Fransk biskop: Manglande tilgang på lindrande behandling får pasientar til å «velje» eutanasi

Grzegorz Adamczyk på nettstaden ReMix News skriv:

Eit urovekkjande tal eldre i Frankrike blir drivne til eutanasi ikkje fordi dei vil det sjølv, men på grunn av fråværet av tilgjengeleg lindrande behandling, hevdar ein fransk biskop.

I eit intervju med Vatikan-radioen sette biskop Vincent Jordy, visepresident for Den franske biskopskonferansen, søkjelys på den alvorlege mangelen på tilgang på lindrande behandling i Frankrike, og sa at kvar andre franske borgar ikkje får denne essensielle tenesta.

Han hevda at eutanasi ofte blir framstilt som den ultimate fridommen som personar må kjempe for å oppnå. Derimot overser denne forteljinga ofte den realiteten at mange personar og deira familiar blir sette under slikt intenst press på grunn av slik ein mangel på helse- og omsorgstenester, at dei føler at dei ikkje har noko anna val.

Franske biskopar har aktivt engasjert seg i den offentlege debatten om eit lovforslag i det franske lovverket rundt omsorg i livets siste dagar. Dei har peikt ut fire talspersonar for å representere Biskopskonferansen i mediediskusjonar om eutanasi.

I 2005 vedtok Frankrike ei lov som tillét passiv eutanasi, som typisk resulterte i at enkelte eldre pasientar etter eige ønske vart kopla frå til dømes respiratorar. Derimot har den franske presidenten Emmanuel Macron no introdusert planar om å legalisere «hjelp til å døy», eit trekk som vil tillate vaksne med terminal sjukdom å ta dødelege legemiddel.

Under ei høyring i parlamentskomiteen i slutten av april, minte biskop Jordy lovgjevarane på at Det franske nasjonale etikkrådet har tilrådd regjeringa å sikre universell tilgang til lindrande behandling før dei vurderer legalisering av eutanasi som ei primærløysing for problemstillingar knytt til livets siste dagar.

Biskop Jordy peikte òg på dei negative erfaringane til land der eutanasi har blitt innført, inkludert Belgia, som fyrst hadde strenge kriterium for eutanasi, men som lempa på desse standardane over tid for å inkludere mindreårige og til slutt barn. «I Belgia blir om lang ein tredjedel av eutanasi-prosedyrar utført i hemmelegheit, trass den eksisterande protokollen, og Den europeiske menneskerettsdomstolen har fordømt Belgia for mangelen på kontroll,» sa biskopen.

Visepresidenten for Den franske biskopskonferansen uttrykte òg bekymring for Canada, der auka fremjing av eutanasi har korrespondert med ein betydeleg nedgang i lindrande behandling, og gjort det som burde vere eit val om til det einaste tilgjengelege alternativet. «Dess meir eutanasi blir fremja, desto meir går lindrande behandling inn i bakgrunnen og blir ein del av fortida,» understreka han.

Biskop Jordy la vekt på behovet for å vere på vakt, med tanke på dei urovekkjande trendane som er observert i både Canada og Belgia.

I tillegg kritiserte biskopen tendensen til å ignorere økonomiske faktorar i diskusjonar om eutanasi, og la vekt på at desse blir openlyst erkjent i Canada. Han skulda dei som overser desse faktorane for å fornekte sanninga, noko som understrekar kor viktig det er å gjenkjenne dei vidare implikasjonane av slik ein politikk.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget