege finanssystemet stengde Russland ute etter at Ukraina-konflikten braut ut i 2022. Enkelte observatørarar føler at det å utvikle ein fellesvaluta vil bli ein kamp i motbakke med tanke på dei geografiske, politiske og økonomiske skilnadene mellom BRICS-medlemsnasjonar.
Derimot sa leiarar slik som den brasilianske presidenten Luiz Inacio Lula da Silva, at land som ikkje bruker dollaren ikkje burde bli tvinga til å handle med kvarandre med valutaen. På eit toppmøte i fjor forklarte han at ein BRICS-valuta «aukar betalingsalternativa våre og reduserer sårbarheitene våre».
BRICS kan gjere slutt på dollardominansen sjølv utan ein delt handelsvaluta
Sjølv utan ein delt handelsvaluta kan blokka likevel sende ei «økonomisk storsleggje» mot dollardominansen, ifølgje Kvite hus-økonomen Joe Sullivan. Han sa at sjølv om BRICS-nasjonar har nekta at ein rivaliserande valuta står på døra, kan blokka av framveksande marknader i andre land som har blitt invitert til å slutte seg til BRICS, slik som Iran, Saudi-Arabia, Den sameinte arabiske emirat, Etiopia, Argentina og Egypt, utgjere ein stor trugsel mot dollaren når påverknadskrafta deira aukar.
Faktisk, når Saudi-Arabia, Etiopia og Egypt – tre land som omringar Suez-kanalen, ei vital ferdselsåre for varer til internasjonale marknader – no blir medlemmer, vil BRICS dermed få påverknadskraft over 12% av all global handel. I mellomtida, når Iran, Emirata og Saudi-Arabia sit blant dei største globale eksportørane av fossilt drivstoff, og Russland, Kina og Brasil er større eksportørar av edelmetall, kan blokka få mykje å seie på varemarknaden.
Han fastslo: «BRICS+-nasjonane treng ikkje å vente til ein delt handelsvaluta møter dei tekniske vilkåra som er typiske for ein global reservevaluta, før dei sender si nyleg forstørra økonomiske storsleggje mot dollaren.»
Den kinesiske yuan driv allereie og skubbar vekk andre valutaer i handel sidan handelspartnarane deira i aukande grad bruker den, og dette kan få dollaren til å misse grepet sitt.
«BRICS+-statane treng ikkje eingong å ha ein delt handelsvaluta for å tære vekk grunnlaget for Kong Dollars domene. Dersom BRICS+ kravde at de betaler kvar medlem i deira eigen nasjonalvaluta for å handle med nokon av dei, vil rolla til dollaren i verdsøkonomien til slutt gå ned,» la Sullivan til.
No når BRICS-medlemsstatar er meir opne for å gå vekk frå dollaren og handle i lokale valutaer, eller utvikle sin eigen, er det på tide å førebu seg på realiteten om at komplett de-dollarisering kan skje tidlegare enn ein tidlegare trudde.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
