Urovekkjande utvikling: Generasjon Z kan ikkje handtere elementære delar av vaksenlivet

Susan Duclos på nettstaden All News Pipeline skriv:

I desember 2019 publiserte ANP [All News Pipeline] ein artikkel om korleis «høgare utdanning», altso amerikanske colleges hadde mislykkast, ikkje berre fordi studentane trong trygge rom, utløysar-åtvaringar, fargelagde bøker og kosedyr når ein konservativ eller abortmotstandar besøkte campus, men fordi universiteta so grovt hadde feila i si plikt til å førebu studentane på livet etter college, at dei trong «elementær vaksenliv-kurs» etter at dei hadde blitt uteksaminert.

Mellom snøflak-oppdraging [overbeskyttande foreldre som syr puter under armane på ungane; oms.an.] og liberale aktivist-college-professorar, aner ikkje uteksaminerte korleis dei handterer finansar, jobbintervju, handling, eting, matlaging, klesvask eller å bruke grunnleggjande verktøy.

Mykje av det kom nok av snøflak-oppdraging, utløyst av universitetsprofessorar som sveik studentane.

Om ein hoppar fram vel fire år so er ting, tru det eller ei, verre. Generasjon Z, som er i alderen 12 til 27 år, kan ikkje takle elementært vaksenliv i det heile.

Dette er henta frå The Telegraph, ein publikasjon i Storbritannia, men skildrar barn som aldri blir vaksne i USA perfekt, noko som indikerer at problema som ein ser her er globale på enkelte måtar, sjølv om mange land ikkje ville ha tolerert det som England og USA har gjort:

«Har de ei tenåringsdotter som frys til i skrekk dersom mobilen hennar ringjer? Bur sonen dykkar framleis heime hjå dykk i ein alder av 32? Har dykkar studentavkom so mange ulesne e-postar som fyller opp innboksen (nesten 40 000) at dei har bestemt seg for å berre gje den opp som eit soppinfisert reir, fordi det kjennest mindre overveldande ut å starte heilt på nytt med ein ny e-postkonto?»

Ein liten digresjon [frå Duclos]: Generasjon Z skriv tekstmeldingar som om dei vart fødde til å gjere det, og det ved bruk av mobil, men dei frys til når den same mobilen faktisk ringjer. Kvifor nye mobilar som kjem på marknaden framleis blir kalla mobiltelefonar, er for meg ei gåte.

I ein alder av 12 er det vanleg å ikkje vere klar for vaksenlivet, dei er langt ifrå det.

Men 21 til 27? Dæven, enkelte av oss hadde allereie forsørgjaransvar for eit barn på den tida, der det å frykte vaksenlivet eller nekte å bli vaksen rett og slett ikkje går an når du er travelt oppteken med å oppdra eit barn, og skaffe mat på bordet og tak over hovudet til det.

Naturlegvis legg The Telegrap, som er del av det britiske hovudstraumsmedia, skulda på andre ting enn lærarar og dårleg oppdraging; dei legg heller skulda på «skyhøge renter, uoppnåelege depositum, ei levekostnadskrise og aukande stressnivå, ein kombinasjon av dårleg mentalhelse og avgrensa rikdom i familien».

Vi skal visstnok berre ignorere det faktum at tidene har vore langt vanskelegare, slik som under Den store depresjonen frå 1929 til 1939. Eller verdskrigar, som forårsaka tilstandar langt verre enn dei vi ser i dag i dei fleste land.

Meir frå The Telegraph:

«I staden rettar dei fokus innover, og i slik ei grad at ein fjerdedel av personar i alderen 18 til 24 aldri har svart når mobilen ringjer. Kvifor ikkje? Fordi det tydelegvis «er for mykje press». Studien, av samanlikningssida U-Switch, avslørte òg at halvparten av dei jamleg ignorerte oppringingar frå sine eigne foreldre. Og vi [foreldra] er ofte dei som betaler for den hersens greia [mobilen].»

Dette tydar at det ikkje berre påverkar Generasjon Z, fordi dei frå 34 år og oppover er kjent som Millennials [«tusenårsbarn»], som var dei vi diskuterte i ANP sin artikkel frå desember 2019, som tok «grunnleggjande vaksenliv»-kurs.

Ein kan seie kva ein vil om Millennials (og tru meg, vi har sagt litt av kvart!), men dei visste i det minste at dei trong vaksenkurs – medan når det gjeld Generasjon Z, «dersom nokon vågar å eingong nemne ordet ‘vaksen’, vil deira digitale stamme samle seg rundt dei og forsikre dei om at noko slikt ikkje finst», seier Telegraph-artikkelen avslutningsvis.

«Barna er framtida vår» kan ein ikkje akkurat seie her, fordi desse Evigheitsbarna vil alltid vere barn fordi dei ikkje eingong kan førestille seg å måtte oppføre seg som vaksne, og er for emosjonelt avstumpa til å kontrollere noko anna enn sine iPhones.

Når ting går til helvete

Når helvete bryt ut, om det so er eit EMP-åtak, ein økonomisk kollaps, ein verdskrig, eller ei kva som helst slags anna hending som krev at amerikanarar går i overlevingsmodus, vil Generasjon Z, og til ei viss grad Millennials, ikkje bli noko anna enn ein klamp om foten på dei rundt seg.

Dei vil i fyrste omgang frike ut frå det sekundet dei misser evna til å bruke smarttelefonane sine, og når dei vil måtte koke vatn utan mikrobølgjeomn eller kokeplate, slik at dei kan ete den frysetørka maten som nokon andre kjøpte for å førebu seg på at ting skulle gå til helvete – dei vil mest sannsynleg tilte fullstendig.

Når dei ikkje eingong er i stand til å bruke ei vaskemaskin eller tørketrommel fordi dei generelt berre dumpar sekken med skitne kle hjå foreldra og hentar dei nyvaska, tørka og samanbretta, kva vil då skje når nokon viser dei korleis ein bruker eit vaskebrett?

Tenk på dette. 68% av småbedriftseigarar seier at Generasjon Z har «null evne til kritisk tenking», og kallar dei «giftige». 71% seier at dei mest sannsynleg kjem til å få mentalhelseproblem på arbeidsplassen.

Berre førestill dykk å sende desse Generasjon Z-medlemmene for å leite etter mat eller forsyningar. Berre sjå føre dykk når desse storforlangande Evigheitsbarna som strenar bort til nokon og krev litt av forsyningane deira, fordi påstått «høgare utdanning» har lært dei å vere småsosialistar som genuint trur at dersom du har noko, og dei ikkje har det, har dei rett til ein del av det som du eig.

Førestill dykk kva som vil skje når Generasjon Z går tom for sine antidepressiva, som har auka med 64% sidan 2020 for tenåringar og unge vaksne.

No snakkar vi ikkje berre om folk som er ute av stand til å bli vaksne, eller overleve når ting går til helvete, men heller sjølvmordslystne og drapslystne unge vaksne som vandrar rundt.

Det ville ikkje akkurat ha vore ein genial idé å gje dei skytevåpen og be dei vakte området. Jepp, det hadde vore ein temmeleg elendig idé.

Medan dette kan høyrast brutalt ut, må ein lure på nøyaktig kva nytten til desse unge vaksne, 20 til 27 år gamle, faktisk kan vere i eit katastrofe- eller dommedagsscenario.

Det er eit spørsmål som treng svar før alt går til helvete.

For å konkludere

Kanskje den tristaste delen av nemnde informasjon er at Millennials og Generasjon Z er i den alderen at dersom alt skulle gå den vegen høna sparkar, burde dei vere sjølve fundamentet for overleving, dei sterkaste blant oss – likevel vil det altso vere dei eldre generasjonane, Boomer-ane og Generasjon X som vil bli tvinga til å bere lasta.

Generasjon Z, åleine, vekke frå foreldre eller familiemedlemmer, vil vere dei fyrste som døyr i eit Alt går til helvete-scenario. Resten vil vere for gamle til å få barn, som tydar at skaden vi gjer på våre unge ved å ikkje eingong lære dei grunnleggjande overlevingsevne, tydar at berre éi katastrofal hending, ei der vi må overleve med det vi har i augneblinken, kan desimere mesteparten av befolkninga innan ti år etter nemnde katastrofe.

Medan college-professorar behandlar aktivisme med meir respekt enn anstendige karakterar, ligg mesteparten av dette hjå foreldra, fordi high school-lærarar blir mishandla, slegne, skrike til, banna til, til det punktet der mange rett og slett forlét situasjonen. Midt i undervisninga.

Dette er noko for foreldra å ta tak i.

Omsett av redaksjonen i Saksyndig.

Kommenter innlegget