Steve Watson på nettstaden Modernity.news melder:
Donald Trump kom med meir kritikk mot Robert F. Kennedy Jr. torsdag [9.mai 2024], der han skildra den uavhengige [president]kandidaten som «ein Demokrat-infiltratør, ein radikal venstreliberal som har blitt installert for å hjelpe skurke-Joe Biden, den verste presidenten i amerikansk historie, bli gjenvald».
«Mange trur at Junior [Kennedy] er ein konservativ. Det er han ikkje. Han er meir liberal enn nokon som stiller på Demokrat-sida,» erklærte Trump.
«Ei stemme for Junior vil vere ei bortkasta proteststemme som kan svinge begge vegar, men som berre kan svinge mot Demokratane dersom Republikanarane visste den verkelege historia bak han,» heldt Trump fram.
Han slo vidare fast at «Junior er fullstendig imot skytevåpen og ein ekstrem miljøvernar som får Green New Deal-svindlarane til å sjå svært konservative ut i forhold til han sjølv. Ein fyrsteklasses skatteleggjar. Han ønskjer å skatteleggje dykk.»
Trump sa òg at trass tidlegare lovnader om å stengje grensa, er Kennedy i røynda «ein forkjempar for opne grenser. Han ønskjer at dei grensene skal stå vidopne for at fleire frå fengsel og mentalinstitusjonar skal kome inn i landet.»
«Og han er anti-militær og anti-veteran,» heldt Trump fram, og la til: «Han er ein ekstrem liberal. Han er radikal venstre, og radikalisert er òg familien hans. Dei vil aldri tillate at han blir Republikanar. Dei sa at dei ikkje vil late han bli ein Republikanar.»
Trump kalla òg RFK sin vaksineståstad «falsk», og sa: «Han sa det på eit TV-program, at vaksinane er bra, og at han støttar dei fullt og heilt.»
«For dei av dykk som ønskjer å stemme på han fordi de trur han er vaksinemotstandar, so er han eigentleg ikkje ein vaksinemotstandar. Han sa det ein kveld nyleg, han har ingenting imot vaksinen,» gjentok Trump.
«Republikanarar, få det ut av hovuda dykkar at de vil stemme på han fordi han er konservativ. Det er han ikkje,» erklærte Trump, og la til: «Eg vil til og med gå for Biden i staden for Junior, fordi landet vårt vil vare eit år eller to lenger enn det vil gjere med Junior.»
«Det vil kollapse nesten med éin gong,» påstod Trump, og la til at Kennedy-familien, «ein radikal-venstre, sprø-venstre, gjeng av galningar som, dersom dei tek over, vil få landet vårt til å døy særs raskt.»
Som vi [Modernity.news] sette søkjelys på tidlegare, har RFK erklært si støtte til abort heilt fram til fødselen, til hans motkandidat si store overrasking, og dyttar med dette vekk alle gjenverande konservative som vurderte å stemme på han.
Omsett av redaksjonen i Saksyndig.
